Innlegget
Takk til komiteen. Vi er glade for vedtaket som er kome ut, om at det innan utløpet av 2026 skal sendast på høyring forslag om lov om registrering, inkludert juridisk definisjon, av ideelle velferdsaktørar. Eg må òg få seia at dette var grunnlaget for at vi såg oss nøydde til å fremja eit representantforslag, for vi synest nok at det har gått altfor lang tid frå det offentlege utvalet kom med eit forslag til ein juridisk definisjon og registrering av ideelle velferdsaktørar. Dei fremja si tilråding 31. januar 2024, og viss dette ikkje vert sendt på høyring før utgangen av 2026, er det då nesten gått tre år. Så det har tatt altfor lang tid. Heile ideell sektor har venta veldig lenge og har ikkje forstått kvifor dette har latt venta på seg. Vi kan forstå at det kan vera vanskelege juridiske problemstillingar, og at ein må finna ut korleis ein skal gjera det, men det er altså lenge sidan dette var på høyring. Difor er det eit stort utolmod. Eg håpar at det vert sendt på høyring snarast mogleg, og ikkje i desember 2026, for å seia det slik – for dette hastar. Mange kommunar og føretak kan vegra seg for å gå inn i reserverte anbod før ein får ein definisjon av ideelle og ei registerordning. Då vil dette arbeidet vera mykje lettare. Vi står inne i fleire forslag som vi synest burde fått fleirtal. Vi meiner at helseføretaka må reservera for ideelle aktørar, og er kritiske til føringa om at ein må gjera det der det er hensiktsmessig. I 2017, 2018 og 2019 var det faktisk tydelegare krav til helseføretaka om å auka andelen ideelle og ikkje berre bruka dei der det er hensiktsmessig. Retting: Det var i 2018, 2019 og 2020, og eg trur faktisk det var KrF som fekk gjennomslag for det i den førre regjeringa. Vi kjempar kampen vidare for å auka ideell vekst i helse. No får vi eit vedtak som iallfall gir ein viss grad av føreseielege vilkår, og vi forventar at det arbeidet no vert prioritert i regjering.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
