Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Kjersti Toppe (Sp) [15:03:59] (leiar i komiteen): I folkehelsemeldinga Meld. St. 15 for 2022–2023, Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, var regjeringa som Senterpartiet var ein del av, tydeleg på at regjeringa «vil innføra eit nasjonalt program for røykeslutt». Dette har det vore eit pilotprosjekt om i Vestre Viken HF, med å gi gratis hjelp til røykjeslutt. Der fekk personar som røykja dagleg, tilbod om tolv vekers behandling, med valfritt, godkjent legemiddel for røykjeslutt og gratis individuell rettleiing eller deltaking på røykjesluttkurs på kommunen sin frisklivssentral. Difor er jo Senterpartiet veldig for dette forslaget. Vi ønskjer ikkje at det skal finansierast gjennom avgifter, for vi er einige med dei som seier at avgifter er gjennom statsbudsjettet – og slik må det vera. Men røyking tar liv i Noreg, og for ein del kronikarar er den einaste medisinen å få dei til å slutta med å røykja. Difor er det så enormt viktig. Eg har vore litt irritert for at medisinar til røykjeslutt er det einaste som står igjen i den såkalla moralparagrafen, som før òg handla om behandling for alkohol, og at det ikkje er mogleg å kunne få dette på blå resept, heller ikkje etter ei individuell vurdering. Legeforeininga tar i høyringsinnspelet sitt opp at dei støttar røykjesluttprogrammet nasjonalt, men at dei viser til at legemiddel for røykjeslutt bør definerast gjennom blåreseptordninga, som eit første steg mot eit breiare tilbod. For Senterpartiet er det vanskeleg å stemma imot eit forslag som vi sjølve har fremja i regjering. Vi står ikkje inne i forslag nr. 3 i innstillinga, men vi har gruppebehandla det og var innstilte på å støtta eit slikt forslag. Vi kan jo seia frå talarstolen at vi ser på innspelet frå Legeforeininga at dette òg kan gjerast skrittvis, eller ein kan gjera ein gradvis utbreiing, til det vert eit nasjonalt tilbod. Ut frå det vil vi støtta forslag nr. 3 i innstillinga. Formuleringa er «så raskt som mulig», og det er jo ikkje noko årstal. Det tenkjer eg viser den utolmodigheita. Dette var faktisk eit veldig viktig signal i folkehelsemeldinga, som eg meiner at vi må ta ansvar for å kunna prøva å følgja opp på best mogleg måte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat