27. nov 2025· innlegg
Møte torsdag den 27. november 2025 kl. 10
Ove
Trellevik
1. Innstilling
fra valgkomiteen om valg av medlemmer og stedfortredere til Riksrettsutvalget
(Innst. 31 S (2025–2026))
2. Debatt om utenriksministerens redegjørelse om viktige EU-
og EØS-saker i 2025
(Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 25. november 2025)
3. Referat
Presidenten [10:00:11]: Vyrde medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant Morten Steenstrup
gjekk bort 22. mai, 72 år gamal. På Stortinget representerte han Vestfold
Høgre frå 1981 til 1989. Han sat dei første to åra som medlem av
justiskomiteen, men det meste av tida på Stortinget var han medlem
av finanskomiteen.
Han gjorde seg tidleg gjeldande som ein kunnskapsrik
og debattsterk representant. Pågangsmot, engasjement og ein imponerande
arbeidskapasitet er ord som går igjen i beskrivinga av Morten Steenstrup.
I Willoch-regjeringa var han frå 1985 til 1986
statssekretær for finansminister Rolf Presthus, deretter ved Statsministerens
kontor.
Steenstrup evna som få å kombinera politikk
og jus. Han vart Candidatus juris frå Universitetet i Oslo i 1980
samtidig med tilnærma heiltidsengasjement i bystyre og formannskap i
Tønsberg.
Gjennom studietida, berre avbrote av militærteneste
som vernepliktig journalist i Mannskapsavisa, var han òg leiar av Vestfold
Unge Høgre og redaktør av Unge Høgres avis Extra.
Advokatløyve fekk han i 1987, med møterett
for Høgsterett frå 1993. Etter tida på Stortinget etablerte han
sitt eige advokatfirma. Då ein tidlegare kollega seinare kom inn
som partnar, tok firmaet namnet Steenstrup Stordrange. I dag er det
kjent som Sands og anerkjent som eit av dei fremste i landet.
Ein framgangsrik karriere som advokat og ei
rekkje styreverv i næringslivet innebar ikkje slutt på det politiske
engasjementet. I 2015 vart Steenstrup vald inn som bystyremedlem
i Oslo. Han vart raskt ei tydeleg røyst òg i rådhuset – alltid vel
forberedt og med evne til å løfta den politiske debatten. Prinsippfastleik
vart kombinert med varme, vilje til å løfta andre og eit urokkeleg
engasjement for hovudstaden.
Han hadde gjennom åra ei rekkje framståande
tillitsverv i Høgre og var seinast leiar for Oslo Høgre og medlem
av Høgres Sentralstyre frå 2022 til 2024.
Dei siste åra vart også prega av kampen mot
hjernekreft. Han var open om diagnosen, som ga han kort forventa
levetid, men nekta å forhalde seg til prognosen som ein endeleg
beskjed. Han tok han heller som ein spore til engasjement for å finna
nye behandlingsmetodar og løysningar, ikkje minst til beste for
andre som måtte verta ramma av sjukdomen.
Vi lyser fred over Morten Steenstrups minne.
Representantane høyrde ståande på presidentens
minnetale.
Presidenten [10:04:42]: Frå Arbeidarpartiets
stortingsgruppe ligg det føre søknad om studiepermisjon for representanten
Trond Giske i tida frå og med 2. til og med 5. desember.
Etter forslag frå presidenten vart
samrøystes vedteke:
Søknaden vert handsama straks og innvilga.
Vararepresentanten Kjell-Arve Aspaas vert innkalla for å møta
i permisjonstida.
Presidenten [10:05:06]: Presidenten
vil føreslå at det vert valt to setjepresidentar for Stortingets
møte i dag – og ser det som vedteke.
Presidenten føreslår Frode Jacobsen og Anne
Kristine Linnestad. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Frode Jacobsen og
Anne Kristine Linnestad er valde som setjepresidentar for dagens
møte.
Representanten Trond Helleland vil setja fram
eit representantforslag.
Trond Helleland (H) [10:05:48]: Jeg har gleden av å fremme
et forslag på vegne av Anne Kristine Linnestad, Ove Trellevik og
meg selv om oppstart av reguleringsplanarbeid for Hardangerviddatunnelene.
Presidenten [10:06:06]: Representanten
Pål Morten Borgli vil setja fram eit representantforslag.
Pål Morten Borgli (FrP) [10:06:21]: Jeg har gleden av å sette
fram et forslag på vegne av representantene Tor André Johnsen, Stig
Even Lillestøl, Bengt Rune Strifeldt, Erlend Wiborg, Kristoffer
Sivertsen, May Helen Hetland Ervik og meg selv om å ikke bruke metanhemmere
i norsk landbruk.
Presidenten [10:06:44]: Representanten
Marius Langballe Dalin vil setja fram eit representantforslag.
Marius Langballe Dalin (MDG) [10:07:02]: Eg har gleda av
å setje fram eit representantforslag frå stortingsrepresentantane
Erling Sande, Geir Pollestad, Bengt Fasteraune, Helge André Njåstad,
Erlend Wiborg, Kristian August Eilertsen, Erlend Svardal Bøe, Bård
Ludvig Thorheim, Grunde Almeland og meg sjølv om alkoholsal i fjernbetente butikkar.
Presidenten [10:07:30]: Representanten
Erlend Larsen vil setja fram eit representantforslag.
Erlend Larsen (H) [10:07:46]: Jeg har gleden av å fremme
et representantforslag på vegne av Bård Ludvig Thorheim og meg selv
om å gjennomgå importvernet for å senke matprisene og sørge for
økt åpenhet i verdikjeden for mat.
Presidenten [10:08:03]: Representanten
Lars Haltbrekken vil setja fram eit representantforslag.
Lars Haltbrekken (SV) [10:08:20]: På vegne av stortingsrepresentantene
Kirsti Bergstø, Mirell Høyer-Berntsen, Anne-Lise Fredlund, Ingrid
Fiskaa, Marthe Hammer og meg selv vil jeg fremme et representantforslag
om konsesjonsordning for etablering av datasentre.
Presidenten [10:08:37]: Forslaga vil
verta handsama etter reglementet.
26. feb 2026· innlegg
Møte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10
Ove
Trellevik
1. Redegjørelse
av kunnskapsministeren om status for regjeringens barnehagepolitikk
og arbeidet med styring og finansiering av barnehagesektoren
2. Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om dyrevelferd
(fremstilling og fremvisning m.m. av seksuelle overgrep mot dyr)
(Innst. 133 L (2025–2026), jf. Prop. 30 L (2025–2026))
3. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Stig Even Lillestøl,
Bengt Rune Strifeldt, Erlend Wiborg, Kristoffer Sivertsen, May Helen
Hetland Ervik og Pål Morten Borgli om å ikke bruke metanhemmere
i norsk landbruk
(Innst. 132 S (2025–2026), jf. Dokument 8:57 S (2025–2026))
4. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Erlend Larsen og Bård Ludvig Thorheim om
å gjennomgå importvernet for å senke matprisene og sørge for økt
åpenhet i verdikjeden for mat
(Innst. 130 S (2025–2026), jf. Dokument 8:58 S (2025–2026))
5. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Kjersti Toppe og Bengt
Fasteraune om å endre forskrift om makspriser for drosjebilkjøring,
slik at øvre grense for påslag for rullestol gjelder i alle kommuner
(Innst. 131 S (2025–2026), jf. Dokument 8:46 S (2025–2026))
6. Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland
om å utrede norsk EU-medlemskap
(Innst. 115 S (2025–2026), jf. Dokument 8:54 S (2025–2026))
7. Interpellasjon fra representanten Kamzy Gunaratnam til utenriksministeren:
«For litt over ett år siden ble det avholdt valg på Sri
Lanka. Valget ble møtt med forsiktig optimisme internasjonalt, særlig
knyttet til den nye regjeringens antikorrupsjonslinje og signaler
om politisk kursendring etter år med borgerkrig, økonomisk kollaps
og svekket tillit. Samtidig er det grunn til å spørre om varslede
endringer omsettes i handling. Det rapporteres fortsatt om riving av
hinduistiske templer, etablering av buddhistiske strukturer i tamilske
områder, nye funn av massegraver og vedvarende militær kontroll
i nord og øst.
Hvilke løfter ble gitt av den singalesiske regjeringen overfor egen
befolkning og det internasjonale samfunnet, og i hvilken grad følges
disse opp, hvordan vurderer Arbeiderparti-regjeringen dagens menneskerettssituasjon
på Sri Lanka, og hvilke konkrete virkemidler vil Norge bruke for
ansvarliggjøring, demilitarisering og beskyttelse av etniske og
religiøse minoriteter?»
8. Innstilling fra finanskomiteen om Endringer i sentralbankloven
(adgang for staten til å innhente kreditt for likviditetsformål
mv.)
(Innst. 122 L (2025–2026), jf. Prop. 9 L (2025–2026))
9. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Grunde Almeland, Guri Melby og Abid Raja
om å gjennomføre forenklingstiltak for næringslivet for minst 12
mrd. kroner de neste fire årene
(Innst. 123 S (2025–2026), jf. Dokument 8:29 S (2025–2026))
10. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Tom Staahle, Martin Virkesdal Jonsterhaug,
Hans Andreas Limi og Hilde Grande om finansnæringen som næringspolitikk
(Innst. 120 S (2025–2026), jf. Dokument 8:38 S (2025–2026))
11. Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen
om Riksrevisjonens årlige rapportering til Stortinget om regnskapsrevisjon
(Innst. 121 S (2025–2026), jf. Dokument 1 (2025–2026))
12. Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen
om Særskilt melding fra Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-,
overvåkings-, og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) om ulovlig lagring
av data ved E-tjenestens bruk av metoden tilrettelagt innhenting
(TI)
(Innst. 119 S (2025–2026), jf. Dokument 7:1 (2025–2026))
13. Referat
Presidenten [10:00:17]: Det ligg føre
fem permisjonssøknader:
frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe
om permisjon for representanten Sverre Myrli i tida frå og med 28.
februar til og med 8. mars for å delta på reise med NATOs parlamentariske
forsamling til Mumbai og New Dehli, India
frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets
forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Mona Nilsen
frå og med 3. mars og inntil vidare
frå representanten Øystein Mathisen om foreldrepermisjon
i tida frå og med 2. mars til og med 12. juni
frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon for representantane
Trine Lise Sundnes og Nils-Ole Foshaug i tida frå og med 3. til
og med 5. mars – begge for å delta på parlamentarisk konferanse
og bilaterale møte med delegasjonen til konferansen om EUs utanriks-, tryggleiks-
og forsvarspolitikk i Nikosia, Kypros
Etter forslag frå presidenten vart
samrøystes vedteke:
Søknadene vert behandla straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møte i permisjonstida
slik:
For Akershus: Marie Østensen 3.–6. mars
For Nordland: Sander Delp Horn 3. mars–12. juni og Rune Krutå
3. mars og inntil vidare
For Oslo: Fawzi Warsame 3.–5. mars
For Troms: Hilde Anita Nyvoll 3.–5. mars
Presidenten [10:01:51]: Representanten
Geir Pollestad vil setja fram eit representantforslag.
Geir Pollestad (Sp) [10:01:54]: På vegner av stortingsrepresentantane
Trygve Slagsvold Vedum, Bengt Fasteraune, Erling Sande, Ole Herman
Sveian og meg sjølv har eg gleda av å leggja fram eit representantforslag
om naturskadeordninga.
Presidenten [10:02:20]: Representanten
Abid Raja vil setja fram eit representantforslag.
Abid Raja (V) [10:02:23]: Jeg har på vegne av representantene
Guri Melby, Grunde Almeland og meg selv gleden av å framsette et
representantforslag om en nasjonal strategi for en trafikksikker,
bærekraftig og verdiskapende vinterturisme.
Presidenten [10:02:55]: Representanten
Jonas Andersen Sayed vil setja fram to representantforslag.
Jonas Andersen Sayed (KrF) [10:02:59]: På vegne av representantene
Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius, Hans Edvard Askjer
og meg selv har jeg den glede å fremme et representantforslag om
en stortingsmelding om innvandring og integrering.
Og på vegne av representantene Jørgen Kristiansen, Hans
Edvard Askjer, Harry Valderhaug og meg selv har jeg den glede å
fremme et representantforslag om å la ukrainere reise hjem.
Presidenten [10:03:35]: Representanten
Jon Engen-Helgheim vil setja fram eit representantforslag.
Jon Engen-Helgheim (FrP) [10:03:49]: På vegne av Fremskrittsparti-representantene
Stian Storbukås, Anette Carnarius Elseth, Finn Krokeide, Helge André
Njåstad og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om
å utløse opsjon på tre politihelikoptre.
Presidenten [10:04:06]: Representanten
Kristoffer Sivertsen vil setja fram eit representantforslag.
Kristoffer Sivertsen (FrP) [10:04:18]: På vegne av Fremskrittsparti-representantene
Tor Mikkel Wara, Sylvi Listhaug, Rikard Spets, Morten Stordalen,
Pål Morten Borgli, Marius Arion Nilsen og undertegnede har jeg gleden
av å sette fram et representantforslag om tiltak for mer effektiv
og økonomisk utnyttelse av strømnettet.
Presidenten [10:04:35]: Forslaga vil
verta behandla etter reglementet.
Før sakene på møtekartet vert tekne opp til
behandling, vil presidenten opplysa om at møtet i dag om naudsynt
held fram etter kl. 16.
21. mai 2026· innlegg
Møte torsdag
den 21. mai 2026 kl. 10
President: Ove
Trellevik
1. Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne
Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe
Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale
flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg
(Dokument 8:291 S (2025–2026))
2. Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Midlertidig
endring av alkoholloven (unntak fra maksimaltiden for skjenking
under fotball-VM for herrer 2026)
(Innst. 296 L (2025–2026), jf. Prop. 88 L (2025–2026))
3. Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om tiltak
for å sikre nok jordmødrer i helsetenesta
(Innst. 292 S (2025–2026), jf. Dokument 8:146 S (2025–2026))
4. Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringer
i energiloven (utnyttelse av overskuddsvarme og krav til automatiske
styringssystemer)
(Innst. 277 L (2025–2026), jf. Prop. 45 L (2025–2026))
5. Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentant Lars Haltbrekken om ny modell for utjevning
av nettleie
(Innst. 285 S (2025–2026), jf. Dokument 8:171 S (2025–2026))
6. Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Morten Stordalen, Rikard Spets, Pål
Morten Borgli, Sylvi Listhaug, Kristoffer Sivertsen, Kristian August Eilertsen,
Bjørn Larsen og Tor Mikkel Wara om det neste oljeeventyret på norsk
sokkel
(Innst. 284 S (2025–2026), jf. Dokument 8:175 S (2025–2026))
7. Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Tor Mikkel Wara, Morten Stordalen,
Kristoffer Sivertsen, Erlend Wiborg, Bjørn Larsen og Rikard Spets om
å tilrettelegge for kjernekraft i Norge
(Innst. 278 S (2025–2026), jf. Dokument 8:191 S (2025–2026))
8. Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Ingrid Fiskaa, Kirsti Bergstø, Audun
Hammer Hovda, Lars Haltbrekken, Marthe Hammer og Marian Hussein om
å bygge infrastruktur for transport og lagring av CO2 –
Kortskip
(Innst. 282 S (2025–2026), jf. Dokument 8:196 S (2025–2026))
9. Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad og Trygve Slagsvold
Vedum om beredskapslagring av diesel og flybensin
(Innst. 295 S (2025–2026), jf. Dokument 8:178 S (2025–2026))
10. Innstilling fra justiskomiteen om Endringer i straffeloven
(selvstendig inndragning m.m.)
(Innst. 214 L (2025–2026), jf. Prop. 27 L (2025–2026))
11. Innstilling fra justiskomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Per-Willy Amundsen, Hans Andreas Limi,
Jon Engen-Helgheim, Hilde Grande og Bengt Rune Strifeldt om videreføring
av pilotordning for politiutdanning i Alta
(Innst. 249 S (2025–2026), jf. Dokument 8:84 S (2025–2026))
12. Innstilling fra justiskomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Hans Edvard Askjer, Bent-Joacim Bentzen,
Anette Carnarius Elseth og Mari Holm Lønseth om sikkerhet for et nasjonalt
avhopperprogram
(Innst. 253 S (2025–2026), jf. Dokument 8:95 S (2025–2026))
13. Innstilling fra justiskomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Stian Storbukås, Anette Carnarius Elseth,
Finn Krokeide, Helge André Njåstad og Jon Engen-Helgheim om å utløse opsjon
på tre politihelikoptre
(Innst. 293 S (2025–2026), jf. Dokument 8:138 S (2025–2026))
14. Innstilling fra justiskomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Mats Henriksen, Jon Engen-Helgheim,
Anette Carnarius Elseth, Liv Gustavsen, Finn Krokeide og Stian Storbukås
om å endre straffeprosessloven for å sikre døde barns rettssikkerhet
(Innst. 291 L (2025–2026), jf. Dokument 8:140 L (2025–2026))
15. Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum,
Bjørn Arild Gram og Bent-Joacim Bentzen om Svalbard
(Innst. 251 S (2025–2026), jf. Dokument 8:130 S (2025–2026))
16. Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Geir Jørgensen, Hanne Beate Stenvaag
og Remi Sølvberg om å heve vraket av fregatten KNM Bergen utenfor
Andøya
(Innst. 289 S (2025–2026), jf. Dokument 8:153 S (2025–2026))
17. Referat
Val av setjepresident
Presidenten [10:00:14]: Presidenten
vil gjera framlegg om at det vert valt to setjepresidentar for stortingsmøtet
i dag – og ser det som vedteke.
Presidenten vil tilrå Frode Jacobsen og Anne
Kristine Linnestad. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten
reknar Frode Jacobsen og Anne Kristine Linnestad som samrøystes
valde som setjepresidentar for stortingsmøtet i dag.
Før sakene på møtekartet blir tekne opp til
handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram
utover kl.16.
(Innlegg er under arbeid)
18. nov 2025· innlegg
Møte tirsdag den 18. november 2025 kl. 10
Ove
Trellevik
1. Debatt
om kultur- og likestillingsministerens redegjørelse om mediepolitikk
og ytringsfrihet
(Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 13. november 2025)
2. Referat
Presidenten [10:00:10]: Vyrde medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant for Høgre i
Akershus, Tore Haugen, gjekk bort den 23. mai, 93 år gamal.
Bak seg hadde han ein livslang samfunnsinnsats.
Av utdanning var Haugen jurist, med embetseksamen
frå Universitet i Oslo i 1958 og vidare studiar ved University of
Illinois College of Law og det internasjonalt anerkjende Hague Academy
of International Law.
Han fortsette det juridiske virket sitt som
domarfullmektig ved Søre Sunnmøre sorenskrivarembete, deretter i
Prisdirektoratet som konsulent, og seinare som kontorsjef og underdirektør
same stad. Advokatløyve fekk han i 1965.
Blant hans mange folkevalde verv kan nemnast
at han var ordførar i Oppegård frå 1969 til 1975. Kommunen var inne
i ein sterk vekstperiode, med betydeleg utbygging og modernisering.
Haugen var oppteken av å få til ei balansert utvikling og sikra
bevaring av grøntområde og natur.
Engasjementet hans for jus og politikk fekk
han utløp for òg som forfattar av fleire bøker innan dette feltet, både
faglitteratur og meir lokalpolitiske skrifter, som Høgres historie
i Oppegård.
Då direkteval til fylkestinget vart innført
i 1975, gjekk han for fullt inn i fylkespolitikken og var bl.a.
fylkesordførar i Akershus frå 1980 til 1987. Han leidde i fire år
fylkesordførarkollegiet og var nestleiar i Kommunenes sentralforbund
frå 1988 til 1989.
Han var stortingsrepresentant for Akershus
frå 1989 til 1993, det første året som medlem av samferdselskomiteen
og deretter av kommunal- og miljøvernkomiteen.
Vidare var han riksrevisor frå 1994 til 2002.
Samtidig leidde han Oslofjordens Friluftsråd, der han i 2005 vart utnemnd
til æresmedlem.
Haugens politiske engasjement gjennom åra var
i betydeleg grad knytt til samferdsel. Han var bl.a. formann for
samferdselsstyret i Akershus, styret for Stor-Oslo lokaltrafikk
og styret for Noregs statsbaner. Vidare var han nestformann og seinare
formann for Hovudkomiteen for lokalforvaltninga på 1980-tallet.
Kollegaer beskriver han som ein som hadde eit blikk
for menneske, som drog nytte av eit stort nettverk og som hadde
evne til å lytta til innspel før han tok avgjerder – alltid venleg,
mild i forma og oppteken av å finna løysingar, gjerne på tvers av
partigrenser.
Òg etter oppnådd pensjonsalder fortsette han
å vera aktiv, bl.a. som leiar av Oppegård Høgre, mangeårig leiar av
Akershus Senior Høgre og medlem av styret i Senior Høgres Landsforbund.
Me lyser fred over Tore Haugens minne.
Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.
Presidenten [10:04:50]: Følgjande innkalla
vararepresentantar tek no sete:
For Akershus: Marie Østensen
For Hordaland: Andreas Breivik Ormevik
For Oslo: Malin Bye Sørensen og Fawzi Abdirashid Warsame
For Rogaland: Christoffer Emberland Håland og Lasse Anfinsen
Fredheim
For Telemark: Helene Røsholt
For Sør-Trøndelag: Hilde Marie Gaebpie Danielsen
For Vestfold: Eivind Yrjan Stamnes
Statsråd Lubna Boby Jaffery vil overlevera
ein kongeleg proposisjon.
Statsråd Lubna Boby Jaffery [10:05:43]: På vegne av regjeringen
er det en ære å legge fram en kongelig proposisjon om endringer
i sikkerhetsloven – opplysningsplikt ved autorisasjon.
Presidenten [10:05:55]: Proposisjonen
vil verta handsama etter reglementet.
Representanten Maren Grøthe vil setja fram
eit representantforslag.
Maren Grøthe (Sp) [10:06:16]: På vegne av undertegnede har
jeg gleden av å fremme et representantforslag om å oppheve klimanøytralitetsmålet.
Presidenten [10:06:25]: Forslaget vil
verta handsama etter reglementet.
Presidenten vil opplysa om at sak nr. 2, Referat,
vil verta handsama før sak nr. 1. Presidenten ber difor representantane
om å verta sitjande til referatet er ferdig handsama.
Presidenten vil òg be om Stortingets samtykke
til at voteringa i dag kl. 15 går ut, då det ikkje ligg føre forslag til
votering – og ser det som vedteke.
8. jan 2026· innlegg
Møte torsdag den 8. januar 2026 kl. 10
Ove
Trellevik
1. Redegjørelse
av statsministeren om regjeringens politiske prioriteringer – plan
for Norge
(Det vil bli foreslått debatt umiddelbart etter redegjørelsen)
2. Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om
Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid
Raja og Marit Vea om å tillate kommunene å regulere bruk av elektriske
sparkesykler på fortau
(Innst. 73 S (2025–2026), jf. Dokument 8:20 S (2025–2026))
3. Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om
Representantforslag frå stortingsrepresentantane Trond Helleland,
Anna Molberg, Mahmoud Farahmand og Anne Kristine Linnestad om å
bevare Flytoget
(Innst. 74 S (2025–2026), jf. Dokument 8:21 S (2025–2026))
4. Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om
Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn
Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen,
Alf Erik Andersen, Marius Arion Nilsen, Stian Storbukås og Kristoffer
Sivertsen om å redusere bompengebelastningen på E39 Mandal-Kristiansand
(Innst. 76 S (2025–2026), jf. Dokument 8:22 S (2025–2026))
5. Interpellasjon fra representanten Margret Hagerup til helse-
og omsorgsministeren:
«Direktøren på Stavanger universitetssjukehus (SUS) har foreslått
ansettelsesstopp for å bøte på SUS sine økonomiske utfordringer.
Helle Schøyen sier til Stavanger Aftenblad at hun forstår at folk
blir sinte, og at ansettelsesstopp er et lite treffsikkert grep
på lang sikt, men at SUS må ta grep for at budsjettene skal gå opp.
Ved utgangen av november lå SUS 248 mill. kr bak budsjettet for
2025. I tillegg har utgiftene til byggetrinn 1 av nye SUS økt med
ytterligere 100 mill. kr. Slik dagens finansieringssystem er satt
opp, skal sykehusene effektivisere drift for å finansiere investeringer.
Vi er kommet dit at sykehusene stiller urimelig høye krav til effektivisering
for å kunne investere i nye bygg og utstyr. Det gir urealistiske
budsjetter, uforutsigbarhet og en dårligere arbeidsplass for helsepersonell,
og det gir pasientene et dårligere helsetilbud.
Hva er konsekvensen av innsparingstiltakene for pasientene?»
6. Referat
Presidenten [10:00:02]: Representanten
Margret Hagerup vil setja fram eit representantforslag.
Margret Hagerup (H) [10:00:31]: På vegne av representantene
Henrik Asheim, Erlend Svardal Bøe, Anne Kristine Linnestad, Erna
Solberg, Tone Wilhelmsen Trøen og meg selv vil jeg legge fram et
forslag om et helhetlig løft for kvinnehelse og overgangsalderen.
Presidenten [10:00:55]: Representanten
Erlend Wiborg vil setja fram eit representantforslag.
Erlend Wiborg (FrP) [10:01:09]: Det er en stor glede på vegne
av Fremskrittspartiets stortingsrepresentanter Sylvi Listhaug og
meg selv å fremsette et representantforslag om en utvisningsreform
for kriminelle innvandrere.
Presidenten [10:01:23]: Forslaga vil
verta behandla etter reglementet.
Før sakene på dagens kart vert tekne opp til
behandling, vil presidenten opplysa om at møtet i dag om nødvendig
held fram utover kl. 16.
21. apr 2026· innlegg
Møte torsdag
den 21. april 2026 kl. 10
President: Ove
Trellevik
1. Redegjørelse
av kultur- og likestillingsministeren om status i arbeidet med å
fremme likestilling og mangfold i alle sektorer
2. Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Haagen Poppe og Anna Molberg om mer
åpenhet og demokrati i kultursektoren
(Innst. 199 S (2025–2026), jf. Dokument 8:87 S (2025–2026))
3. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Mímir Kristjánsson, Synne Høyforsslett
Bjørbæk og Marie Sneve Martinussen om å åpne grossistleddet og gjøre
prisutviklingen mer oversiktlig i norsk dagligvarebransje
(Innst. 208 S (2025–2026), jf. Dokument 8:89 S (2025–2026))
4. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Geir Jørgensen, Sofie Marhaug og Mímir
Kristjánsson om Nysnø
(Innst. 211 S (2025–2026), jf. Dokument 8:109 S (2025–2026))
5. Interpellasjon fra representanten Marthe Hammer til næringsministeren:
«DNB er Norges største bank, og staten er største eier. Banken
har de siste årene levert enorme overskudd, blant annet fordi rentene
for vanlige folk har økt kraftig. Samtidig opplever mange høyere
boutgifter og strammere økonomi. Køene til matutdeling har aldri
vært lengre. Konsernsjef Kjerstin Braathen fikk i fjor en samlet godtgjørelse
på 18,7 mill. kroner i fjor, en lønnsøkning på mer enn ti prosent
fra året før. Dette skjer samtidig som regjeringen sier at staten
skal bidra til moderasjon i lederlønninger. Når bankenes overskudd
i stor grad øker fordi vanlige boliglånskunder betaler mer i rente,
burde vi kunne forvente større moderasjon i toppen og at finansnæringen
bidrar mer tilbake til fellesskapet.
Hvordan vurderer statsråden utviklingen, og vil regjeringen bruke
statens eierposisjon mer aktivt for å sikre moderasjon i lederlønninger?»
6. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Bjørn Arild Gram og Geir Pollestad om terskelverdier
for revisjon av stiftelser
(Innst. 165 S (2025–2026), jf. Dokument 8:78 S (2025–2026))
7. Innstilling fra finanskomiteen om Samtykke til å sette
i kraft en skatteavtale mellom Norge og Kina, undertegnet i Oslo
12. mai 2023
(Innst. 174 S (2025–2026), jf. Prop. 6 S (2025–2026))
8. Innstilling fra finanskomiteen om Endringer i foretakspensjonsloven
og forsikringsvirksomhetsloven (forvaltning av garanterte pensjonsprodukter)
(Innst. 177 L (2025–2026), jf. Prop. 31 L (2025–2026))
9. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Henrik Asheim og Ola Svenneby om lavere
og mer forutsigbar skatt på folks bolig og Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Marit Vea om å
midlertidig suspendere den nye modellen for beregning av formuesverdi
på bolig
(Innst. 188 S (2025–2026), jf. Dokument 8:94 S (2025–2026) og
Dokument 8:97 S (2025–2026))
10. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Maren Grøthe, Bjørn Arild Gram og Geir
Pollestad om å utrede en økt elavgift for datasentre
(Innst. 183 S (2025–2026), jf. Dokument 8:105 S (2025–2026))
11. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Nikolai Astrup og Kari Sofie Bjørnsen om
å forbedre aksjesparekontoordningen for å øke investeringer i vekstbedrifter
(Innst. 182 S (2025–2026), jf. Dokument 8:108 S (2025–2026))
12. Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Marian Hussein, Marthe
Hammer, Mirell Høyer-Berntsen, Ingrid Fiskaa, Kathy Lie og Anne
Lise Gjerstad Fredlund om å kutte sykefravær, ikke sykelønn
(Innst. 212 S (2025–2026), jf. Dokument 8:125 S (2025–2026))
13. Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Marian Hussein, Marie Sneve Martinussen
og Alf Erik Andersen om åpenhet og rettferdighet for ofrene i trygdeskandalen
(Innst. 213 S (2025–2026), jf. Dokument 8:132 S (2025–2026))
14. Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Pensjonar frå
statskassa
(Innst. 202 S (2025–2026), jf. Prop. 40 S (2025–2026))
15. Referat
Presidenten [10:00:15]: Representantane
Tuva Moflag, Marthe Hammer, Grunde Almeland og Isak Veierud Busch, som
har vore permitterte, har igjen teke sete.
Følgjande innkalla vararepresentantar tek no
sete:
For Hedmark: Bente Irene Aaland
For Møre og Romsdal: Berit Tønnesen
For Oslo: Ola Svenneby, Malin Bye Sørensen
og Heidi Nordby Lunde
For Telemark: Bengt Halvard Odden
Frå Høgre si stortingsgruppe ligg det føre
melding om at den innvilga permisjonen for representanten Tone Wilhelmsen
Trøen i tida frå og med 20. til og med 24. april er trekt tilbake.
– Denne meldinga vert teke til etterretning.
Frå representantane Hanne Beate Stenvaag og
Trond Giske ligg det føre søknader om permisjon etter Stortingets forretningsorden
§ 5 andre punktum frå og med 21. april og inntil videre.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes
vedteke:
Søknadene vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
For Troms: Camilla Renate Mikkelsen
For Sør-Trøndelag: Kjell-Arve Aspaas
Presidenten [10:01:26]: Camilla Renate
Mikkelsen og Kjell-Arve Aspaas er til stede og vil ta sete.
Presidenten [10:01:34]: Presidenten
vil gjera framlegg om at det vert valt to setjepresidentar for stortingsmøtet
i dag, og ser det som vedteke.
Presidenten vil tilrå Frode Jacobsen og Anne
Kristine Linnestad. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten reknar
Frode Jacobsen og Anne Kristine Linnestad som samrøystes valde som
setjepresidentar for stortingsmøtet i dag.
Statsråd Lubna Jaffery vil overlevera éin kongeleg
proposisjon.
Statsråd Lubna Boby Jaffery [10:02:09]: På vegne av regjeringen
har jeg æren av å overbringe én kongelig proposisjon:
samtykke til inngåelse av avtale mellom
regjeringen i Kongeriket Norge og regjeringen i Folkerepublikken Kina
om leie av tomt til Den kongelige norske ambassaden i Kina
Presidenten [10:02:43]: Proposisjonen
vil verta handsama etter reglementet.
Representanten Marthe Hammer vil setja fram
eit representantforslag.
Marthe Hammer (SV) [10:02:58]: På vegner av representanten
Kirsti Bergstø og meg sjølv er det ei glede å setje fram eit representantforslag
om å setje ned ein forskjellskommisjon.
Presidenten [10:03:10]: Forslaget vil
verta handsama etter reglementet.
Før sakene på møtekartet vert tekne opp til
handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram
utover kl. 16.
(Innlegg er under arbeid)
18. jun 202611:48· Replikk
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i Politiets sikkerhetstjeneste (PST) (Innst. 445 S (2025–2026), jf. Dokument 3:6 (2025–2026))
No er jo nokre av konsekvensane
av dette graderte, så vi kan sjølvsagt ikkje diskutera dei. Det
eg har registrert frå debatten, er at Støre-regjeringa på ein måte
har gjort tiltak etter kvart, både i 2024 og kanskje òg i 2025,
for å få meir på plass og sikra at me er meir i rute med utfordringane
til PST. Så spørsmålet mitt er: Kan statsministeren bekrefta no
at viktig informasjon frå PST ikkje kjem til å gå under radaren,
men faktisk kjem fram til den politiske leiinga?
18. jun 202611:46· Replikk
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i Politiets sikkerhetstjeneste (PST) (Innst. 445 S (2025–2026), jf. Dokument 3:6 (2025–2026))
I 2018 stod dåverande parlamentarisk
leiar Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet i spissen for eit mistillitsforslag
mot Solberg-regjeringa. Riksrevisjonsrapporten som vi har til behandling
i dag, konkluderer med «sterkt kritikkverdig» av regjeringa. Eg
lurer på kva det er i riksrevisjonsrapporten som vi har til behandling
i dag som gjer at statsministeren vurderer at den rapporten er så annleis
– med den kritikken som Riksrevisjonen fremjar – enn i objektsikringssaka
i 2018?
18. jun 202610:44· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i Politiets sikkerhetstjeneste (PST) (Innst. 445 S (2025–2026), jf. Dokument 3:6 (2025–2026))
Me står i dag i den mest alvorlege
tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Trusselbildet
vert prega av statleg spionasje, digital sabotasje og samansette
truslar. Midt i denne stormen står Politiets tryggingsteneste, PST.
Riksrevisjonsrapporten me har til debatt i
dag, er ein rapport som rokkar ved fundamentet for norsk beredskap.
Konklusjonen er klokkeklar og djupt urovekkjande: Regjeringa, ved
Justis- og beredskapsdepartementet, har svikta. Dei har ikkje gjeve
PST dei nødvendige ressursane, rammene eller den styringa som trengst
for å verna Noreg i ein krevjande kvardag etter den russiske invasjonen
i Ukraina. Dette er ikkje berre ei administrativ ripe i lakken.
Det er ein alvorleg svikt i den nasjonale tryggleiken vår.
Dei siste åra har PST fått nye oppgåver, bl.a.
som følgje av ein ny geopolitisk situasjon og eit endra trusselbilde.
Likevel har ikkje ressursane, dei overdordna strategiane, lovane og
rammene – eller dei operative verktøya for den del – følgt etter.
Riksrevisjonsrapporten viser fleire kritiske
punkt. IKT-systema er utdaterte, og PST manglar teknologien som
trengst for å analysera store mengder data effektivt. I ein digital
tidsalder kjempar dei fremste analytikarane våre med verktøy som
høyrer fortida til. Vidare viser rapporten til at PST har måtta
velja bort viktige førebyggjande tiltak mot spionasje og sabotasje
fordi ressursane er knappe. Til sist: PSTs lokalkontor og nærvær
i politidistrikta vert svekte. Dei som skal fanga opp signal lokalt,
har ikkje hatt god nok kapasitet.
Det andre hovudelementet i kritikken handlar
om leiing. Riksrevisjonen rettar ein spesielt skarp peikefinger
mot styringsevna til Justisdepartementet. Styringa vert beskriven som
«svak og utydelig». Regelverksutviklinga heng etter. Departementet
har ikkje klart å prioritera kva som er viktigast. Når alt er viktig,
vert jo ingenting viktig. PST har mangla klare politiske føringar
for korleis dei skal balansera det enorme krysspresset av oppgåver.
Dette har skapt frustrasjon internt i tenesta og svekt effektiviteten.
I Høgre meiner me at denne rapporten, inkludert
den graderte delen og dei to kontrollhøyringane me har hatt i komiteen,
viser at ein kan setja alvorlege spørsmålsteikn ved styringsevna
til regjeringa i justissektoren. Kritikken går på at regjeringa
snakkar høgt om beredskap, men sviktar i den praktiske gjennomføringa.
PST sjølv har i etterkant langt på veg stadfesta Riksrevisjonens
funn. Dei uttrykkjer at dei kjenner seg igjen i kvardagen som vert
beskriven, og at dei sårt treng meir føreseielegheit.
Riksrevisjonens og Stortingets kritikk handlar
om at regjeringa har vist manglande kriseforståing. Ein kan ikkje tryggja
Noreg med gode intensjonar åleine. PST må ha budsjett, teknologi,
regelverk og ei politisk leiing som matchar den farlege verda me
lever i. Det har dei ikkje hatt i viktige delar av perioden etter
Russlands invasjon i Ukraina. Difor stiller Høgre seg bak fleirtalsforslaga
i innstillinga.
17. jun 202611:43· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om EOS-utvalgets årsmelding 2025 (Innst. 319 S (2025–2026), jf. Dokument 7 (2025–2026))
Høgre meiner Stortinget må
ta ansvar og ta EOS-utvalet på alvor. Dei hemmelege tenestene våre,
Politiets tryggingsteneste, PST, etterretningstenesta og nasjonalt
tryggingsorgan, NSM, er det fremste vernet i samfunnet mot trugslar.
Nettopp fordi dei opererer i det skjulte og med ekstraordinære fullmakter,
er me heilt avhengige av at kontrollen med dei er grunnsolid. Det
er her Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings-
og tryggingsteneste, altså EOS-utvalet, kjem inn. Problemet er berre
følgjande: Kva hjelper det om utvalet avdekkjer feil og føreslår
forbetringar viss regjeringa og forvaltninga let rapportane verta
støva ned? Det siste året har EOS-utvalet peikt på fleire kritikkverdige
forhold. Dei har m.a. åtvara mot den vedvarande og altfor lange
saksbehandlingstida for tryggingsklareringar. Dette rammar rettstryggleiken, den
enkelte kan bli truga, og det kan på ein måte truga beredskapen
vår dersom dette går for seint. Når uavhengige ekspertar påpeiker
systemsvikt i forvaltninga, forventar me at regjeringa ryddar opp.
Slik har det ikkje alltid vore. Det er ein urovekkjande tendens
til at forvaltninga brukar lang tid på å implementera nødvendige
endringar etter påpeikingar frå EOS-utvalet.
Kontroll er verdilaust utan konsekvensar. Dei
hemmelege tenestene til forvaltninga må ikkje verta ein stat i staten,
der tilrådinga frå Stortingets eige kontrollorgan vert ei rein skrivebordsøving.
Me i Høgre meiner Stortinget må ha ei langt betre og meir transparent
oversikt over oppfølginga. Tryggleik og rettstryggleik heng saman.
Forvaltninga må følgja opp tilrådingane frå EOS-utvalet betre, og
regjeringa må verta halden ansvarleg for framdrifta i desse sakene.
15. jun 202613:42· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Rapport til Stortingets presidentskap fra utvalget til å vurdere Riksrevisjonens internasjonale bistandsvirksomhet (Innst. 437 S (2025–2026), jf. Dokument 18 (2025–2026))
Høgre følgjer komiteen i det
aller meste her, så det er ein felles og samla komité som står bak
dei fleste anbefalingane her.
Utvalet drøfta fleire forhold knytt til dagens
modell for organisering og finansiering, og føreslår på denne bakgrunn
endringar i korleis Riksrevisjonens deltaking i internasjonal bistandsverksemd
skal verta innretta.
Når det gjeld Riksrevisjonens eiga bistandsverksemd,
føreslår utvalet at budsjettmidlane skal løyvast over bistandsbudsjettet,
under Utanriksdepartementet, og at Riksrevisjonens bistandsverksemd
vert organisert som ein del av Kunnskapsbanken i Norad. Høgre er
einig i konklusjonane til utvalet på dette området, elles støttar
vi fleirtalsmerknadane og komiteen i resten.
(Innlegg er under arbeid)
5. mai 202612:40· Innlegg
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Haagen Poppe, Mudassar Kapur og Tage Pettersen om en klarere strandsonepolitikk (Innst. 227 S (2025–2026), jf. Dokument 8:112 S (2025–2026))
Det er ingen menneskerett verken
å eiga eller å byggja eigedomar i strandsona. Likevel kjennest det
urimeleg at for ein eigedom som har vore i virket til ein familie
og der ein har drive både fiskeri og landbruk i generasjonar, må
ein søkja kommunen om dispensasjon for nødvendig vedlikehald og
opprusting fordi det ligg i LNF-område – landbruks-, natur- og friluftsområde
– i strandsona. Ikkje kan ein byggja garasje som andre, ikkje kan
ein byggja drivhus som andre, og ikkje kan ein byggja på huset eller
byggja terrasse. Etter dei nye reglane kan ein kan faktisk ikkje
setja opp ei flaggstong i LNF-område i strandsona utan dispensasjon.
Dette er noko dei aller fleste kan byggja utan å måtta søkja. Om
dei held seg til gjevne grenser, held det å senda inn ei forenkla
byggjemelding i etterkant av bygginga. Dette vert opplevd som ei
forskjellsbehandling – ei urimeleg forskjellsbehandling. Reint prinsipielt
burde det kanskje vore forbode for kommunane å definera eit areal
som LNF om det var bygd der og det budde og levde folk i husa.
Dessverre er det motsett i plan- og bygningslova.
Ein har ikkje krav på korrekt definisjon av arealet. Med andre ord
kan den juridiske definisjonen av arealet på eit bustadhus vera
noko heilt anna enn det den praktiske bruken har vore gjennom kanskje
hundre år. Dette gjev ei urimeleg forskjellsbehandling mellom innbyggjarar som
bur i strandsona i eit LNF-område, og dei som ikkje bur slik.
Me er vitne til at regjeringa vurderer å ta
frå kommunane ansvaret for strandsona. Det er eit av forslaga til
klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ny tiltaksplan
for Oslofjorden. Han meiner kommunane gjev for mange dispensasjonar
frå byggjeforbodet i strandsona, og at kommunane praktiserer regelverket
ulikt. Regjeringa og Arbeidarpartiet vil difor at statsforvaltarane heilt
skal overta styringa i strandsona, innføra totalt byggjeforbod eller
gje kommunane strengare rammer. Me er alle bekymra for Oslofjorden.
Innsatsen må aukast, men byggjeforbod vert feil.
I Aftenposten 3. desember 2025 kunne me lesa
at ein rapport frå Miljødirektoratet peikar på at det er ei utfordring
med ulik praksis knytt til kommunal behandling av byggjesaker og
dispensasjonar. Sjølvsagt skal det vera ulik praksis frå kommune
til kommune. Det er noko av styrken i lokaldemokratiet. Det må vera
forskjell på Fedje og Oslo. Lokale forhold og vurderingar må og
bør ein spela inn.
Staten har vedteke ei differensiert strandsoneforvaltning
som gjev oss eit visst handlingsrom, men det er på ingen måte tilstrekkeleg,
spesielt ikkje der det bur folk i hus i LNF-område i strandsona.
Det bør det gjerast noko med.
5. mai 202612:38· Replikk
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Haagen Poppe, Mudassar Kapur og Tage Pettersen om en klarere strandsonepolitikk (Innst. 227 S (2025–2026), jf. Dokument 8:112 S (2025–2026))
Då forstår eg det slik at statsråden
garanterer at i nye kommuneplanar viss kommunane vil ha ein annan
arealkategori der det er bygd, får dei det – at det ikkje vert LNF
i framtida der det er bygd frå før. Er det korrekt?
5. mai 202612:36· Replikk
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Haagen Poppe, Mudassar Kapur og Tage Pettersen om en klarere strandsonepolitikk (Innst. 227 S (2025–2026), jf. Dokument 8:112 S (2025–2026))
Eg stemte for eit strengare
strandsonevern og dei endringane me fekk i § 19-2 i 2021, vel vitande
om at det vart mindre politikk og meir jus. Når eg ser på praktiseringa
i ettertid, er det slik at om ein bur i ein bustad i strandsona
i eit LNF-område, får ein ikkje byggja garasje – ein får ingen dispensasjon
til å byggja garasje i eit LNF-område i strandsona. Meiner statsråden
det er for strengt?
23. apr 202617:26· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om at Riksrevisjonen reviderer statens eierstyring av Telenor ASA i forbindelse med selskapets virksomhet i Myanmar (Innst. 203 S (2025–2026))
Sommaren 2023 politimelde Utanriksdepartementet
Telenor for moglege brot på sanksjonsreglane i Myanmar. Det kjem
fram i eit svar frå utanriksministeren til kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Det er altså eit stort skilje mellom eigarskapen til staten som
vert forvalta av Næringsdepartementet, og resten av regjeringsapparatet
som følgjer opp næringslivet både med og utan staten som eigar. Dette
er eit viktig skilje, for det er forvaltinga av statens eigarskap
i samsvar med vedteken eigarskapspolitikk i Stortinget me no ber
Riksrevisjonen sjå på.
Som eigar ventar staten at selskap med statleg
eigardel skal følgja FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar.
Dette er tilrådingar, og det knyter seg ikkje rettsleg ansvar til
eventuelle brot på desse. Det betyr ikkje at me skal ta lett på
eventuelle brot.
Interne dokument og korrespondanse mellom departementa
som inngår i interne saksførebuingar frå regjeringa og departementa,
og som ikkje tidlegare er offentlege, kan få fritak frå offentleg
innsyn i samsvar med offentleglova. Det er langvarig konstitusjonell
praksis for, frå skiftande parti, at organinterne dokument i regjeringa
og departementa ikkje vert sende over til kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Sjølv om regjeringa altså har delt informasjonen me har bedt om,
er sjølve dokumenta ikkje delte.
Høgre meiner isolert sett at me har fått dei
opplysningane me treng for å vurdera regjeringa si forvalting av
eigarskapen i Telenor, ut frå at regjeringa sjølvsagt har gjeve
korrekt og ikkje mangelfull informasjon til komiteen. Sidan dette
ikkje er tilfredsstillande for komiteen, støttar Høgre tilrådinga
frå komiteen, og eg ser fram til å få rapporten frå Riksrevisjonen
for vidare oppfølging i komiteen.
23. apr 202617:10· Replikk
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse om Totalforsvaret i sikkerhetspolitisk krise og krig og Riksrevisjonens undersøkelse om sikring av havneanlegg for å trygge samfunnssikkerheten (Innst. 178 S (2025–2026), jf. Dokument 3:11 (2024–2025) og Dokument 3:12 (2024–2025))
Det er litt spennande og litt
kjekt dette her, også at næringslivet ønskjer å engasjere seg. Eg
snakka med ein reiar som så for seg at oppdraga kanskje vert litt
mindre viss det vart krise og krig, og han hadde store båtar som
kunne produsera straum den andre vegen. Landsstraumsanlegga i byane i
dag er sånn at ein får straum frå land om bord på båtane for at
dei ikkje skal forureine, men i krise og krig kan ein kanskje sjå
for seg at enkelte hamner faktisk ikkje har straum, at det faktisk
er tatt ut. Ein ønskjer då og ser for seg, kanskje, ei moglegheit
for å kunne vera med og bidra med å produsera straum i hamner og
inn på land, opp på kaia og opp til Haukeland sjukehus i Bergen
– eller kor det måtte vera.
Er næringsministeren villig til å vera med
og diskutera sånne gode løysingar med næringslivet?
23. apr 202617:09· Replikk
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse om Totalforsvaret i sikkerhetspolitisk krise og krig og Riksrevisjonens undersøkelse om sikring av havneanlegg for å trygge samfunnssikkerheten (Innst. 178 S (2025–2026), jf. Dokument 3:11 (2024–2025) og Dokument 3:12 (2024–2025))
Næringslivet, og spesielt sjømatnæringa,
etterspør kanskje klarare planar for korleis dei kan bidra i beredskapen.
Men ser næringsministeren for seg at ho kan vera med og leggja til rette
for at næringslivet i hamnene får tydelegare forventningar til kva
dei kan bidra med, og tydeleggjere opplæring i totalforsvaret?
23. apr 202617:08· Replikk
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse om Totalforsvaret i sikkerhetspolitisk krise og krig og Riksrevisjonens undersøkelse om sikring av havneanlegg for å trygge samfunnssikkerheten (Innst. 178 S (2025–2026), jf. Dokument 3:11 (2024–2025) og Dokument 3:12 (2024–2025))
Mange hamner har i dag utdatert
infrastruktur. Næringslivet langs kysten er jo opptatt av kostnader,
og dei har – på ein måte – uttalt at organiseringa av hamnene kanskje
bør vera i større regionale selskap, både for å samordna beredskapen betre
og få kostnadene ned, slik bl.a. DNV har anbefalt. Er dette noko
statsråden støttar og kan ta initiativ til i regjeringa?
23. apr 202617:02· Replikk
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse om Totalforsvaret i sikkerhetspolitisk krise og krig og Riksrevisjonens undersøkelse om sikring av havneanlegg for å trygge samfunnssikkerheten (Innst. 178 S (2025–2026), jf. Dokument 3:11 (2024–2025) og Dokument 3:12 (2024–2025))
Du nemnde digital sårbarheit,
og hamnene er utpeikt som kritiske knutepunkt. Den hamne- og digitale
infrastrukturen som du nemnde, krev på ein måte ekstra vern, og
viss det blir digitale angrep, kan det ramma forsyningskjeda langt opp
på land. Vil regjeringa òg sjå på fordeling av kostnader når det
gjeld digital sikkerheit for lågterskel cyberangrep i hamnene våre?
23. apr 202617:01· Replikk
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse om Totalforsvaret i sikkerhetspolitisk krise og krig og Riksrevisjonens undersøkelse om sikring av havneanlegg for å trygge samfunnssikkerheten (Innst. 178 S (2025–2026), jf. Dokument 3:11 (2024–2025) og Dokument 3:12 (2024–2025))
Norske hamner langs kysten
kan fort verta viktige hamner også for finnane og svenskane i ein
krigssituasjon, og Riksrevisjonen påpeiker kritisk svakheit i sikringa
av norske hamner. Kva for konkrete tiltak vil statsråden setja i
verk for å sikra at private og kommunale hamner har økonomisk evne til
å oppfylla dei strenge krava i den nye beredskapsforskrifta?
23. apr 202615:57· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse om Totalforsvaret i sikkerhetspolitisk krise og krig og Riksrevisjonens undersøkelse om sikring av havneanlegg for å trygge samfunnssikkerheten (Innst. 178 S (2025–2026), jf. Dokument 3:11 (2024–2025) og Dokument 3:12 (2024–2025))
Ove Trellevik (H) [15:57:35] (ordførar for saka): Rapporten
frå Riksrevisjonen har avdekt alvorlege svakheiter i norsk hamneberedskap,
spesielt knytte til manglande oversikt over kva hamner som er samfunnskritiske,
og dessutan mangelfulle planar for alternative forsyningslinjer
under krise og krig.
90 pst. av alle varer som går inn og ut av
landet, har vore gjennom ei hamn. Noreg har over 600 hamneanlegg
som handterer skip i internasjonal trafikk. Anlegga er også viktige for
fiskerinæringa og innanrikstrafikk. Nokre av hamneanlegga er så
store og sentrale at dei er viktige for heile samfunnet.
Den auka tryggingspolitiske spenninga gjer
at hamnene også blir meir sårbare for uønskte handlingar. Ein trussel
mot samfunnsviktige hamneanlegg som ikkje er tilstrekkeleg sikra,
kan trua samfunnstryggleiken.
Me er inne i det femte året med krig i Europa.
Arbeidet med totalberedskapen burde ha vore sett høgare på prioriteringslista
hos regjeringa. Regjeringa må ta ansvar for å identifisera og klassifisera
kva hamneanlegg som er avgjerande for forsyning av varer og militær
støtte. Det er urovekkjande at regjeringa parerer kritikken med
at det er aktørane i verdikjedene som sjølve må finna erstatningskaiar.
Det er no eingong slik at nokre kaiar er samfunnskritiske, anten
regjeringa ser det eller ikkje. Ryk kornkaia vår, har me få alternativ.
Dette må regjeringa ta inn over seg. Det er regjeringa sitt ansvar
at matforsyninga til landet går greitt. Regjeringa må implementera
tiltak som varetek både tryggleik mot sabotasje og vidareføring
av funksjonar i krig.
Regjeringa må samordna beredskapsplanar mellom
Nærings- og fiskeridepartementet, Kystverket, Forsvaret og private
hamneoperatørar for å sikra heilskapleg handtering. Det må òg utarbeidast
konkrete planar for korleis varer og militært utstyr skal fraktast
dersom hovudhamnene blir sette ut av spel, og så må det øvast på
ulike scenario. Vidare må regjeringa sikra at forskrifta om hamneberedskap
og støtte til Forsvaret blir følgt opp i praksis i alle relevante
hamner.
Samtidig er det ikkje berre i hamnene det er
utfordringar med korleis regjeringa følgjer opp beredskapen. Stortinget har
vedteke totalberedskapsmeldinga, og regjeringa må no sikra rask
implementering av dei føreslegne tiltaka for å auka motstandskrafta
i samfunnet.
Det er avdekt at mange kommunar manglar midlar
og kapasitet til å prioritera beredskapsarbeid. Det må stillast
tydelegare krav til lokal beredskapsplanlegging. I den første langtidsplanen
for sivil beredskap må område som elektronisk kommunikasjon, transport
og forsyningstryggleik bli vektlagde tungt.
Då Russland gjekk inn på Krym i 2014, tilspissa
tryggingssituasjonen seg i Europa. NATO stilte høgare krav til sivil
beredskap, og i 2016 bestemde Stortinget at totalforsvaret skulle
styrkjast. Det er ni år sidan.
Svakheitene kontrollkomiteen peikar på i sakene
me dag har til behandling, er kjende. Det som er oppsiktsvekkjande, er
at dei ikkje er handterte betre av regjeringa.
Det er likevel viktig for meg å presisera at
Noreg er på veg mot å styrkja totalforsvaret. Både totalberedskapsmeldinga
og langtidsplanen for forsvarssektoren inneheld viktige tiltak.
Planane må følgjast, og dei må følgjast opp.
Det er òg viktig å erkjenna at planar ikkje
løyser alle problem åleine. Det må øvast, og det må samhandlast
på tvers av sektorar. Me har ikkje tid til den treigheita me ser.
Justisdepartementet og politiet burde ha vore pådrivarar for den
sivile beredskapen, men politiet seier at dei ikkje eingong har
nok ressursar til å delta fullt ut, verken i planarbeid eller i
øvingar.
Det er slik at førebuingar må gjerast i fredstid.
Beredskapsplanar må leggjast, og øvingar må gjennomførast. I tillegg
er det viktig å evaluera og læra. Likevel viser undersøkinga til
riksrevisjonen at planar og øvingar i for liten grad førebur dei
sivile aktørane i kommunane og regionane på å støtta militære behov.
I tillegg må Forsvaret betre og tydelegare
kommunisera prioriteringane sine. Alle sivile aktørar Riksrevisjonen
har snakka med, seier at det er uklart kva Forsvaret vil trenga
frå dei i ei krise eller krig, skriv Riksrevisjonen. Kommunane i undersøkinga
seier til dømes at dei har svært lite informasjon og ikkje veit
kva dei må førebu seg på for å kunna støtta Forsvaret. Sivile aktørar
i kommunar og fylke må vita korleis til dømes helsepersonell skal
prioriterast, og korleis dei då skal driva eldreomsorga og arbeidet
sitt i sin kommune. Når dei ikkje får god samhandling med Forsvaret
og gode tilbakemeldingar om dette, er det òg vanskeleg å laga lokale
beredskapsplanar.
14. apr 202610:24· Innlegg
Innstilling fra Stortingets presidentskap om mandat, navn og sammensetning av granskingskommisjon for å undersøke forhold som har blitt aktualisert gjennom offentliggjøringen av Epstein-dokumentene (Innst. 200 S (2025–2026))
Kommisjonen
må sikrast naudsynte ressursar slik at arbeidet kan utførast i samsvar
med mandatet. I tillegg til eit sekretariat skal kommisjonen kunne
engasjera ytterlegare naudsynt bistand der dette trengst for granskingsarbeidet.
Midlar til kommisjonsarbeidet ut 2026 vil inngå i revidert nasjonalbudsjett
før sommaren. Løyvingane for 2027 og 2028 vil skje i statsbudsjetta
for dei åra.
Eg vil, på vegner av presidentskapet, takka
administrasjonen og ikkje minst takka for samarbeidet med partia,
som har gjort det mogleg å leggja fram denne saka så raskt og tydeleg
som fleire av kollegaene mine i kontroll- og konstitusjonskomiteen
har peikt på. Det har vore eit veldig gjevande arbeid både der og
i presidentskapet.
Eg vil tilrå Stortinget å gjera vedtak i samsvar
med forslaga frå presidentskapet i innstillinga.
14. apr 202610:05· Innlegg
Innstilling fra Stortingets presidentskap om mandat, navn og sammensetning av granskingskommisjon for å undersøke forhold som har blitt aktualisert gjennom offentliggjøringen av Epstein-dokumentene (Innst. 200 S (2025–2026))
På vegner
av presidentskapet legg eg i dag fram forslag om oppnemning av ein
uavhengig granskingskommisjon, med mandat, namn og samansetjing,
for å undersøkja forhold og problemstillingar som har vorte aktualiserte
gjennom offentleggjeringa av Epstein-dokumenta.
Innstillinga frå presidentskapet er ei oppfølging
av stortingsvedtaket frå 17. mars i år, som tok utgangspunkt i innstillinga
frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i same sak. Forslaget frå
presidentskapet til mandat, namn og samansetjing er utarbeidd i
samråd med partigruppene her på Stortinget.
Stortinget gjorde samstundes vedtak om å be
presidentskapet leggja fram lovforslag for Stortinget med naudsynte føresegner
om arbeidet, saksbehandlinga og informasjonstilgangen til granskingskommisjonen.
Presidentskapet vil koma tilbake til Stortinget med eit slikt lovforslag.
Eit utkast er for tida på offentleg høyring, med frist 23. april.
Det følgjer av Stortingets forretningsorden
§ 19 at Stortinget kan nemna opp ein granskingskommisjon til å kartleggja
eller vurdera ein tidlegare faktisk hendingsgang. Dette er berre
niande gongen sidan 1883 at Stortinget går til eit slikt steg. Det
illustrerer kor alvorleg og viktig det arbeidet som no skal gjerast,
er.
Opplysningar som er framkomne i Epstein-dokumenta, reiser
spørsmål om m.a. mogleg misbruk av høgtståande offentlege stillingar
og verv, og norske myndigheitspersonar si moglege utveksling av
informasjon, tenester og kontaktar i lukka nettverk med antidemokratiske
eller kriminelle element. Dei reiser òg spørsmål om myndigheitspersonar
har vore eksponerte for påverknadsfare og moglege skadeverknader
for norske interesser, om mogleg kritikkverdig forvaltning av offentlege
midlar, og dessutan om dette har vorte gjort mogleg gjennom ukultur
og manglande kontroll i forvaltninga, og særleg i utanrikstenesta.
Hovudoppgåva til granskingskommisjonen er å
undersøkja forhold og problemstillingar som har vorte aktualiserte gjennom
offentleggjeringa av Epstein-dokumenta. Føremålet skal vera å sikra
eit avklart faktisk grunnlag for forståing og læring, betra integriteten
og openheita til norske styresmakter og gjera utanrikstenesta betre,
meir effektiv og meir målretta.
Forslaget til mandat frå presidentskapet byggjer
på føringar i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.
I tillegg til det som kjem fram der, er det teke inn noko om forhold
som det er vanleg å regulera i mandatet til slike granskingskommisjonar.
I tillegg til mandatet og § 19 i Stortingets
forretningsorden vil sjølvsagt den kommande særlova gje rammer for
arbeidet til kommisjonen.
Kommisjonen skal kartleggja og vurdera tidlegare
faktiske hendingsgangar. Han kan òg vurdera om det har skjedd lovbrot
eller andre former for brot på reglar eller retningslinjer, eller
andre kritikkverdige forhold. Kommisjonen skal derimot ikkje ta
stilling til rettsleg ansvar for enkeltpersonar.
Det er i den samanhengen verdt å merka seg
at det i forslaget til mandat er sagt at kommisjonen gjennom dialog
med politiet og påtalemyndigheita skal sørgja for at informasjonsinnhentinga
og arbeidet i kommisjonen elles ikkje skader eller vanskeleggjer
etterforskingsarbeidet der.
Forslaget frå presidentskapet til namn og samansetjing av
kommisjonen byggjer på føringar i innstillinga frå kontroll- og
konstitusjonskomiteen.
Presidentskapet har søkt å oppnå ein samla
kompetanseprofil på medlemene som i størst mogleg grad tek omsyn
til relevant og naudsynt kompetanse for arbeidet i kommisjonen. I
forslaget er det personar med erfaring innan gransking både frå
media, advokatverksemd og andre kommisjonar og liknande arbeid.
I forslaget frå presidentskapet er det òg personar med fleire andre
perspektiv, slik som tryggleik og etterretning, utanriks- og bistandspolitikk,
utanriksteneste og forvaltning.
I det føreslåtte leiarteamet har leiaren omfattande
leiarerfaring frå ei større medieverksemd innan granskande journalistikk.
Den føreslåtte nestleiaren har lang erfaring som lagdommar, og bidreg
dessutan til å sikra at dei juridiske rammene for arbeidet i kommisjonen
vert tekne godt vare på.
Sidan det på grunn av uavhengigheitsomsyn ikkje
er aktuelt med ein kommisjonsmedlem med bakgrunn frå norsk utanriksteneste,
har presidentskapet i tråd med føringane frå kontroll- og konstitusjonskomiteen
føreslått ein medlem med relevant fagbakgrunn og erfaring frå eit
av dei andre skandinaviske landa.
Kommisjonen vil òg få eit sekretariat med fleire
personar som har relevant fagleg kompetanse, og som vil kunna utfylla bakgrunnen
og erfaringa til kommisjonsmedlemene.
17. mar 202612:31· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes ansvar i forbindelse med Alexander L. Kielland-ulykken (Innst. 156 S (2025–2026), jf. Dokument 3:7 (2025–2026))
Eg tek ordet for ei oppklaring.
Det var representanten frå Raudt som i innlegget sitt gjorde meg
merksam på at Høgre, og for så vidt òg Arbeidarpartiet, ikkje var
med i det siste avsnittet i merknadene. Det er rett og slett berre
ein feil. Høgre stilte seg bak unnskyldninga som er gjeven frå Stortinget,
og me har òg stilt oss bak at det skal verta gjeve ein kompensasjon
til offera. Etter det eg forstår, var òg Arbeidarpartiet der at
dei støtta både ei unnskyldning og at det skulle verta gjeve ein
kompensasjon. Så slik sett kunne det vore ein komitémerknad.
17. mar 202610:20· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om oppnevning av granskingskommisjon for å undersøke forhold som har blitt aktualisert gjennom offentliggjøringen av Epstein-dokumentene (Innst. 160 S (2025–2026))
Forventningane til kommisjonen
er høge. Mandatet er knytt til å avdekkja eventuelle norske forbindelsar
til Jeffrey Epstein-nettverket og konsekvensane av det. Det er knytt
store forventningar til at kommisjonen granskar Utanriksdepartementet
og andre norske myndigheiter sin eventuelle kontakt med Epstein.
Det er forventa at kommisjonen gjennomgår dokumenta for å identifisera
norske personar, organisasjonar eller interesser som kan ha hatt
kontakt eller har motteke støtte eller annan påverknad frå Epstein-nettverket.
Det skal verta undersøkt om organisasjonar med tilknyting til miljøet
har motteke økonomisk støtte frå UD, etter avsløring om at 54 organisasjonar
fekk støtte utan ordinær utlysing. Spørsmålet er: Er det ein samanheng mellom
dette og eventuelt Epstein-nettverket.
Det er brei politisk einigheit om at granskinga
må vera grundig og snu alle steinar for å gjenoppretta tilliten
til norske institusjonar og norsk utanriksteneste. Granskinga kjem
til å verta tidkrevjande ettersom ein skal undersøkja forhold over ein
ganske stor tidsperiode. Det er òg viktig, trur eg, at dette ikkje
dreg altfor langt ut i tid, då det kan mista både sin aktualitet
og sin verdi for samfunnet. Det er viktige – som det vart påpeikt
av fleire her, og som det for så vidt òg står i innstillinga – at
det må vera ein form for fleksibilitet i det endelege mandatet som
presidentskapet legg fram for Stortinget, til å følgja nye spor
og nye funn ein oppdagar undervegs som kan vera viktig å forfølgja
i saka.
Det er òg påpeikt at Stortinget har det konstitusjonelle ansvaret,
og me er ikkje nokon domstol. Det trur eg det er viktig at ein i
samfunnet og ute elles tek med seg – domstolen, politiet og rettsapparatet
gjer sine vurderingar, og Stortinget har eit heilt anna ansvar i
dette.
Det skal verta spennande når me no får saka
til behandling i presidentskapet. Eg er peika på som saksordførar
i presidentskapet til å vera med og leggja fram det endelege mandatet
for Stortinget og føreslå aktuelle kandidatar til granskingskommisjonen,
før det vert endeleg vedteke her i denne sal.
Dette er eit viktig arbeid som er veldig viktig
for både Noreg, norsk utanriksteneste og innbyggjarane i Noreg.
Til sjuande og sist er det eit viktig prinsipp for Noreg at Noreg har
truverd i utanrikstenesta.
Forslaget til Raudt gjeld delrapportar, og
delrapportar kan ha ein funksjon. Men det kan òg utfordra det konstitusjonelle
ansvaret til sjuande og sist dersom ein delrapport peikar på noko
som kan verta eit konstitusjonelt ansvar – å peike på noko. Det
kan vera veldig uheldig for saka før ho er endeleg ferdig. Eg tenkjer
at granskingskommisjonen må få frie tyglar til eventuelt å melda
tilbake til Stortinget dersom dei føler behov for det i si sak,
utan at me nødvendigvis pålegg dei å koma tilbake til Stortinget
– det kan få negative konsekvensar for det endelege standpunktet
som Stortinget skal ta i saka.
5. mar 202620:35· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens årlige rapport om revisjon av statens eierstyring (Innst. 114 S (2025–2026), jf. Dokument 3:2 (2025–2026))
35:19] (ordførar for saka): Saka me
i dag behandlar, gjeld Riksrevisjonens årlege rapport om revisjon
av statens eigarstyring, som omfattar tolv eigardepartement og totalt
68 selskap. Det er i tillegg gjennomført fleire forvaltingsrevisjonar
i enkeltselskap, som er behandla særskilt.
Det er verdt å merka seg for regjeringa at
det er ein samla komité som meiner at undersøkinga tydeleg beskriv
godt at statens eigarrapportering inneheld for lite informasjon
til at ein i tilstrekkeleg grad kan informera ålmenta om statens
eigarutøving.
Statens eigarrapport inneheld f.eks. ingen
informasjon om eigardepartementas vurdering av selskapas oppfylling
av dei av statens eigarforventingar som er vesentlege for enkelte selskaps
måloppnåing.
Komiteen meiner departementa samla sett med
dette ikkje oppfyller målet for eigarskapsmeldinga om å stilla tydelege
forventningar til dei statlege eigde selskapa. Ein samla komité
sluttar seg difor til Riksrevisjonens vurdering av at dette ikkje
er tilfredsstillande.
Komiteen merkar seg òg at mange departement
ikkje har tilpassa og oppdaterte retningsliner for eigarstyringa,
som baserer seg på det enkelte selskaps eigenart, det som er vesentleg
for dei og risiko. Mange retningsliner er gamle, og fleirtalet av
departementa har ikkje oppdatert retningslinene i løpet av dei to
siste stortingsperiodane. Dette er heller ikkje tilfredsstillande.
Eg ser også at samferdselsministeren framleis
er i salen, så eg har ei lita helsing til han òg: Stortinget vedtok
i 2001 at kommersiell utnytting av overskotskapasitet i fiberinfrastrukturen
som er knytt til jernbanen, skulle vore organisert som eit aksjeselskap.
Samferdselsdepartementet meinte at statens overføring av eigarskapet
til fiberinfrastrukturen frå Jernbaneverket til Bane NOR SF var
tilfredsstillande. Riksrevisjonens vurdering er at Samferdselsdepartementet
burde ha orientert Stortinget om dette. Ein samla komité deler denne
vurderinga til Riksrevisjonen.
5. mar 202619:10· Replikk
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Linda Monsen Merkesdal, Ove Trellevik, Marthe Hammer, Kjersti Toppe, Sofie Marhaug, Frøya Skjold Sjursæther og Joel Ystebø om håndtering av kvikksølv og torpedoer ved U-864 (Innst. 107 S (2025–2026), jf. Dokument 8:72 S (2025–2026))
Rambøll påpeikte risikoen med
feil type torpedoar for mange, mange år sidan. Dei påpeikte at dei
var veldig usikre på kva type torpedoar dette er, og no kan det
umogleg vera nokon tvil om kva type torpedoar dette er. Det har
òg kome mykje ny informasjon i løpet av hausten, som me kan oversenda
til departementet, dersom det skulle vera nødvendig, men mi oppfordring
til statsråden er: Vil statsråden sørgja for at torpedoekspertane,
både hos FMA og hos Forsvaret – Forsvaret leigde jo ut ekspertane
sine til FMA – vert samla rundt det same bordet når du no skal laga
eit nytt mandat?
5. mar 202619:08· Replikk
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Linda Monsen Merkesdal, Ove Trellevik, Marthe Hammer, Kjersti Toppe, Sofie Marhaug, Frøya Skjold Sjursæther og Joel Ystebø om håndtering av kvikksølv og torpedoer ved U-864 (Innst. 107 S (2025–2026), jf. Dokument 8:72 S (2025–2026))
Når ein legg feil type torpedoar
til grunn, blir det sjølvsagt feil risikovurdering. Det er jo det
som er heile poenget, og to av dei etatane som er ueinige, har faktisk
lagt feil type torpedoar til grunn i sitt svarbrev til departementet.
Dei to andre påpeikar at den største risikoen oppstår når fartøyet
skal opp og bryta vasslinja, men det er altså ikkje slik at det
er nødvendig å heva ubåten, eller heva torpedoane, og bryta vassflata
for å fjerna torpedoane frå ubåtvraket. Så her er det etter mi meining
masse misforståingar. FFI, Forsvaret, FMA og Kystverket burde vore samla
rundt eitt bord og snakka i lag og sørgt for å eliminera alle sånne
misforståingar, og mitt spørsmål er: Trur statsråden at me kan eliminera
slike risikoar for misforståingar med å samla folk rundt eitt bord?
5. mar 202618:53· Innlegg
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Linda Monsen Merkesdal, Ove Trellevik, Marthe Hammer, Kjersti Toppe, Sofie Marhaug, Frøya Skjold Sjursæther og Joel Ystebø om håndtering av kvikksølv og torpedoer ved U-864 (Innst. 107 S (2025–2026), jf. Dokument 8:72 S (2025–2026))
Fyrst vil eg takka komiteen
og Stortinget for einigheita som har kome fram i denne saka. Det
set vi veldig stor pris på.
Denne ubåtsaka ved Fedje har vore gjenstand
for ei rekkje utgreiingar, men det største problemet i denne saka
er den følgjefeilen som har følgt saka frå utgreiing til utgreiing,
heilt sidan 2008. Heile tida har ein lagt til grunn feil type torpedo og
feil type tennapparat. Då vert naturlegvis også konklusjonen feil.
Risikovurderingane til Kystverket har til no basert seg på rapportar
frå 2008. Også ekspertutvalets rapport frå 2022 baserer seg på det
same underlaget. Mykje av dette arbeidet og konklusjonane herifrå
er verdilause, nettopp fordi dei tek utgangspunkt i feil type torpedo
og feil type tennapparat.
No kan det ikkje lenger vera nokon tvil om
kva type torpedo og tennapparat som er om bord i U-864. Det er veldokumentert
frå Forsvarsmateriell, FMA, i deira rapport som kom i fjor haust,
og i ettertid er det kome fram ytterlegare dokumentasjon som underbyggjer
nettopp dette. Forsvarets forskingsinstitutt, FFI, legg no i mars
fram ein rapport som skal vurdera risikoen ved tildekking av denne
typen torpedoar.
Eg vil i forbindelse med utarbeiding av det
nye tilleggsmandatet på det sterkaste oppmoda statsråden til å ta
med seg den erfaringa ein til no har hatt med samarbeidet med den meir
eller mindre private arbeidsgruppa frå offshorenæringa, og at denne
arbeidsgruppa vert utvida til også å inkludera forsvarssektoren,
med kompetanse på nettopp torpedo og tennapparat. Kompetansen hos
både FFI, Forsvaret og FMA bør nyttast samtidig. Mange av desse
spesialistane som er involverte i dag, har ikkje tidlegare delteke
i arbeidet med U-864, men det viser seg at dei har unik og viktig
kompetanse.
Regjeringa må ta med seg at det meste av kvikksølvet
må hentast opp, og at torpedoane må fjernast – anten ved heving av
delar av eller heile vraket, eller berre torpedoane. Moglegheitene
er fleire, men felles er at alle alternativa må gjerast før det
vert gjort tildekkingar av vraket og restane av kvikksølv. Det må
gjennomførast sjølvstendige risikovurderingar for fjerning av torpedoar
før tildekking. Alle risikoreduserande tiltak må nyttast.
No må regjeringa ein gong for alle setja alle
relevante krefter med rett erfaring og kompetanse saman, og sikra
at mesteparten av kvikksølvet kjem opp, at torpedoane vert fjerna
frå havbotnen, og at det som er igjen på havbotnen, vert tildekt
med tanke på lågast mogleg risiko i eit æveperspektiv. Når russarane
klarte å heva ubåten Kursk i 2001, for 25 år sidan, med atomreaktor
og torpedo om bord, bør jaggu me klara det også.
15. des 202510:16· Innlegg
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Finansdepartementet (rammeområde 14) (Innst. 10 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Det hadde nesten vore freistande
å be Riksrevisjonen sjå på FrPs alternative budsjett, for viss me
ser på side 36 i FrPs alternative budsjett, har dei ei ABE-reform
på 1,5 pst. Dei ønskjer kutt jamt over, flatt, overalt, bortsett
frå på sjukehus, bortsett frå på operative politistyrkar og bortsett
frå på Forsvaret. Dei skjermar jo ikkje Riksrevisjonen i sitt alternative
budsjett, i alle fall ikkje slik eg les det. Så her kunne det vore
kjekt om komitéleiaren kunne gjera greie for kva som faktisk er
tilfellet, om me skal lesa budsjettet slik me les det, ord for ord,
eller kva som eigentleg er FrPs alternative budsjett når det gjeld
ABE-reforma. Her oppfattar eg nesten at dei talar med to tunger.
Høgre står for ABE-reforma. Me meiner det er
rikeleg rom for ei ABE-reform i offentleg sektor. Det betyr sjølvsagt ikkje
at me skal gå på akkord med det som Riksrevisjonen skal utføra av
revisjon. Det handlar om å ta i bruk IT-verktøy, det handlar om
å ta i bruk AI, det handlar om å ta i bruk ny teknologi, nye arbeidsformer,
osv. Det handlar ikkje om å skalera ned revisjonen deira i det heile
– tvert imot.
Det me heller ønskjer å fokusera litt på, er
dette med at Noregs institusjon for menneskerettar skal oppbemannast,
og at ein ønskjer å ha meir ressursar. Me har hatt møte med dei, og
eg opplever at Noregs institusjon for menneskerettar har godt med
ressursar. Dei tilbyr Stortinget og enkeltrepresentantar rettleiing,
dei tilbyr fraksjonar rettleiing, dei tilbyr heile parti rettleiing,
og dei tilbyr heile komitear rettleiing i menneskerettar. Dei er
godt bemanna og har gode ressursar i Noregs institusjon for menneskerettar,
så me i Høgre ønskjer berre å vidareføra flatt det budsjettet som
dei hadde, trass i at dei har fått eit par nye oppgåver.
Eg er for så vidt heilt einig med komitéleiaren
når det gjeld det me erfarte her for eit par dagar sidan, før helga,
nemleg at PST ikkje er i stand til å gjennomføra oppdraget sitt, mandatet
sitt, at det er masse arbeid som ligg brakk fordi dei ikkje har
dei ressursane dei treng. Det er svært, svært kritikkverdig. Når
me attpåtil erfarer og les i avisene at menneskerettar vert brukte
som ei form for beskyttelse her i Noreg for utanlandske kriminelle,
er det sjølvsagt ikkje bra – når PST i tillegg ikkje er i stand
til å gjennomføra oppdraget sitt på ein god nok måte.
Me i Høgre står for budsjettet vårt, både ABE-reforma
og kuttet til NIM, som me ikkje ønskjer å prioritera opp.
4. des 202513:03· Innlegg
Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10
Tusen takk for debatten. Det
er veldig kjekt å høyra engasjementet frå fleire parti om kor viktig
det er å ha denne interpellasjonen, og ikkje minst det fokuset som
me treng for å få ein god internasjonal avtale og internasjonale
reglar som verkar. Eg er veldig takknemleg for at statsråden ønskjer
å følgja opp akkurat dette og gjera noko som verkar både her heime,
som ein seier, og ute i den internasjonale samanhengen. Eg støttar
veldig opp om at Noreg framleis skal ha ei leiande internasjonal
rolle i dette arbeidet, sånn som statsråden legg opp til.
Eg må få lov til å utfordra statsråden her
frå talarstolen i dag og invitera han til å ta imot denne vandrekvalen
ein månads tid i løpet av vinteren. Eg vil utfordra statsråden til
å ha han på kontoret sitt som eit symbol på framtidshavet og på at
han har Stortinget si støtte i det viktige arbeidet han skal gjera
når han skal prøva å få til betre og meir samhandling internasjonalt
for å få på plass ein internasjonal og god avtale som verkar, for
å få redusert dei utfordringane som plast i havet gjev oss. Takk
for debatten.
4. des 202512:46· Innlegg
Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10
Eg må få takka statsråden for
svaret. Dei løysingane me stort sett har hatt til i dag, har gått
ut på å rydda opp etter at me er ferdige med å bruka plasten. Me
sorterer, me resirkulerer, og me plukkar plast i fjøra. Samtidig
må me altså sjå på løysingar som meir går ut på korleis ein produserer
plasten, og korleis ein får forbrukaralternativ til plast.
Marin forsøpling er eit enormt problem for
det marine økosystemet, som me òg høyrer statsråden visa til og
illustrera godt i innlegget sitt. Likevel manglar me, slik eg oppfattar
det, gode løysingar for å stoppa straumen av plast til havet, plast
som òg kjem på avvegar. Dette Sweet Spot-prosjektet som er her i
Noreg, som er eit norsk tverrfagleg samarbeid for å identifisera
dei viktigaste kjeldene til område kor det er stor plastforureining
i norske farvatn, verkar på meg som eit godt, tverrfagleg prosjekt
med ei god tilnærming for å undersøkja om det finst gode løysingar
som kan gje ei varig endring på plastproblemet og plastforureininga.
Det tverrfaglege aspektet omfattar både maskinlæring, kunstig intelligens,
laboratorieanalysar, åtferdsendringar og styring av forsyningskjedar og
forretningsmodellar. Det er seks doktorgradsstillingar som er knytte
til dette prosjektet.
I studien har dei gått gjennom 52 forskjellige
tiltak her i Noreg kor me forsøkjer å hindra at plast hamnar i havet.
Gjennomgangen viste at dei fleste løysingane me nyttar, handlar om
resirkulering og rydding av strender, fjerning av mikroplast og
bruk av alternative materialar, utan at det kjem innom sjølve årsaka
til forureininga og det å ha eit alternativ til forbruket av plast.
Det er godt å høyra at statsråden tar med seg
utfordringane og ser på dette når me òg har moglegheita til å sjå
på anna enn berre å rydda opp, som å hindra at det vert produsert
så mykje plast, og å ha alternative måtar å sjå dette på. Det er faktisk
eitt av dei tiltaka som vert peika på av desse forskarane. Vi har
òg ein god strategi for dette her i Noreg, og sirkulærstrategien
til regjeringa er eigentleg veldig god på dette, men fokuserer kanskje
i for stor grad på økologisk berekraft og burde kanskje òg hatt
eit anna fokus. Eg håpar verkeleg at statsråden tar med seg erfaringane
herifrå når han skal ut igjen og diskutera den plastavtalen med
FN og korleis ein kan koma vidare internasjonalt.
Eg takkar altså veldig for svaret eg har fått,
og eg vil ønskja statsråden lukke til på ferda vidare med denne
problemstillinga.
4. des 202512:37· Innlegg
Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10
Marin forsøpling og plastforureining
hopar seg opp i verdshava i eit omfang som vi aldri har sett før.
Mengda plast som finst i hava, er rekna til å vera opp mot 150–200 mill.
tonn. Plastkvalen er kallenamnet til ein kval som stranda og vart
avliva på Sotra i 2017. Han fekk namnet Plastkvalen fordi forskarar
fann store mengder plast i magen, eit funn som skapte overskrifter
i media over heile verda, og dermed meir merksemd rundt det globale
problemet med marin forsøpling. Plastkvalen var ein ung hann som
var rundt 6 meter lang og vog 2 tonn. Då magen vart opna, vart det
tydeleg at heile magesekken var fylt til randa av plast. Over 40
plastposar, plastsekkar og store plastflak låg trykte saman i ein
stor ball.
Funnet av plasten i magen til kvalen fekk brei
dekning i media, både i Noreg og internasjonalt, og mellom anna
laga britiske Sky News ein dokumentarfilm om plastforureining, som
tok utgangspunkt i saka om Plastkvalen på Sotra. Plastkvalen var
eit viktig referansepunkt og symbol i kampen mot plastforureining
i havet. Rapportane om plasten i kvalmagen førte til eit stort fokus
på dette problemet, og engasjement i befolkninga førte til ei stor
oppslutning om dei mange aksjonane som vart sett i gang for å rydda
strender langs norskekysten. Stortinget har for tida ein modell
av denne plastkvalen i «kvalnøtt-tre» som skal på vandring mellom
ulike institusjonar dei nærmaste åra. Modellen har besøkt administrasjonen, næringskomiteen
og energi- og miljøkomiteen, og han står i presidentskapet på kontoret
mitt. Så viss nokon ønskjer å sjå denne modellen, er dei hjarteleg
velkomne på mitt kontor.
Målet med denne vandrekvalen er å retta merksemda
mot utfordringar med plast i havet, og at vi saman kan finna gode løysingar
på desse utfordringane. Dette er fordi marin forsøpling hamnar i
havet, både direkte og indirekte via land, elvar og atmosfæren.
Dei viktigaste kjeldene til plast i havet er avløpsvatn, slitasje
på plastprodukt som tekstil og bildekk, avrenning frå land og lekkasje
frå plastprodukt i næringa og blant oss forbrukarar. Marint liv
og økosystem vert påverka negativt av plast og mikroplast. I tillegg
utgjer mikroplast i desse økosystema eit potensial for risiko for
menneske sin helse. Til dømes gjennom konsum av sjømat, avhengig
av type, storleik og plassering, kan marin forsøpling av plast forårsaka
øydeleggjande effekt på marint liv. Det finst gode bevis på at flytande
plast kan transportera kjemikaliar og sjukdomsframkallande bakteriar
i kystområda, der dei utgjer risiko både for økosystem og for menneskeleg
helse.
Eg deltok som Stortinget sin representant på
FN sin havkonferanse, som i år var i Nice i Frankrike. Havkonferansen hadde
fokus på å sikra framdrift i internasjonale havprosessar. Havbruk,
fiskeri, olje, maritim verksemd og alt vi driv med langs kysten,
er viktig for Noreg, og utan berekraftig forvalting og bruk går
det fort ut over oss sjølv her heime også. Havet genererer omtrent
halvparten av oksygenet i planeten, absorberer 30 pst. av alle CO2-utslepp
og fangar over 90 pst. av den overskytande varmen som blir generert
av desse utsleppa. Havet er jordas største karbonlager, så kvalitet
i havet betyr noko for oss alle. Det blir no forhandla om ein global plastavtale,
og Solberg-regjeringa utarbeider Noregs plaststrategi, så Noreg
ligg truleg og forhåpentlegvis godt an. Den første runden med offisielle
forhandlingar om den internasjonale plastavtalen var sett til august
i Genève år i Sveits. Eg er spent på kva som er status på den internasjonale
plastavtalen?
20. jun 202509:03· Innlegg
Eg anbefaler Høgre sine medlemer
å stemma imot forslaget.
19. jun 202516:30· Innlegg
Eg vil òg takka statsråden
for utgreiinga. Det vitnar om at Havindustritilsynet og Equinor
tek tak i saka og gjennomfører ei gransking på kvar si side. Det
er sjølvsagt lett i etterkant å kritisera kva som burde vore gjort,
og når det burde vore gjort. Det viktigaste av alt er kanskje at
me kjem til botns i saka. Eg er heilt einig med førre talar om at openheit
er viktig, om både årsak og prosessane rundt.
Som statsråden seier, skal det vera trygt å
gå på jobb. Det er heilt avgjerande at ein følgjer dei norske reglane når
det gjeld både HMS og anna som gjeld for norske arbeidsplassar.
Eg er trygg på at desse granskingane vil avdekkja det og sørgja
for at me kjem på rett veg igjen i denne saka, som er svært uheldig
for både selskapa og alle andre involverte aktørar.
Det er mange som i dag besøkjer sånne anlegg
langs kysten vår, og det er mange som jobbar der. Det at det er openheit
rundt resultata av desse granskingane som kjem, for å skapa nødvendig
tillit både til Equinor, til prosessanlegga generelt, og til at
det er trygt å bevega seg på desse anlegga og besøkja desse anlegga,
er sjølvsagt veldig, veldig viktig for samfunnet.
16. jun 202512:50· Innlegg
Dette er berre ei stemmeforklaring.
Viss det skulle vera nokon tvil, ønskjer Høgre òg å stemma for forslag
nr. 17, altså det lause forslaget til denne saka.
16. jun 202512:18· Innlegg
Solberg-regjeringa sette ned
eit uavhengig lovutval for å gjennomgå regelverket og føreslå endringar
i motorferdsellova. Eit viktig poeng for Solberg-regjeringa med
å setja ned eit lovutval var nettopp at ein skulle sjå lova under
eitt, og ikkje gjera enkeltjusteringar utan å sjå dette i ein heilskap.
Motorferdsellovutvalet leverte si utgreiing
og sitt forslag til ei heilt ny motorferdsellov den 21. mai 2024. Framleis
har ikkje Støre-regjeringa klart å levera ein lovproposisjon til
Stortinget, sjølv ikkje med Senterpartiet i regjeringskontora.
Høgre er særs kritisk til framdrifta frå Støre-regjeringa.
I lys av at det er føreslått ei ny og heilskapleg lov om motorferdsel
i utmark, og at det er kome svært mange innspel til heile lovforslaget,
ser Høgre det som uhensiktsmessig og lite føreseieleg å skilja ut
nokre enkeltelement no og behandla desse isolert, utan å vurdera
dei ein heilskapleg samanheng. Det er sider ved det å gjera lovendringar
gjennom Dokument 8-forslag som gjer at Høgre i utgangspunktet er
forsiktig med å støtta slike lovendringsforslag.
Samtidig har Høgre tidlegare uttrykt støtte
til større kommunalt sjølvstyre i den praktiske utøvinga av motorferdsellova,
noko fleire av Senterpartiets forslag er inne på. Me er altså om
ikkje heilt på linje, så iallfall ganske nært Senterpartiets intensjon
om auka lokalt handlingsrom, og det står i kontrast til Arbeidarpartiets meir
sentralistiske haldning og tilnærming i denne saka.
Høgre fremjar difor saman med Kristeleg Folkeparti eit
alternativt forslag der vi ber regjeringa leggja vekt på auka lokalt
sjølvstyre i det komande lovforslaget, i tråd med fleire av momenta
i forslaga frå Senterpartiet, framfor å støtta isolerte enkeltforslag
no.
Eg tek opp forslaget frå Høgre og Kristeleg
Folkeparti.
2. jun 202518:25· Innlegg
Noreg si stegvise tilnærming
i leiteprosessen for havbotnmineral er at det først vert gjeve løyve
til leiting med eit fastlagt arbeidsprogram bestemt av myndigheitene.
Krava inneheld prosjektspesifikke miljøundersøkingar og biologisk
kartlegging. Når dette lisensarbeidsprogrammet er gjennomført, kan
det søkjast om løyve til utvinning. Prosessen er godt beskriven
i havbotnminerallova, vidare i Meld. St. 25 for 2022–2023 og i Stortinget
si innstilling i saka. I denne prosessen vert det både høyringar,
samarbeid og kunnskapsdeling mellom statlege myndigheiter og næringsaktørar.
Kunnskapen om økosystemet i djuphavet er framleis svært mangelfull.
Samarbeid mellom alle interessentar er nøkkelen til betre kunnskap.
Utvinning av mineral frå havbotnen kan i framtida
verta ei ny og viktig næring for Noreg og samtidig bidra til å sikra den
globale tilgangen på viktige metall og mineral. Difor er det viktig
å koma i gang med konsesjonsprosessen. Det er synd at Høgre og Framstegspartiet
ikkje får fleirtal for dette i dag. Eg tek likevel opp det forslaget
Høgre er med på å fremja.
Ein føresetnad for mineralutvinning er at ressursane
kan haustast på ein lønsam måte, med akseptabel grad av miljøpåverknad.
For å få avklart dette er opningsprosessen Stortinget nyleg vedtok,
avgjerande. Han legg grunnlaget for å starta ei vurdering av område
slik at andre aktørar enn staten også kan leita, og når kunnskapsgrunnlaget
eventuelt skulle tilseia det, kan det utvinnast mineral.
Det vil krevja ytterlegare kunnskapsinnhenting
før ein eventuelt kan godkjenna utvinning. Det handlar altså om
å skaffa meir kunnskap om miljøkonsekvensane før ein startar med
utvinning. Difor er det viktig å koma i gang med konsesjonsprosessane.
2. jun 202518:05· Innlegg
Avfallsforbrenningsavgifta
er ei avgift på CO2-utslepp, og i utgangspunktet i tråd med
prinsippet om at forureinaren skal betala. Det er likevel uheldige
verknader av avgifta. Forbrenning av avfall til fjernvarmeproduksjon
er ein ønskt aktivitet, men verken avgiftsnivået eller kvoteplikta
til slike anlegg er harmonisert mellom Noreg og nabolanda. Dermed
kan avgiftsforskjellen gje insentiv til eksport av avfall til svenske
fjernvarmeanlegg med større kapasitet og lågare drifts- og avgiftskostnader. Difor
meiner me i Høgre at regjeringa si oppfølging av oppmodingsvedtak
nr. 514 i Innst. 205 S for 2023–2024 kunne vore betre. Høgre er
difor strålande fornøgd med at heile komiteen no er med og sikrar
at regjeringa atter ein gong må gjennomgå rammevilkåra for avfallsforbrenning
for å unngå konkurransevriding, og samtidig vurdera konsekvensen
for fjernvarme.
Utsleppa må prisast der utsleppa oppstår, i
samsvar med normale grunnprinsipp i norsk og europeisk klimapolitikk. Den
europeiske kvoteprisen varierer frå dag til dag. Den beste måten
å oppnå likebehandling på er difor truleg å inkludera all avfallsforbrenning
med innfyrt effekt på t.d. 15–20 MW i EUs kvotehandel. Alternativt
må CO2-avgifta spegla kostnadsbelastinga for kvotepliktige
avfallsforbrenningsanlegg i Skandinavia over tid. Ei slik avgjerd
er umogleg å ta i eit Dokument 8-forslag, men Stortinget må kunna
forventa at regjeringa arbeider meir målretta for å løysa desse
utfordringane enn det me har sett til no.
15. mai 202517:47· Innlegg
Eg vil gjerne tilbake til forslagsstillarane
og representanten frå Framstegspartiet si undring over kvifor Høgre
ikkje kunne stemma for forslag me var for. Eg sa i innlegget mitt
at me var for fleire av forslaga som vert fremja her, og me har
faktisk fremja nesten likelydande forslag sjølv her i denne salen.
Det som kom ut av debatten den gongen, var jo det som statsråden
her nemner – at dei har sett ned kjernekraftutvalet, som jobbar
med ei rekkje av desse spørsmåla.
For Høgre handlar dette altså om prosessen
framover og ikkje nødvendigvis om dei forslaga som vert fremja her.
For Høgre er det viktig at me held trykket oppe i spørsmålet om kjernekraft,
og at me skaffar oss den kunnskapen som me treng for å kunna ta
ein god debatt om kjernekraft – fordelar, ulemper, risiko, sårbarheiter.
Det skal me gjera når me har skaffa oss den kunnskapen som kjernekraftutvalet
skal gje oss.
Det ligg òg i mandatet til kjernekraftutvalet
at dei skal søkja samarbeid og vurdera samarbeid med andre land.
For min del meiner eg at det dekkjer godt samtlege spørsmål som forslagsstillarane
reiser. Dei er ivaretekne på ein svært god måte. For Høgre handlar
ikkje dette om å vera med på å laga offensive vedtak inn mot ein
valkamp, slik som forslagsstillarane her seier. For Høgre er dette
mykje, mykje viktigare. Det handlar rett og slett om framtida og
korleis me skal sikra nok energi til innbyggjarane våre også etter
2050.
15. mai 202517:09· Innlegg
Ove Trellevik (H) [17:09:19] (ordførar for saka): FNs klimapanel
og Det internasjonale energibyrået, IEA, har begge slått fast at
kjernekraft må vera ein del av løysinga for å nå dei globale klimamåla
innan 2050. Forslagsstillarane reiser i så måte ei rekkje viktige
og interessante forslag.
I Europa satsar ei rekkje land på meir kjernekraft,
bl.a. Frankrike og Storbritannia. I det nordiske kraftsystemet er kjernekraft
allereie ein viktig del av grunnlasten gjennom anlegg i Sverige
og Finland.
Eg trur vi kan slå fast at det er dei naturlege
føresetnadane for vasskraft som hittil har gjort at det ikkje har
vore behov for kjernekraftproduksjon i Noreg. Vi har jo nytta oss
av kjernekraft, men då i form av kraftutveksling med våre naboland. Eigen
kjernekraftproduksjon føreset eit omfattande offentleg regime for
atomsikkerheit, strålevern og avfallshandtering av radioaktivt avfall,
som ikkje er på plass i Noreg i dag.
I lys av debatten om kva kraftkjelder Noreg
bør satsa på framover, er det behov for eit betre kunnskapsgrunnlag
om fordelar og ulemper med kjernekraft i den norske energimiksen
fram mot 2050, inkludert kva det eventuelt vil krevja av regelverksarbeid
og investeringar i infrastruktur. Det vil i dette arbeidet vera
naturleg å sjå til erfaringar frå andre land i nærområda våre og
vurderingar av potensialet i ny teknologi på området.
Høgre ser fram til at kjernekraftutvalet legg
fram sin rapport, og me vil deretter vera med og staka ut vegen
vidare. Me i Høgre er soleis positive til kjernekraft, og me har
fremja fleire forslag her i Stortinget om dette temaet. Fleire av
dei fell saman med intensjonen som dagens forslagsstillarar har.
Eg reknar med at forslagsstillarane sjølve vil gjera greie for sine forslag
her i dag.
Sjølv om ein ikkje stemmer for forslaga, betyr
det ikkje at ein er imot forslaga. For Høgre handlar det i spørsmålet
om kjernekraft meir om prosess enn om sak. Høgre vil avventa rapporten
frå kjernekraftutvalet og ikkje starta med parallelle prosessar
på ulike tema. Så får heller regjeringa ta ansvaret for mandatet
til kjernekraftutvalet – og den kanskje romslege tida dei har fått
til disposisjon.
15. mai 202516:37· Innlegg
Det er ingen tvil om at datasenter
er ein integrert og viktig del av norsk økonomi. Det handlar om
mykje meir enn berre underhaldningsindustrien. Både offentleg og
privat sektor har behov for å lagra og arbeida med dataa sine her
i Noreg, og det behovet kjem til å auka betydeleg etter kvart som
kunstig intelligens vert viktigare for stadig fleire verksemder.
Intensjonen i i alle fall to av forslaga som
vert fremja her i dag, ligg allereie på bordet til regjeringa. Det
eine går på å utnytta spillvarmen frå datasenter der det ligg til
rette for det. Høgre har fremja dette forslaget tidlegare. Det andre
forslaget handlar om eit forbod mot utvinning av kryptovaluta på
norsk jord. Også det er eit viktig forslag. Me veit at kryptoutvinning er
svært kraftkrevjande. Me veit også at det vert konkurranse om krafta
framover. I datasenterverda er det andre former for datasenter me
heller bør prioritera krafta til.
Høgre stemmer ikkje for forslaga her i dag,
for dei går lenger enn forslaga til Høgre og dei forslaga Høgre
fekk fleirtal for.
Eg trur forslaga som vert fremja her i dag,
kanskje òg kan verka mot si hensikt. Dei vitnar kanskje om manglande
forståing for nettopp den betydninga datasentera har for norsk økonomi.
Det å f.eks. ha eit eige konsesjonsregime for datasenter, men ikkje
for andre kraftkrevjande verksemder, kan eg ikkje sjå at kan vera
veldig hensiktsmessig.
Det internasjonale energibyrået, IEA, har spådd
at datasenter vil auka kraftbehovet med inntil 230 TWh per år etter 2025,
altså frå i år og framover. Dette kjem òg til å påverka etterspurnaden
etter kraft i Noreg. Kraftbehovet i framtida vil verta nærmast umetteleg.
Skal me klara å integrera og innpassa datasenter direkte inn i det
eksisterande kraftsystemet, slik me gjer i Noreg, vert det fort
mykje motstand. Det ser me allereie på forslaga som vert fremja
i dag – ordlyden vert skarpare.
Viss ein kjem til det punktet at datasentera
bidreg til å skaffa eigne energiløysingar lokalt, trur eg det kan
snu motstanden. Dersom datasentera f.eks. hjelper til med ny kraftforsyning,
vil datasenter og kunstig intelligens hjelpa til med det grøne skiftet,
i tillegg til at bruken av kunstig intelligens vil vera ein viktig
del av energisystemet framover. Me treng meir kraft – mykje meir
kraft – men dessverre har ikkje regjeringa fått til noko særleg
kraftutbygging, og det har på mange måtar stoppa opp under denne
regjeringa. Berre konsesjon til 0,5 TWh ny kraftproduksjon held
rett og slett ikkje. Regjeringa må ta grep.
19. feb 202512:35· Replikk
Finansministeren har nyleg
fått eit råd frå Rådgjevande utval for finanspolitiske analysar.
Dei oppsummerte det veldig godt:
«Staten bør ikke støtte utbygging av
samfunnsøkonomisk ulønnsom kraftproduksjon eller subsidiere økt
kraftforbruk, og bør definitivt ikke støtte begge deler på en gang.»
Støttar finansministeren dette, og vil han
følgja opp desse råda frå utvalet?
19. feb 202512:34· Replikk
Støre-regjeringa har store
og ambisiøse mål, bl.a. om 10 TWh-reduksjon i straumforbruket i
forbindelse med energieffektivisering. NVE meiner at dette kan kosta
400 mrd. kr – dette samtidig som regjeringa synest det er ein god
idé å byggja 30 GW havvind, som kostar kanskje opp til både 2 og
3 kr/kWh, og samtidig som ein ønskjer å subsidiera straumprisen
ned til 40 øre for forbrukarane. Ein skal altså subsidiera produksjon,
ein skal subsidiera forbruk, og ein skal subsidiera enøk. Kva tenkjer
finansministeren om desse paradoksa?
19. feb 202512:31· Innlegg
Eg må få lov til å stilla meg
i rekka av dei som ønskjer finansminister Jens Stoltenberg tilbake
i norsk politikk. Og eg må få lov til å seia at eg kom inn det året
Stoltenberg for ut, men eg får verkeleg håpa at ikkje mi tid i norsk
politikk er over sjølv om Stoltenberg er tilbake i norsk politikk.
Spørsmålet mitt er:
«Hvordan vil «Norgespris» påvirke gjennomføringen
av finanspolitikken for 2025, herunder behovet for å gjøre innstramninger
på andre områder i revidert nasjonalbudsjett?»
11. feb 202514:01· Innlegg
50-årig historie vert utfordra,
hevdar fleire. Men det er slik at det i 2005, i forbindelse med
Stortingets vedtak om supplering av verneplanen for vassdrag, vart
opna opp for å gje tillating til opprusting av kraftverk i verna
vassdrag som var bygde før vernevedtaka. Så det er altså ein del
elvar som vart bygde ut før vernevedtaka kom på plass. I 2005 vart det
altså opna opp for konsesjonsbehandling av småkraftverk med installert
effekt opptil 1 MW. For Bjerkreimsvassdraget i Rogaland vart denne
grensa satt til 3 MW.
Ingen elvar og vassdrag er like. Difor er grensa
på 1 MW uhensiktsmessig i mange elvar, og dette er godt illustrert
når Bjerkreimsvassdraget kan byggjast ut til 3 MW. At Stortinget
fjerna denne uhensiktsmessige talgrensa, burde vera heilt naturleg.
Det er den faktiske påverknaden av miljøet – og verneverdiane –
som er viktig, ikkje størrelsen på generatoren.
Eg synest det har vore ein oppklarande og fin
debatt. Eg synest statsråden svarar veldig godt, og han konkluderer
med at fleire prosjekt kan søkja når me no opnar opp for flaumdemping
der samfunnsnytten er betydeleg. Når fleire kan søkja, forventar
eg òg at det vert gjeve tillating til fleire over 1 MW, slik at
me faktisk kan få meir kraftproduksjon i dei komande åra.
4. okt 202410:39· Innlegg
Mykje av fokuset til regjeringspartia
er på meir velferd, og det er lite fokus på bedriftene og behova
til næringslivet. Støre nemnde at bedriftene og næringslivet hadde
eksportoverskot. Han nemnde ikkje at mykje av eksportoverskotet
kjem av ei svak krone. Det er det meste av årsaka, spesielt langs
kysten.
I september har eg reist langs heile kysten
frå Kristiansund i nord til Haugesund i sør og besøkt ei rekkje
bedrifter i området mitt. Det er ei stor bekymring der ute for ordretørke
no når effektane av oljeskattepakken minkar. Prosjekta begynner
å verta ferdige, men det er ingen nye prosjekt som kjem inn. Oljeskattepakken skulle
vera ein brubyggjar mellom oljeøkonomien og den nye satsinga innanfor
f.eks. havvind, men det lèt venta på seg. Fasiten er ordretørke,
frustrasjon og bekymringar.
La meg nemna nokre konkrete saker som ville
skapt vekst, framtidstru og utvikling om ikkje det var for politikken
til regjeringa. I forhandlingar med SV har regjeringa trekt tre
blokker for leiting etter olje og gass. 26. konsesjonsrunde kjem
ikkje i det heile med denne regjeringa. Nye funn kunne bidratt til
å halda fram med aktiviteten på verfta. Den ekstremt negative haldninga til
Wisting-feltet frå regjeringa sin budsjettpartnar SV bidrog til
at prosjektet vart lagt i ein skuff. Regjeringa har halvert satsinga
på havvind i Sørlege Nordsjø Il, og heile prosjektet med ikkje å
ha kablar til resten av marknaden har skapt ei stor usikkerheit
rundt havvindsatsinga til Noreg. Satsinga er altfor usikker. Samanstillinga
av turbinane kjem mest sannsynleg til å skje hos eksisterande verdikjeder
og på eksisterande areal i Danmark. Dette erfarer eg no langs kysten.
Utsira Nord var tenkt til fleire industriutviklingskonsept for å
modna fram dei beste konsepta på verfta langs kysten før storskalasatsing
på flytande havvind. Regjeringa vil no satsa alt på eit lodd, og
verftsmiljøa langs kysten fryktar det verste, nemleg at heile havvindsatsinga
vil gje minimalt med ringverknader langs kysten.
Som følgje av regjeringas manglande evne til
å få fart på kraftproduksjonen, har elektrifiseringa av sokkelen
stoppa opp. Industripartnarskapet til regjeringa har havarert. Industrien
står klar til å bidra med meir kraft, men det er heilt i det blå
kor krafta skal koma frå. Elektrifiseringa av ferjer og båtar har
stoppa opp, og summen av elektrifiseringsprosjekta kunne ha gjeve
37 000 årsverk totalt.
Høgre har òg føreslått ei miljøteknologiordning
for havbruk. Me har eit nedtrekk på fleire milliardar i volum på
havbrukssektoren på Vestlandet. Den nye miljøteknologiordninga som
låg gryteklar frå Solberg-regjeringa, er etter tre år enno ikkje
komen. (Presidenten klubbar.) Det kunne gjeve mange, mange nye industriarbeidsplassar
langs kysten vår, om me hadde fått satsa på ny teknologi.
3. okt 202413:11· Replikk
Då oppfattar eg det slik at
dersom EU revurderer sine planar og sitt tempo framover, vil Miljøpartiet
Dei Grøne støtta ytterlegare aktivitet på norsk sokkel – dersom
EUs planar vert skuva på. Det er slik eg oppfattar det.
Det er òg slik at vi her i Noreg har ein veldig
stor offentleg sektor, omtrent dobbelt så stor som i EU. Det er ikkje
tvil om at ingen land har vorte så vellykka som Noreg utan å ha
ein sterk og livskraftig offentleg sektor. Privat sektor er, i motsetning
til store delar av offentleg sektor, utsett for konkurranse. Det
fremjar innovasjon, lønsemd, produktivitetsvekst og mykje velstand
å ha ein god privat sektor. I den førre trontaledebatten, for eitt
år sidan, sa representanten at ein må ha meir statskapitalisme i
Noreg. Står representanten inne for same påstand i dag, når ein
no tek til orde for å verta fullt medlem i EU?
3. okt 202413:09· Replikk
Når det gjeld forslaga til
Miljøpartiet Dei Grøne, er det fleire her. Eitt av forslaga er at
Stortinget ber regjeringa setja i gang ei utgreiing av vegen fram
mot fullt medlemskap i EU. Så høyrer me samtidig at representanten
her seier klart og tydeleg at det ikkje er plass til meir oljeleiting,
og dei ønskjer å fasa ut 98 pst. av produksjonen vår innan rimeleg
kort tid. Dersom me skulle verta fullt medlem i EU, ville Miljøpartiet
Dei Grøne ha akseptert at det er EUs etterspørsel etter petroleum
som då vil påverka og styra norsk aktivitet på norsk sokkel?