Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. apr 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 29. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg er heilt einig. Eg trur Raudt og Arbeidarpartiet er einige om veldig mykje når me snakkar om både retninga og innhaldet i barnevernet. Det har vore veldig viktig for meg sidan eg blei barne- og familieminister i fjor, å ta grep for å få ned brota på bistandsplikta. Eg opplever òg i Stortinget at engasjementet har vore stort. Det er alvorleg når me frå staten si side ikkje klarer å sikre at barn får eit forsvarleg institusjonstilbod når dei treng det. Difor har det vore veldig tydeleg kommunisert, òg til dei private aktørane, at me ynskjer fleire langsiktige avtaler, og me ynskjer å få ned andelen enkeltkjøp. Me må omstille oss, for det me ser, er at dei behova som ungar kan ha i dag, dei som treng eit institusjonsbarnevern, kan vere veldig annleis enn det var for ti år sidan. Difor er eg glad for at Stortinget slutta seg til kvalitetsløftet, som peiker retning for det nye institusjonsbarnevernet og skal gjere institusjonane meir fleksible og setje barna i sentrum.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat