Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Takk til interpellanten, som tar opp ein veldig viktig debatt. Surrogati er jo ulovleg i Noreg, men i praksis er det ikkje vanskeleg for norske par å nytta seg av surrogatmor i utlandet. Det som kjem fram, er at det er firma som annonserer og vender seg til par som kan nytta seg av surrogati. Det er ikkje fyrste gongen det kjem opp slike historier. Det har eg sett i mange år. Dette er ein marknad, og Noreg er ein kjøpesterk marknad. Det er mange par som står i situasjonar der eg òg forstår at ein vurderer ulike tilbod for å kunna få eit veldig etterlengta barn. Senterpartiet og eg har stått i desse debattane i mange år. Det er omsynet til surrogatmora og risikoen for å kunna utnytta ei fattig, sårbar kvinne som er vår viktigaste argumentasjon mot at vi ønskjer at dette skal tillatast. Eg hugsar at da Ukraina-krigen braut ut, såg me tv-bilete av babyane som låg på rad og rekkje – surrogatbarn der foreldra ikkje kom og henta grunna krigssituasjonen. Eg har lese at Ukraina har ein fjerdedel av den globale surrogatmarknaden. Eg hugsar tilbake igjen til India. No har jo dei stengt for surrogati til utlandet, men det var ikkje uvanleg at det kom barn frå India. Det var òg kjend at det var indiske kvinner som bar fram barnet, mens egget kom frå andre land, fordi det skulle vera lysare i huda. Dette er ein marknad som er sett i system, og det er altfor mange eksempel på at det går gale. Det har vore eksempel i norske medium på indiske kvinner som døydde under fødsel, eller fødde eit barn med Downs syndrom som ikkje vart henta. Ein kan seia at det er andre land som har betre rettar og ivaretar kvinna betre, og det er heilt sant, men likevel er det eit veldig etisk krevjande felt, òg om ein faktisk meiner at det er rett å påleggja ei anna kvinne den risikoen det er å bera fram eit barn. Det er alltid ein risiko, for dette er òg vorte ein marknad. Det er eit dilemma, ikkje sant. Vi har lover i Noreg, men det er veldig få lover som har verknad utanfor landets grenser. Da er vi i ein situasjon at sjølv om det er ulovleg, er det ikkje så uvanleg at det vert nytta. Alle barn er velkomne, så eg vil presisera at vi jo må leggja til rette for dei barna som vert fødde, og det har vi òg gjort. Likevel må vi kunna ta denne diskusjonen. Da vi behandla bioteknologilova i 2020, vart det fatta eit vedtak om surrogati som både Arbeiderpartiet, FrP og SV var med på, iallfall: «Stortinget ber regjeringen sikre at Norge arbeider aktivt i internasjonale sammenhenger for å bekjempe utnyttelse av kvinner i den internasjonale surrogatiindustrien.» Det kunne eg tenkja meg å spørja statsråden om han kan kommentera. No var jo dette vedtaket fatta før han kom inn som helseminister, men likevel, det er like viktig i dag. Det er heller ikkje eit vedtak ein har gjort éin gong og så er ein ferdig med det. Eg håpar at det vedtaket vert hugsa på i departementet, og at ein faktisk arbeider aktivt for å kjempa mot utnyttinga av kvinner i den internasjonale surrogatiindustrien.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat