Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 29. apr 2026

SakMøte onsdag den 29. april 2026 kl. 10
Innlegget
Verda brenn. Det skjer berre så langsamt at vi ikkje blir redde nok. Mange føler ikkje at naturtapet angår dei. I 2022 skreiv Noreg under på FNs naturavtale. Bakgrunnen er at naturen blir eten opp bit for bit. Det truar ikkje berre planter og dyreartar, det truar også sivilisasjonen vår, med fare for pandemiar og global hungersnaud. Naturen blir ikkje trua av nokre få store utbyggingar, men av summen av all den menneskelege aktiviteten vår – ikkje minst av millionar av små utbyggingar og at vi gjer naturområde ringare. Arealnøytralitet er eitt verkemiddel i kampen for ein blågrøn planet der det er godt å leve både for oss, for barna våre og for barna til barna våre. Eg siterer frå Arbeidarpartiets partiprogram: «etablere et overordnet nasjonalt mål for norsk naturpolitikk om å være aeralnøytrale innen 2040» og frå MDGs partiprogram: «Revidere plan- og bygningsloven med utgangspunkt i arealnøytralitet, naturrestaurering og naturmangfoldsloven». Og vi ønskjer arealnøytralitet innan 2030. Dette må det då vere mogleg å foreine på ein god måte for etterkomarane våre. Arealnøytralitet krev ei grundig utgreiing for å få på plass eit faktagrunnlag, for gode verktøy for å sikre naturen, for å få restaurert natur der det er mogleg, og for å behalde fleksibiliteten som gjev rom for utvikling i kommunane. Sett med våre auge er det klokt å starte arbeidet så snart som mogleg. Vil statsråden støtte at regjeringa startar arbeidet med utgreiing av naturnøytralitet no, med sikte på gode løysingar både for naturen, for kommunane og for dei som enno ikkje er fødde?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat