Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg oppfattar statsråden slik at arbeidet med nytilsetjingar ikkje må avsluttast, og at det framleis må jobbast for å kunna oppretthalda det veldig viktige fødetilbodet for kvinner i dette området, som har veldig lang reiseveg til eit anna fødetilbod. Det skal alltid vera forsvarlege tenester, men derifrå til å leggja ned eit heilt sentralt helsetilbod er ein høg terskel. Ein legg jo ikkje ned ein sjukeheim i ein kommune sjølv om det er mangel på sjukepleiarar. Ein prøver alt ein kan. Vi høyrer òg for mange historier om at det ikkje er ein reell prosess. No kan ikkje eg seia noko om det, men det er iallfall det vi høyrer. Så eg vil igjen spørja: Dersom det vert eit vedtak i føretaksstyret, vil statsråden få denne saka på sitt bord?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
