Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 7. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Erling Sande og Bent-Joacim Bentzen om å sikre tilfluktsrom på norske sjukehus (Innst. 215 S (2025–2026), jf. Dokument 8:103 S (2025–2026))

Innlegget

Berre sånn at ein ikkje misforstår: Sjølvsagt forstår Senterpartiet at skal ein gjennomføra denne plikta, må ein utgreia og sjå korleis dette skal innførast, og at det kan vera ulike måtar å gjera det på på dei ulike sjukehusa. Det vi ikkje forstår, er at vi skal ha eit vedtak no i dag som går frå at ein skal ha eit klart mål, ei plikt om å gjeninnføra dette på ein måte, til at ein skal vurdera om det er hensiktsmessig at sjukehus skal sikrast nødvendig beskyttelsestiltak. Det meiner eg er eit veldig uheldig forslag i dag, og det er noko vi ikkje kan vera med på. Når det gjeld vedtak III, om å kartleggja behovet, står vi heller ikkje bak det. Der svarer jo statsråden sjølv i innlegget sitt og i svaret til komiteen at det arbeidet allereie er i gang, så det treng ein strengt tatt ikkje noko vedtak om i Stortinget. Det har eg tillit til at vert gjennomført. Eg synest det er spesielt at ein ikkje får fleirtal for eit forslag om finansiering, og at dette må ein finna ein finansieringsmåte for som ikkje går ut over drift. Det har eg respekt for i eit stort løft, men eg vil òg seia at når vi skal auka beredskapsbudsjetta opp til 5 pst. av BNP, meiner eg at ein òg kan sjå på tilfluktsrom på sjukehus som ein del av løftet for sivilforsvaret i Noreg. Så vil eg koma med ei stemmeforklaring: Vi kjem til å stemma subsidiært for forslag nr. 2 i innstillinga, forslaget frå mindretalet med Framstegspartiet og Høgre, dersom forslag nr. 6, frå Senterpartiet, fell. Senterpartiet og SV sitt forslag handlar om å be «regjeringa sikre naudsynte justeringar i Sykehusbygg HF sine modellar for framskriving av aktivitet i sjukehus, slik at framtidige sjukehusbygg får tilstrekkeleg kapasitet til pasientbehandling og naudsynt arbeidsrom og areal for dei tilsette.» Dersom dette fell, vil vi stemma subsidiært for forslaget frå Framstegspartiet og Høgre i saka, altså forslag nr. 2.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat