Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg kan kome på ein del andre måtar å gjere dette på enn berre å ha måltal. Det er klart det er viktig for meg og for regjeringa det me har signalisert både overfor Bufdir og her i Stortinget, nemleg at me må ha ned brota på bistandsplikta. Det er så viktig for meg som barne- og familieminister å sikre at dei ungane som treng ein institusjonsplass, får det. Då er eg glad for at me ser ei betring på det. Me har tydeleg kommunisert at me ynskjer ein god andel ideelle òg i institusjonsbarnevernet, og ikkje minst at me må byggje opp den statlege kapasiteten. Det er jamleg dialog mellom Bufdir og leverandørane i det private om tilgjengeleg kapasitet. Det er òg viktig at me har ein god dialog om kva det er me faktisk treng, for når me no skal inn i den nye innretninga – kvalitetsløftet i institusjonsbarnevernet – vil det bety ei ganske stor omstilling for alle aktørar. Det har både Bufdir og departementet jamleg dialog med aktørane om.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
