Replikk · 7. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 7. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Etter at denne saka har kome ut, har eg fått innspel frå folkevalde i Vestland fylkeskommune. Dei gir innspel om at reisekostnaden no vert sett lik busstaksten, men no når fleire og fleire fylke bruker sonetakst, er det ei utfordring. I Vestland vil ein då få 51 kr refundert, for det er sonetaksten, men mange plassar kan ein ikkje bruka busstilbodet i distrikta fordi det går for lite bussar, og ein er nøydd til å ta bil. Då får ein altså 51 kr. Så eg meiner at vi må sjå på systemet, der ein absolutt alle plassar viser til kollektivsatsen, no når det har vorte meir sonesatsar i mange fylke. Spørsmålet mitt er – sidan det ikkje står noko om dette i innstillinga og det no skal koma ei evaluering: Vil statsråden vil ta med seg akkurat denne utfordringa og sjå på det no når pasientreise-ordninga skal evaluerast?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Replikk · 7. mai 2026 — OverStortinget