Innlegget
Det er noko fundamentalt galt når eit menneske kjem meir utsliten heim frå pasientreisa enn frå sjølve behandlinga når sjuke folk sit samanbrett i baksetet på ein pasienttaxi i time etter time, mens systemet feirar at det sparte nokre hundrelappar når eldre menneske kjem heim midt på natta når kreftpasientar blir sende på rundreise for at samkøyringa skal «gå opp» når folk gruar seg meir til transporten enn til sjukehuset Då har me bygd eit system som fungerer flott i eit regneark, men veldig dårleg for menneska som sit i bilen. Me har høyrt om kreftsjuke Elisabeth, som etter ei behandling blei sett igjen ute i snøen. Taxien kom aldri. Ho hamna som nummer 30 i telefonkø. Ho svima av ute – våt og forvirra. Me har òg høyrt om ALS-sjuke Frode, som sat i rullestol og venta i over tre timar på transport heim etter behandling. Han sa: Ein veit aldri om ein ventar sju minutt eller fire timar. Tenk litt på kva det gjer med menneske som allereie er på sitt svakaste. Tenk å vera ferdig med behandling – kroppen er tom, kvalmen kjem, biverknadene slår inn. Du frys og er uvel. Kanskje må du på toalettet heile tida. Alt du vil er koma heim – heim til ro og fred. Men systemet seier: Vent litt til. Dette skjer ikkje berre ein gong. Mange reiser slik kvar dag til behandling. Nokre må venta på samkøyring, fleire stopp og på transport som ikkje går før fleire timar seinare fordi ruta skal bli så billeg som mogleg. Nokre blir gløymde og sit igjen aleine etter behandling medan kroppen berre blir dårlegare og klokka går – det er ikkje kjekt. Og dersom dette er belastande i Vestfold, tenk då på korleis det er for dei som verkeleg bur i grisgrendte strøk. Landet vårt er ikkje bygd rundt Oslo og storbyane. Det bur folk langs kysten, i dalar, på øyar og i små bygder over heile landet. Også dei skal kunne bli sjuke utan å bli sende ut på ei reise som tappar dei for dei siste kreftene dei har igjen. Før spurde systemet: Korleis får me denne personen trygt fram? No verkar det som om systemet spør: Korleis får me denne turen billigast mogleg? Ingen blir mindre sjuke av å sitja seks timar ekstra i ein bil for å spara staten nokre hundrelappar. Framstegspartiet meiner pasientane må koma først. Då kan ikkje systemet berre handla om kva som er billigast på eit anbod. Det må handla om kva som er forsvarleg for mennesket som sit i bilen. Pasientreiser skal vera trygg transport til behandling, ikkje eit ekstra hinderløp for sjuke folk. Når kreftsjuke blir ståande ute i snøen, når ALS-pasientar ventar i timevis, og når eldre menneske sit gråtande fordi dei trur dei er gløymde, er ikkje systemet kostnadseffektivt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
