Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Grunnlova § 75 seier klart at det står til denne salen å fastsetje skattar og avgifter i Noreg. Finansministeren har vore ute og omtrent trua Stortinget med at det er ulovleg viss ein gjennomfører vedtaket, og at bedrifter må betale tilbake igjen avgift. Då er mitt spørsmål, for å snu heile saka: Har finansministeren vore ute og sendt same trussel ut til europeiske bedrifter, når finansministerens regjering har auka skattar, avgifter og CO2-avgifta dei siste åra, som då vil medføre ein disfavør for norske bedrifter og ein fordel for utanlandske bedrifter? Då skulle det vere rimeleg at den trusselen vart send til utlandet på same måten som den trusselen vi får når vi gjer vedtak i vår eiga nasjonalforsamling om våre eigne bedrifter. Har finansministeren sendt den meldinga til europeiske bedrifter, om å betale tilbake til Noreg?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
