Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Rapporten frå Kripos er vond lesing. Den viser at dei aller minste ungane som blir utsette for alvorleg vald, ofte lever i familiar som allereie er kjende for hjelpeapparatet, og som òg har veldig komplekse utfordringar. Funna i denne rapporten understrekar betydinga av tidleg og samordna innsats overfor familiar i risiko, og regjeringa arbeider med dette langs fleire spor. For det fyrste må hjelpa kome tidleg. Helsestasjonane sin jamlege kontakt med familiar gjev dei ein unik posisjon til å kome inn tidleg med rett tiltak. Me jobbar med å vidareutvikle oppfølginga av dei minste ungane, og eit eksempel på det er tiltaket som heiter «Sammen på vei», der jordmødrer og helsesjukepleiarar følgjer opp sårbare fyrstegongsgravide kvinner frå graviditeten til to år etter fødsel. For det andre: Dei utsette ungane treng at tenestene jobbar tverrfagleg og godt saman, og at dei deler informasjon. Førebyggingsansvaret til kommunane inneber at dei skal fremje gode oppvekstvilkår gjennom tiltak som førebyggjer omsorgssvikt. Det blei innført ei plikt i barnevernslova i 2022 om dette, og fleire direktorat samarbeider no om å utvikle rettleiing til kommunane om korleis dei best skal varetaka førebyggingsansvaret sitt. Regjeringa ser òg på andre tiltak for meir samordna innsats. Me sette i fjor ned ei ekspertgruppe som greier ut tverretatleg samarbeid og informasjonsdeling for å førebyggje betre. Dei leverer sin rapport no til sommaren, og eg ser fram til den oppfølginga. Me jobbar òg vidare med fleire gode oppmodingsvedtak som er fatta her i Stortinget, om beskyttelse av barn i foreldretvistar. Det inkluderer informasjonsdeling og samarbeid i saker om vald og overgrep. For det tredje: Barnevernet har ei sentral rolle i å beskytte barn som er utsette for vald. Bufdir utviklar no tydelegare anbefalingar om god praksis og korleis barnevernstenestene skal gå fram for å gjere meir presise vurderingar ved mistanke om vald. Eg har òg sett i gong arbeidet med å utvikle ein kompetanseplan for det kommunale barnevernet. Auka kompetanse om saker som gjeld vald og tverrfagleg samarbeid vil vere eit prioritert område for meg, og eg merkar at det òg blir trekt fram i rapporten. Eg vil rose Kripos for nok ein gong å setje vald og overgrep mot dei minste på dagsordenen. Dette handlar om grov kriminalitet, alvorleg kriminalitet som rammar dei mest sårbare av oss. Denne rapporten gjev oss ei klar bekrefting på at me må fortsetje arbeidet på dette feltet med full styrke.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
