Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg meiner at dette har vore ein god og viktig debatt. Eg er eigentleg vorten litt deprimert av debatten, for dei signala klimaministeren kjem med når det gjeld Norske Skog og anlegget til Viken på Hønefoss, er ganske nedslåande. Eg vert bekymra når klimaministeren har med seg eit sitat for å bekrefta at statsministeren ikkje har lova noko. Det lover dårleg når det sitatet er med. Det finst regelverk, men det er to måtar å sjå på regelverk på. Den eine er: Kan dette regelverket vera eit grunnlag for å seia ja. Det er den tilnærminga som Senterpartiet meiner at me skal ha. Men eg opplever for ofte at ein bruker regelverket til å seia: I dette regelverket er det heimel for å seia nei. Det må jo vera slik i næringspolitikken at ein må gjera det ein kan for å seia ja til at folk skal få lov til å utvikla industri. For å ta eit tankeeksperiment: Dersom det var slik at det ein vil byggja på tomta i Hønefoss, var eit datasenter, hadde svaret då vorte nei? Det kunne vore at det hadde vorte etablert der. Men eg trur at ein industri i Noreg som ikkje er mangfaldig, og som ikkje byggjer på dei naturressursane me har, er ein veldig dårleg industri. Me treng mangfaldet. Me kan ikkje leva av datasenter og batterifabrikkar aleine. Me skal ha det òg, men me treng mangfaldet. I Senterpartiet har me vore særleg opptekne av den grøne industrien, som har fått tilbakeslag på tilbakeslag, der eg meiner at Arbeidarpartiet ikkje har sett alvoret. Det er to næringsministrar som ikkje er her i dag – og det er heilt greitt, for dei er heller ikkje inviterte – men landbruksministeren starta sitt første budsjett med å kutta ut støtta som er heilt nødvendig for å oppretthalda næringsmiddelindustrien i Nord-Noreg. Beredskapstilskotet til næringsmiddelindustrien i Nord-Noreg vart det sett ein stor strek over. Det retta Stortinget opp, men òg det viser ei feil tilnærming. Eg er òg bekymra for fiskeriministeren sin prosess med å endra den forskrifta som gjer at laksen vert ført i land i Noreg, at han vert teken på land i Norge, slakta her og ikkje kan eksporterast direkte. Eg fattar ikkje kvifor ein har begynt å sjå på denne forskrifta, men eg har ein mistanke, og det er det som litt for ofte er det viktigaste for regjeringa, nemleg anerkjenning i EU, anerkjenning av ESA, og å ha minst mogleg etterslep. Det gjer at ein ikkje går godt nok inn i sakene og seier: Tener dette norske interesser? Eg ser fram til komande industripolitiske diskusjonar, for dette handlar om kva me skal leva av i framtida.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat