Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
MDG står støtt i det grunnleggjande målet i norsk pengespelpolitikk: å førebyggje speleproblem og beskytte menneske mot alvorlege konsekvensar av pengespel. Dette er grunngjevinga for einerettsmodellen, og den kan ikkje setjast til side. Samtidig må vi erkjenne at regelendringane som blei innførte i 2025, har hatt store konsekvensar for frivillig sektor. Mange lag og organisasjonar har mista viktige inntekter, ofte frie midlar som har gått direkte til idrett, kultur og sosialt arbeid i lokalsamfunn over heile landet. Dette skjer i ei tid der frivilligheita allereie er under press, og difor er frustrasjonen både reell og forståeleg. Likevel meiner MDG at løysinga ikkje er å heve tapsgrensa for bingo. Forsking frå Universitetet i Bergen viser at databingo er blant dei spela med høgast overrepresentasjon av problemspelarar. Tal frå Hjelpelinjen viser at bingo framleis er eit betydeleg problemspel. I tillegg veit vi at spelarar i dag kan bevege seg mellom bingohallar utan at tapa blir registrerte samla. Den siste tida har media også løfta fram alvorlege avsløringar om korleis denne delen av spelemarknaden fungerer i praksis. Det er dokumentert at svært store pengesummar blir tekne ut gjennom bingospel, og at aktiviteten går føre seg skjerma for innsyn. Det er i realiteten nokre få bakmenn og eigarar som tener seg svært rike, medan rekninga blir velta over på spelarar som ofte er i sårbare livssituasjonar, og på frivilligheita, som blir avhengige av inntektene. Dette er ikkje eit system som vi bør forsterke. Å auke tapsgrensene vil svekkje vernet av sårbare spelarar, og det kan ikkje MDG støtte. Samtidig meiner vi at regjeringa har starta i feil ende. Frivilligheita skal ikkje vere avhengig av inntektene frå pengespel med høg risiko. Når vi strammar inn, har vi også eit ansvar for å sørgje for at frivilligheita får andre, tryggare og meir føreseielege inntektskjelder, viss ikkje skyvast kostnadene for ansvarleg spelpolitikk over på frivillige lag og foreiningar. Difor har MDG, saman med SV, fremja forslag som peiker i ei anna retning. Ansvarleg spelpolitikk må begynne med omsynet til dei som blir ramma av speleavhengigheit. Samtidig må frivilligheita bli sikra rammer som ikkje byggjer på auka risiko for dei same menneska. Forslaga MDG er ein del av, søkjer denne balansen, sterkt vern for spelarar og ei finansiering av frivilligheita som står på tryggare og meir ansvarleg grunn enn høgrisikospel.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
