Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 6. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 6. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Eg meiner me må gjere ganske mykje samtidig. Det er sett i verk ei rekkje tiltak, frå både mitt og fleire departement, for å følgje opp desse alvorlege funna i rapporten. Førebyggingsprogrammet representanten viser til, er lyst ut. Eg er glad for at me har fått det til, for eg trur òg det er viktig at kommunane i ein type programfinansiering kjem betre i stand til å vurdere korleis dei førebyggjer på best mogleg måte. Ei rekkje direktorat har i tillegg fått i oppdrag å samarbeide om rettleiing og kompetansestøtte til kommunane når det gjeld førebygging av barn og unge, noko som òg er etterspurt av kommunane. Dette arbeidet blir leia av Bufdir og skal munne ut i ein type oppvekstpakke for kommunane. Me gjer òg ganske mange andre ting, men eg rekk ikkje å svare det no.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat