Replikk · 13. mai 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 13. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ikkje alle i Noreg som bur på vestkanten. Ein god del bur på Vestlandet. Dei slit òg med høge levekostnader. Eitt av regjeringa sine svar har vore at ein skulle gjera flyprisane dyrare og tilbodet dårlegare. Korleis ser finansministeren at dette bidreg til å avhjelpa høge levekostnader for befolkninga?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat