Innlegget
I svarbrevet til komiteen skriv statsråden at helseføretaka har eit sjølvstendig ansvar for å sørgja for nødvendige spesialisthelsetenester og må gjera konkrete og faglege vurderingar av anskaffingsform, konkurransestruktur og kontraktslengde, og spørsmål om reservasjon må vurderast lokalt og konkret. Eg meiner at dette er eit politisk ansvar, og dersom ein vil styrkja ideell sektor i helsetenestene i Noreg, må ein òg visa politisk vilje. Det er faktisk mindre klart om statsråden ønskjer ideell vekst enn det som har vore føringa til føretaka i 2018, 2019 og 2020, der det kom krav om at dei skulle auka den ideelle delen av spesialisthelsetenesta. Spørsmålet mitt er om statsråden er ueinig i det som har vore oppdragskrava før. Ønskjer statsråden at den ideelle delen skal aukast i helseføretaka?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
