Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ove Trellevik (H) [15:57:35] (ordførar for saka): Rapporten frå Riksrevisjonen har avdekt alvorlege svakheiter i norsk hamneberedskap, spesielt knytte til manglande oversikt over kva hamner som er samfunnskritiske, og dessutan mangelfulle planar for alternative forsyningslinjer under krise og krig. 90 pst. av alle varer som går inn og ut av landet, har vore gjennom ei hamn. Noreg har over 600 hamneanlegg som handterer skip i internasjonal trafikk. Anlegga er også viktige for fiskerinæringa og innanrikstrafikk. Nokre av hamneanlegga er så store og sentrale at dei er viktige for heile samfunnet. Den auka tryggingspolitiske spenninga gjer at hamnene også blir meir sårbare for uønskte handlingar. Ein trussel mot samfunnsviktige hamneanlegg som ikkje er tilstrekkeleg sikra, kan trua samfunnstryggleiken. Me er inne i det femte året med krig i Europa. Arbeidet med totalberedskapen burde ha vore sett høgare på prioriteringslista hos regjeringa. Regjeringa må ta ansvar for å identifisera og klassifisera kva hamneanlegg som er avgjerande for forsyning av varer og militær støtte. Det er urovekkjande at regjeringa parerer kritikken med at det er aktørane i verdikjedene som sjølve må finna erstatningskaiar. Det er no eingong slik at nokre kaiar er samfunnskritiske, anten regjeringa ser det eller ikkje. Ryk kornkaia vår, har me få alternativ. Dette må regjeringa ta inn over seg. Det er regjeringa sitt ansvar at matforsyninga til landet går greitt. Regjeringa må implementera tiltak som varetek både tryggleik mot sabotasje og vidareføring av funksjonar i krig. Regjeringa må samordna beredskapsplanar mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Kystverket, Forsvaret og private hamneoperatørar for å sikra heilskapleg handtering. Det må òg utarbeidast konkrete planar for korleis varer og militært utstyr skal fraktast dersom hovudhamnene blir sette ut av spel, og så må det øvast på ulike scenario. Vidare må regjeringa sikra at forskrifta om hamneberedskap og støtte til Forsvaret blir følgt opp i praksis i alle relevante hamner. Samtidig er det ikkje berre i hamnene det er utfordringar med korleis regjeringa følgjer opp beredskapen. Stortinget har vedteke totalberedskapsmeldinga, og regjeringa må no sikra rask implementering av dei føreslegne tiltaka for å auka motstandskrafta i samfunnet. Det er avdekt at mange kommunar manglar midlar og kapasitet til å prioritera beredskapsarbeid. Det må stillast tydelegare krav til lokal beredskapsplanlegging. I den første langtidsplanen for sivil beredskap må område som elektronisk kommunikasjon, transport og forsyningstryggleik bli vektlagde tungt. Då Russland gjekk inn på Krym i 2014, tilspissa tryggingssituasjonen seg i Europa. NATO stilte høgare krav til sivil beredskap, og i 2016 bestemde Stortinget at totalforsvaret skulle styrkjast. Det er ni år sidan. Svakheitene kontrollkomiteen peikar på i sakene me dag har til behandling, er kjende. Det som er oppsiktsvekkjande, er at dei ikkje er handterte betre av regjeringa. Det er likevel viktig for meg å presisera at Noreg er på veg mot å styrkja totalforsvaret. Både totalberedskapsmeldinga og langtidsplanen for forsvarssektoren inneheld viktige tiltak. Planane må følgjast, og dei må følgjast opp. Det er òg viktig å erkjenna at planar ikkje løyser alle problem åleine. Det må øvast, og det må samhandlast på tvers av sektorar. Me har ikkje tid til den treigheita me ser. Justisdepartementet og politiet burde ha vore pådrivarar for den sivile beredskapen, men politiet seier at dei ikkje eingong har nok ressursar til å delta fullt ut, verken i planarbeid eller i øvingar. Det er slik at førebuingar må gjerast i fredstid. Beredskapsplanar må leggjast, og øvingar må gjennomførast. I tillegg er det viktig å evaluera og læra. Likevel viser undersøkinga til riksrevisjonen at planar og øvingar i for liten grad førebur dei sivile aktørane i kommunane og regionane på å støtta militære behov. I tillegg må Forsvaret betre og tydelegare kommunisera prioriteringane sine. Alle sivile aktørar Riksrevisjonen har snakka med, seier at det er uklart kva Forsvaret vil trenga frå dei i ei krise eller krig, skriv Riksrevisjonen. Kommunane i undersøkinga seier til dømes at dei har svært lite informasjon og ikkje veit kva dei må førebu seg på for å kunna støtta Forsvaret. Sivile aktørar i kommunar og fylke må vita korleis til dømes helsepersonell skal prioriterast, og korleis dei då skal driva eldreomsorga og arbeidet sitt i sin kommune. Når dei ikkje får god samhandling med Forsvaret og gode tilbakemeldingar om dette, er det òg vanskeleg å laga lokale beredskapsplanar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
