Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil starte med å takke statsråden for ei både grundig og viktig utgreiing. Her er det mykje Senterpartiet kan slutte seg til. Trass i ulike innfallsvinklar til likestilling og diskriminering er det brei politisk semje om hovudmålet: eit samfunn der alle har like rettar og moglegheiter, og der politikken er eit viktig verkemiddel for å oppnå dette. Senterpartiet ønskjer ei rettferdig fordeling av makt, ressursar og moglegheiter, og at alle skal kunne leve eit godt liv, uavhengig av kjønn, alder, legning eller andre forhold. Målet er at menneske i heile landet skal ha reell valfridom og like sjansar til å skape seg eit godt liv. Ei sentral likestillingsutfordring er framleis eit kjønnsdelt arbeidsliv. Kvinner er overrepresenterte i låglønsyrke, i offentleg sektor og i deltidsstillingar, særleg innanfor helse og omsorg. Dette påverkar økonomisk sjølvstende, karrieremoglegheiter og framtidig pensjon. Kampen for retten til heiltid og trygge arbeidsvilkår er avgjerande for reell likestilling. Samtidig er mange mannsdominerte arbeidsplassar både i primærnæringa og i industrien under press, særleg i distrikta. Likestillingspolitikken må difor handle om stabile rammevilkår og eit mangfald av arbeidsplassar, slik at både kvinner og menn kan delta i arbeidslivet, uavhengig av bustad. Omsynet til geografisk likskap er ein grunnstein i politikken til Senterpartiet, også i likestillingsarbeidet. Sentralisering og svekte tenester i distrikta rammar likestillinga. Lengre avstand til arbeid, utdanning og helse- og omsorgstenester får ofte størst konsekvensar for kvinner, som framleis tek mykje av omsorgsansvaret. Færre jobbmoglegheiter for unge kvinner i distrikta avgrensar valfridomen deira. Difor er ein aktiv politikk for distrikta òg ein god likestillingspolitikk – ikkje minst når det gjeld kampen mot nedbygging av føde- og barseltilbod. Til slutt vil eg løfte fram to punkt. For det første må kvinnehelse bli ein tydelegare del av likestillingskampen. Nyleg har Stortinget bedt regjeringa arbeide for at blåreseptordninga kan omfatte hormonbehandling i overgangsalderen ved medisinsk behov. Det må vere eit startpunkt. Kvinnespesifikke lidingar har fått for lite merksemd, og tilboda varierer for mykje geografisk, noko som særleg rammar kvinner i distrikta. For det andre må vi ta utfordringane til gutar og menn på alvor. Altfor mange gutar opplever at skulen ikkje er tilpassa deira behov. Dei gjer det gjennomgåande svakare i skulen, fell oftare frå i vidaregåande opplæring og er overrepresenterte blant dei som hamnar utanfor arbeid og utdanning. Eg registrerer at dette er nemnt her i dag, både av representantar frå Høgre og frå Frp, og då synest eg det er synd at desse partia sit igjen i ein skulepolitikk som i for stor grad pressar på for meir teoritung skule. Ein burde då støtte eksempelvis forslaga frå Senterpartiet i skulepolitikken om meir frileik og meir fysisk aktivitet. Det ville reelt sett kunne bety ein forskjell for mange gutar i skulen i dag. Det same gjeld det å leggje til rette for ei sterkare tilknyting mellom arbeidsliv og skule, ha meir fleksibilitet og gje fleire både unge gutar og jenter moglegheit til å bruke noko av tida i skulekvardagen til å bruke kroppen og arbeide med praktiske utfordringar. For Senterpartiet er det avgjerande at likestillingspolitikken rommar heile breidda av utfordringar, for både kvinner og menn.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
