Replikk · 13. mai 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 13. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Realiteten i saka er at då Senterpartiet ynskte å kutta avgiftene for å hjelpa folk og næringsliv, sa Arbeidarpartiet nei, de må heller stemma for forslaget om at me skal koma tilbake i revidert budsjett med tiltak som kan avhjelpa situasjonen. Ja, hadde me høyrt på det rådet, hadde næringsliv og folk trekt lappen: Beklagar ingen gevinst, for det går ikkje an å koma med ei regelstyrt ordning og seia at ho vert finansiert. Her var det ein konkret beskjed til Senterpartiet om å stemma for at ein skulle koma med tiltak i revidert budsjett. Og som me har høyrt no, det kom inkje tiltak. Eg vil gje finansministeren ein sjanse til å svara på: Kva konkrete tiltak er det som har kome i revidert budsjett for å avhjelpa situasjonen med høge levekostnader for befolkninga?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Pollestad (Senterpartiet) — Replikk · 13. mai 2026 — OverStortinget