Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. apr 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 29. april 2026 kl. 10

Innlegget

Ja, ein betydeleg andel ideelle aktørar i barnevernet ligg til grunn for politikken til Arbeidarparti-regjeringa. Mitt viktigaste mål på institusjonsområdet er at barn som ikkje kan bu heime og treng opphald på barnevernsinstitusjon, får ein god og tilpassa institusjonsplass når dei treng det. Dei ideelle leverandørane har ei viktig rolle i å sikre kapasiteten i dette. Det er formidla både i møte med dei ideelle aktørane og i styringa av Bufdir. I styringa av sektoren må me òg forhalde oss til at det dei siste åra har vore store utfordringar med kapasiteten i tilbodet. Det har ført til at barn og ungdom ikkje har fått ein forsvarleg institusjonsplass når dei har trunge det, og det er ein situasjon me ikkje kan leve med. Difor har regjeringa prioritert betydelege budsjettmidlar. Sjølv om situasjonen framleis er utfordrande, har me heldigvis sett ei betring når me snakkar om brota på bistandsplikta, frå i fjor og så langt i år. Framover skal institusjonstilbodet gradvis bli omstilt til meir fleksible institusjonar som skal ivareta barn med ulike behov. Me skal ha høgare kapasitet, fleire langsiktige avtaler og ein reduksjon i omfanget av enkeltkjøp. Dette vil gje eit godt fagleg grunnlag for samarbeid med aktørane om utviklinga av tilbodet, og Arbeidarparti-regjeringa har eit tydeleg ønske om å inkludere dei ideelle leverandørane i det. Eg ynskjer eit styrkt ideelt tilbod, men å setje eit nytt prosentmål no meiner eg har noko høg risiko. Det er ikkje klart om dei ideelle leverandørane vil kunne levere ein kapasitet av det omfanget og med den geografiske spreiinga me treng, og det vil òg vere å vedta ei strukturell endring no, parallelt med andre omfattande og krevjande endringar i institusjonsbarnevernet. Når det gjeld det heilt formelle, blei vedtaket det blir vist til, fatta under den førre regjeringa og orientert om i oppfølginga av budsjettforslaget for 2019. På grunnlaget av denne orienteringa utkvitterte kontroll- og konstitusjonskomiteen oppmodingsvedtaket, og vedtaket om det blei fatta i 2019. Formelt sett gjeld difor ikkje denne oppmodinga lenger, men eg vil understreke at det for Arbeidarparti-regjeringa ligg fast at me ynskjer at dei ideelle skal ha ein betydeleg og langsiktig plass i institusjonsbarnevernet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat