Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er ingen menneskerett verken å eiga eller å byggja eigedomar i strandsona. Likevel kjennest det urimeleg at for ein eigedom som har vore i virket til ein familie og der ein har drive både fiskeri og landbruk i generasjonar, må ein søkja kommunen om dispensasjon for nødvendig vedlikehald og opprusting fordi det ligg i LNF-område – landbruks-, natur- og friluftsområde – i strandsona. Ikkje kan ein byggja garasje som andre, ikkje kan ein byggja drivhus som andre, og ikkje kan ein byggja på huset eller byggja terrasse. Etter dei nye reglane kan ein kan faktisk ikkje setja opp ei flaggstong i LNF-område i strandsona utan dispensasjon. Dette er noko dei aller fleste kan byggja utan å måtta søkja. Om dei held seg til gjevne grenser, held det å senda inn ei forenkla byggjemelding i etterkant av bygginga. Dette vert opplevd som ei forskjellsbehandling – ei urimeleg forskjellsbehandling. Reint prinsipielt burde det kanskje vore forbode for kommunane å definera eit areal som LNF om det var bygd der og det budde og levde folk i husa. Dessverre er det motsett i plan- og bygningslova. Ein har ikkje krav på korrekt definisjon av arealet. Med andre ord kan den juridiske definisjonen av arealet på eit bustadhus vera noko heilt anna enn det den praktiske bruken har vore gjennom kanskje hundre år. Dette gjev ei urimeleg forskjellsbehandling mellom innbyggjarar som bur i strandsona i eit LNF-område, og dei som ikkje bur slik. Me er vitne til at regjeringa vurderer å ta frå kommunane ansvaret for strandsona. Det er eit av forslaga til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ny tiltaksplan for Oslofjorden. Han meiner kommunane gjev for mange dispensasjonar frå byggjeforbodet i strandsona, og at kommunane praktiserer regelverket ulikt. Regjeringa og Arbeidarpartiet vil difor at statsforvaltarane heilt skal overta styringa i strandsona, innføra totalt byggjeforbod eller gje kommunane strengare rammer. Me er alle bekymra for Oslofjorden. Innsatsen må aukast, men byggjeforbod vert feil. I Aftenposten 3. desember 2025 kunne me lesa at ein rapport frå Miljødirektoratet peikar på at det er ei utfordring med ulik praksis knytt til kommunal behandling av byggjesaker og dispensasjonar. Sjølvsagt skal det vera ulik praksis frå kommune til kommune. Det er noko av styrken i lokaldemokratiet. Det må vera forskjell på Fedje og Oslo. Lokale forhold og vurderingar må og bør ein spela inn. Staten har vedteke ei differensiert strandsoneforvaltning som gjev oss eit visst handlingsrom, men det er på ingen måte tilstrekkeleg, spesielt ikkje der det bur folk i hus i LNF-område i strandsona. Det bør det gjerast noko med.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
