Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. apr 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 29. april 2026 kl. 10

Innlegget

Lønsgarantiordninga skal bidra til tryggleik for personar som mistar jobben etter ein konkurs, og ein auke i talet på konkursar dei siste åra gjer at det kjem inn mange søknader. Dette påverkar saksbehandlingstida i ordninga. Saman med ein auke i talet på saker om andre ytingar i arbeids- og velferdsetatens forvaltning har dette dessverre gjeve lange saksbehandlingstider, som representanten viser til. Eg er kjend med at det har vore utfordringar på dette området over tid. Sidan 2024 har arbeids- og velferdsetaten gjort fleire tiltak for å korte ned saksbehandlingstida i ordninga. Arbeids- og velferdsetaten har tilsett fleire saksbehandlar, og det er gjort justeringar i rutinane. Saksbehandlingstidene som etaten viser til på nettsidene sine, skal kommunisere når ein kan forvente at dei fleste søknader vil vere ferdigbehandla. Om lag 80 pst. av lønsgarantisakene blir behandla innan åtte veker, altså vesentleg raskare enn dei 13 månadene som representanten viser til. Samtidig veit me at det er mange saker som tek for lang tid. Arbeids- og velferdsdirektoratet har informert om at opplæring og opparbeiding av breiddekompetanse tek tid, og at effekten i saksbehandlingstidene etter tiltaka kjem gradvis. Sjølv om dei tiltaka som er sette i verk, er viktige, gjev Arbeids- og velferdsdirektoratet tilbakemelding om at det vil ta noko tid før ein kan sjå dette i statistikken. Eg har stor forståing for at det er krevjande for arbeidstakarar å vente lenge på utbetaling av lønsgaranti. Det er positivt at saksbehandlingstida har gått noko ned sidan i fjor. Samtidig er saksbehandlingstida for lang. Arbeids- og inkluderingsdepartementet følgjer denne utviklinga tett, i dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet, og etaten kjem til å fortsetje med å ha merksemd på tiltak som kan bidra til ytterlegare reduksjonar i saksbehandlingstidene.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat