Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for svaret og forståinga frå statsråden for at dette er eit veldig viktig tilbod. Det er ikkje først og fremst for Senterpartiet, men for kvinner, for familiar, som har lang reiseveg til eit trygt fødetilbod. Fødestova i Brønnøysund er jo ikkje der utan grunn. Det er fordi det er på den måten vi kan gje kvinner eit mest mogleg likeverdig tilbod når ein skal føda barn, og at ein kan føda barn med helsepersonell til stades, og ikkje ved f.eks. ein transportfødsel. No har det jo kome ut at ein set arbeidet med rekruttering på vent inntil helseføretaket har bestemt seg. Det synest eg er urovekkjande når det er rekruttering som vil kunne få tilbake igjen eit forsvarleg miljø. Kan statsråden kommentera det?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
