Innlegget
Takk til interpellanten for å fremja ein veldig viktig debatt om eit tema som er viktig i samfunnet, og i helse- og omsorgssektoren spesielt. Det har vore mange gode innlegg som gjer at ein reflekterer. Ein har fått fram at det er mange personar med demens, og at ein kan kalla det ei av dei store utfordringane som vi har. Det eg ser fram til, slik mange har sagt, er den nye demensplanen. Det er bra at departementet jobbar med dette. Eg vil dra fram nokre forhold. Vi har på Stortinget i mange år vore opptatt av dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens. Det er til og med lovfesta som ei plikt at kommunen skal tilby det. Da det vart lovfesta, var det etter mange år der ein hadde fokusert på dette. Eg har veldig tru på at å hjelpa kommunane til å oppretta slike dagaktivitetstilbod er noko vi kan gjera heilt konkret,. Det er ei form for behandling, men det er òg ei veldig god avlasting for pårørande. Vi ser at kommunane har gjerne lyst til å ha slike gode tilbod og utvida tilbodet, men grunna økonomi ser ein seg kanskje nøydde til å gå ned i talet på dagar der slike dagaktivitetstilbod er opne. Ein burde eigentleg gått motsett veg og ha slike tilbod på kveld og i helger når pårørande og pasienten sjølve har behov. Det kan vera lange dagar. Tilbodet kan vera stengt i feriar, når det er ekstra einsamt og ekstra krevjande. Så eg vil ta opp dette med dagaktivitetstilbod, som noko av det eg håpar òg vert tydeleggjort i den demensplanen. Fleire har vore innom at på dagens sjukeheimar har dei aller fleste, iallfall veldig mange, ein form for demenssjukdom. Da kjem vi tilbake til kommunehelsetenesta og kommuneøkonomien. Vi kan få ein nasjonal demensplan, men den faktiske omsorga og den faktiske hjelpa og behandlinga skjer lokalt, den skjer på sjukeheimane. Da er det avgjerande at dei har både bygningsmasse, personale og ei forståing av kven dette er, at ein ikkje behandlar diagnosen, men gir eit tilbod til pasientane, at ein klarer å sjå bak diagnosen. Det er ofte slik at denne sjukdomen er forbunden med skam og lite openheit, og at ein heller ikkje får fram den verdigheita som trengst i tilbodet for at dei med demens skal verta behandla på ein respektfull måte i tenestene. Eg trur vi alle kan jobba meir med det, og med at det er god kunnskap om demenssjukdom i utdanninga av helsepersonell, og at ein får kunnskap og kompetanse om kva som skal til for å gi dei eit godt liv òg med sjukdomen. Eg er òg einig i det som er sagt om at vi kan førebyggja meir, forska meir, og at ein må få til tidleg diagnostisering, osv. Eg vil til slutt ta opp alderspsykiatri, som nokre har vore inne på. Representanten Abrahamsen viste til Olaviken alderspsykiatriske sjukehus på Askøy. Eg har òg vore der, og det er heilt fantastisk å sjå at med god kompetanse og ei heilskapleg forståing kan ein hjelpa veldig mange til å få eit godt liv. Ein kan få dempa ein del åtferd, om ein kan seia det slik, og krevjande ting som skjer, med innsikt, fordi ein forstår kva som skal til for å gi pasienten ro. Vi veit at det er ein del unødvendig tvang, særleg i eldreomsorga og når det gjeld demens, og det kan førebyggjast. Tusen takk til interpellanten, og eg ønskjer regjeringa lykke til med arbeidet med demensplanen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
