Innlegget
Ideelle representerer jo fagmiljøet i heile Noreg. Det er bygd opp over mange år og kan rivast ned ganske fort om dei ikkje får dei rammene dei har behov for. Når statsråden meiner at vi tillegg han meiningar og oppfattar han feil, så er vi fleire her i salen som reagerer på det som er vorte sagt. Mitt spørsmål er eigentleg ganske enkelt: Meiner statsråden at det er viktig at vi klarer å styrkja ideell sektor i Noreg – eigentleg på kostnad av dei kommersielle? Eg spurde om det to gonger i replikkordskiftet, og statsråden klarte ikkje å svara tydeleg på det. Den klare oppfatninga er at det er andre ting som er viktigare. Det betyr ikkje at det ikkje nokre plassar i landet ikkje finst ideelle; da kan ein ikkje bruka dei. Men vil statsråden styrkja ideell sektor i Noreg eller ikkje? Det var spørsmålet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
