Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Noreg har ei anna lønsgarantiordning enn Sverige. I Noreg er det Nav Lønnsgaranti som har ansvaret, og ikkje bustyrar, som representanten viser til. Å innrette den norske lønsgarantiordninga etter mønster frå Sverige ville ha innebore at bustyrarane ville måtte overta arbeidsoppgåvene som i dag ligg hos Nav Lønnsgaranti. Det er verdt å merke seg at den svenske Riksrevisionen har peikt på at det er tydelege indikasjonar på misbruk av den svenske lønsgarantiordninga. Regjeringa er oppteken av å få ned saksbehandlingstidene og har bedd Nav om å gjere endringar i rutinane for å bidra til at ein større del av sakene blir behandla raskare i dag. Her er rutinane endra, ein har via ekstra merksemd til saksbehandlarane, og ein kjem, som eg nemnde, til å følgje nøye med på denne utviklinga i det vidare. Eg vil nok åtvare mot å sjå rett til den svenske ordninga, gjeve det den svenske Riksrevisionen har peikt på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
