Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 6. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 6. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Lat oss fyrst slå éin ting veldig tydeleg fast, og det er at offentlege tilsette og helsepersonell har ei lovbestemt plikt til å melde frå til barnevernstenesta. Me har òg ei avverjingsplikt i lovverket. I tillegg er det rett, slik representanten no nemnde, at regjeringa greier ut om ein skal innføre ei varslingsplikt. Det er veldig viktig at me samtidig er tydelege på kva som allereie ligg der i dag, at ein skal melde bekymringar til barnevernstenesta viss ein mistenkjer at eit barn er utsett for vald og overgrep. Eg vil gje Høgre ros for å reise spørsmålet så breitt som ein gjer, for det me òg ser av rapporten, er at det er nokre nye moment som har kome inn her, med omsyn til rett og slett mishandlingsmetodar mot barn. Dette tek regjeringa på det aller største alvor, og me jobbar på tvers av ei rekkje departement, både førebyggjande og for å avdekkje.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat