Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [10:16:07] (leiar i komiteen): Det er svært gledeleg at det i dag vert fleirtal for fleire forslag som vil sikra pasientar i Noreg ei betre og tryggare pasientreiseordning. Det er viktig, for dette er ein del av det heilskaplege helsetilbodet. Transport til og frå nødvendig behandling og undersøkingar er òg viktig for at pasienten skal oppleva at det offentlege helsevesenet gir ei god behandling. Vi har i dag eit veldig godt utvikla helsevesen. Vi tilbyr høgspesialisert behandling, men ofte kan vi svikta på det mest banale. Når vi har så gode tilbod må vi klara å sikra dei pasientane som treng det, ein trygg reiseveg til og frå behandling. Eg har snakka med pasientar som seier at dei kvir seg meir til transporten enn til undersøkinga og behandling på sjukehus. Då er det noko som er gale. Eg trur det er mogleg å endra, og med desse forslaga vi får fleirtal for i dag, vil det òg verta betre. Vi får gjennomslag – det er ein samla komité som no seier at vi skal evaluera pasientreiseordninga. Ein skal involvera både pasientar, pårørande, helsepersonell og transportørar i den evalueringa. Vi får òg gjennomslag for å vurdera den satsen som er knytt til overnatting ved pasientreiser, og for å evaluera den forsøksordninga Senterpartiet fekk inn i revidert nasjonalbudsjett i fjor. Eg meiner det er ein grunn til at alle pasientar som har behov for overnatting, som har så lang reiseveg, må få høgare dekning av dei faktiske kostnadane enn det som er tilfellet i dag. Vi får òg fleirtal for at den totale reisetida skal vektleggjast meir, og det mest hensiktsmessige framkomstmiddelet skal nyttast, ikkje nødvendigvis det billegaste. Pasientreiser skal prioriterast når fly skal nyttast, og ein skal vurdera å innføra ein reisegaranti. Der føretak ikkje har inngått kontrakt, må det koma på plass ei ordning der pasienten kan sleppa eigenandelar. Vi støttar òg det forslaget frå Glåmdals-regionen som representanten frå SV tok opp. Eg vil føreslå ei endring i forslag til vedtak VIII, der det i siste setning står «innført minimumskrav til ventetid og reisetid» – at det endrast til «innført krav til maksimal ventetid og reisetid». Eg trur eg har fått ja frå alle som er med i det forslaget, til akkurat den endringa i ordlyd.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
