Innlegget
Først vil eg varsla at vi kjem til å stemma for forslag nr. 7, frå Kristeleg Folkeparti, om å greia ut i kva grad anbodsprosess er eigna for å sikra eit godt tverrfagleg spesialisert behandlingstilbod. Eg synest innlegga og svara i replikkrunden frå statsråden er ganske oppsiktsvekkjande. Eg trudde vi hadde ei felles oppfatning av at ideell sektor var noko anna enn privat kommersiell sektor. Eg oppfattar svara frå statsråden slik at for regjeringa er det eigentleg det same. Ja, dei kan vera med på reservert anbodskonkurranse der det er hensiktsmessig, men statsråden kan ikkje seia kva tid han meiner det er hensiktsmessig eller ikkje. Dette er eigentleg ny politikk frå Arbeidarpartiet. Då eg var statsråd i Barne- og familiedepartementet hadde vi ein veldig felles politikk for å auka ideell andel i barnevernet, og det trudde eg òg gjaldt på helse- og omsorgsområdet, men då forstår eg at eg har tatt feil. I 2016 fremja Senterpartiet ei sak for Stortinget om å setja eit mål om å auka ideell andel i helse- og omsorgstenestene og be regjeringa koma tilbake igjen med kortsiktige og langsiktige tiltak for å nå det. Det forslaget vart einstemmig vedtatt i Stortinget, inkludert Arbeidarpartiet, mens no har vi altså ein statsråd som ikkje klarer å svara på om han synest det er viktig med ideell vekst i helse- og omsorgstenestene. Det er jo greitt å høyra ærlege ord om det, men eg må seia at eg er ganske skuffa. Ut frå det som er sagt, vil jo formuleringa om at helseføretaka skal bruka reserverte konkurransar der det er hensiktsmessig, ikkje få den krafta bak seg når føretaka forstår at det ikkje er så veldig viktig for politisk leiing om ein får til ein vekst eller ikkje fordi det er andre ting som er meir avgjerande. Eg meiner at denne saka må vi faktisk forfølgja vidare. Eg meiner at vi må sørgja for at helseføretaka får i oppdrag å jobba for ein auka ideell andel i helse- og omsorgstenestene, på same måten som vi jobbar felles for det i barnevernstenestene, og òg i andre tenester, fordi det er viktig. Eg er nok meir uroleg for framtida til ideell sektor enn det statsråden og regjeringa er, og difor må vi få støtte frå Stortinget til å jobba meir med rammevilkåra for ideell sektor framover.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
