Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er vel den einaste her i debatten som faktisk var med på å gjera desse omstridde lovendringane i 2017, og eg innrømmer det: Da var vi i tvil. Vi la inn eit forslag om ei evaluering, men den gongen hadde det vore ein stor debatt i media, i samfunnsdebatten, om at det var dokumentert stor tvangsbruk i helsevesenet som ikkje var registrert, og alle var opptatt av at her måtte vi gjera noko. Målet var at ein måtte få ned tvangsbruken og sikra riktig bruk av tvang. Men vi vart åtvara, og eg ser no at dei åtvaringane vi fekk, stemde. Eg tar dette på stort alvor. Dette er ikkje en sånn hopp-og-sprett-politikk eller at no skal vi måtta finna på noko nytt. Dette er ei alvorleg sak, og dette er ei vanskeleg sak, og alle er opptatt av å finna balansen. Eg meiner at vi gjorde ein feil i 2017, og eg meiner dei endringane vi gjorde før jul i fjor, eller i fjor vår, var i rett retning, men eg meiner vi må gjera meir. Så til dei som viser til CRPD i norsk rett: Eg leste det ekspertgruppa som hadde utgreia korleis vi skal innlemma dette, har skrive, og dei sa ingenting om at vi ikkje kunne gå tilbake til 2017 for å imøtekoma konvensjonsforpliktingane. Det var dei veldig opptatt av. Eg vil òg minna om at Senterpartiet var med på å skapa fleirtal for den saka, og ved ratifisering klargjorde Noreg, ved ei tolkingserklæring, at konvensjonen tillèt tvungen omsorg og behandling av menneske, deriblant ved behandling av psykiske lidingar, når det er nødvendig og siste utveg. Det meiner eg begge desse reglane ivaretar. Så til ekspertutvalet for samtykkekompetanse, som tilrår vidareføring: Det gjorde dei, men mandatet var ikkje veldig tydeleg på at dei skulle vurdera ei reversering. Dei skulle ha ein gjennomgang og sjå på praktiseringa. I tilrådinga har dei fleire føresetnader, bl.a. brukarmedverknad, pårørandeinvolvering, kompetansevurdering, god kvalitet, helsehjelp til personar med forhøgd valdsrisiko, samhandling med frivillige behandlingsalternativ og ikkje minst behov for å styrkja døgntilbodet retta mot pasientar med psykiske lidingar. Når eg no høyrer at statsråden halverer målsettingane for aukinga av døgnplassar frå 400 til 200, og at året er 2030, vert eg bekymra. Det vert eg, for dette er alvor, og dette betyr veldig mykje for veldig mange sjuke pasientar som treng hjelpa vår. Så til votering: Vi støttar ikkje det andre forslaget frå FrP om private. Vi meiner at det er ivaretatt. Det finst fleire ideelle private DPS som fungerer veldig, veldig godt i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
