Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Debatten i førre sak viser at er det er stort engasjement kvar gong det er diskusjon om ein kommunes grenser og tilknyting til fylket. Det skapar både følelsar og stort engasjement. Eg merka meg òg at statsråden hadde ein liten historietime om Framstegspartiet si framferd i den førre kommunereforma, der han gav inntrykk av at det var storstilte tvangsvedtak med FrP og Høgre i regjering. Me kan gjerne gå i historiebøkene og sjå tilbake – det er statsråden veldig glad i – i staden for å sjå framover, men faktum er at 98,5 pst. av Noregs befolkning budde i ein kommune som ikkje blei tvangssamanslått i den kommunereforma. Det var berre 1,5 pst. av innbyggjarane som budde i ein kommune som låg i mellom, og som dermed vart med i ei større løysing. Viss me skal gå endå lenger tilbake i historia og sjå på Arbeidarpartiets førre kommunereform, i 1992 og 1994, der ein slo saman til Arendal, Fredrikstad og Sarpsborg kommunar med tvang frå denne salen, var det 4–5 pst. av befolkninga i Noreg som budde i ein kommune som vart tvangssamanslått. Me kan gjerne gå tilbake og sjå i bakspegelen, som Skjæran liker, men Framstegspartiet liker heller å sjå framover. Når det gjelder denne saka, om å evaluera kommunereforma, er me einige i at det allereie er nok prosessar som skal hente inn fakta. Viss eg likevel skal briska meg til å koma med nokre betraktningar, sidan eg sat i komiteen òg den gongen, trur eg ein av dei læringspunkta som er veldig nyttig å ha med seg, er at det var synd at stortingsfleirtalet stemte imot FrP og Høgre sitt forslag om at kommunar ikkje kunne ta opp lån mellom vedtakstidspunktet for samanslåing og etter den nye kommunen oppstod. Hadde stortingsfleirtalet støtta det forslaget, veit me at dei samanslåtte kommunane hadde sloppe å overta gjeld som vart teke opp av dei gamle kommunane før ein slo dei saman. Det trur eg ei evaluering vil peika på at var eit moment som var veldig viktig. Eg trur òg det går an å seia – sidan det har vore ein del av debatten og forslaget at ein skal sjå på sentralisering i kommunane etterpå – at grunnen til at det vart sentralisert ein del skular og tenester i dei kommunane etterpå, ikkje er reforma, men at det er på grunn av kommuneøkonomien i perioden. Kven hadde ansvaret for han? I all hovudsak var det Senterpartiet som hadde finansministeren og kommunalministeren i den perioden, og me veit at det var historisk dårleg kommuneøkonomi i dei åra. Eg trur nok forklaringa heller er at det var sentralisering på grunn av sultefôring frå Senterpartiet, enn at det var reforma som gjorde at det var sentralisering i enkelte av dei kommunane. Framstegspartiet ønskjer ikkje å setja ned fleire utval. Me ønskjer heller å sjå på dei prosessane som allereie er i gang, og som statsråden beskriv at han skal lysa ut. Me veit òg at kommunekommisjonen kjem med ein ny rapport over jul, og der vil det vera fleire av desse temaa det er naturleg å sjå på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat