Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er Senterpartiets erfaring både frå innsida og frå utsida at når det gjeld spørsmål om EU, er Arbeidarpartiet meir katolsk enn paven. Det er ikkje sånn, som utanriksministeren framstiller det, at loven er ein syltynn strek som det finst rett og galt på. Det går an å utfordra handlingsrommet. Eg har sjølv sete i møte med ESA, som har vore frustrerte over at byråkratar, byråkrati og departement veldig ofte skuldar på ESA, når det eigentleg er dei sjølv som ikkje vil. Det er smått absurd at ved Hønefoss kan me no setja punktum for ei historie som går tilbake til 1873, fordi det er EU-reglar som står i vegen. Industrien flyttar til Sverige, for der er det openbert lov. Så mitt spørsmål er: Er det meir EU i Noreg enn det er i Sverige?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
