Replikk · 7. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 7. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Ser vi på nabolanda våre, er det ikkje slik at Noreg er flinkast i klassen til å ta i bruk ideelle. Danmark har eit mykje meir integrert samarbeid med ideell sektor, og Sverige har stor bruk av private kommersielle. Det vil bety at det er mogleg òg for Noreg å få ein ideell vekst, og eg er bekymra for at det i det anbodssystemet som er no, vil vera vanskeleg for ideell sektor å overleva på sikt om ein ikkje har ein politisk vilje og eit system som gjer at ein på mange ulike måtar sørgjer for ein ideell vekst. Eg høyrer statsråden seia at ein skal ta i bruk reserverte konkurransar der det er hensiktsmessig, men eg vil igjen spørja: Synest statsråden at det er viktig å få til ein ideell vekst innan helse- og omsorgstenestene, eller meiner han at det på ein måte er det same, berre ein vurderer det lokalt?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Replikk · 7. mai 2026 — OverStortinget