Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakInnstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Jørgensen, Hanne Beate Stenvaag og Remi Sølvberg om å heve vraket av fregatten KNM Bergen utenfor Andøya (Innst. 289 S (2025–2026), jf. Dokument 8:153 S (2025–2026))

Innlegget

Denne saka handlar om meir enn ein utrangert fregatt. Det handlar om korleis staten forvaltar havet vårt, og om staten faktisk følgjer sine eigne reglar. Forsvarsministeren beskriv senkinga av KNM Bergen som eit kompromiss mellom operative behov og sivile omsyn. Han viser til at vraket ikkje utgjer ein miljøtrussel, og at det er for kostbart å heve det. Heile den argumentasjonen kviler på éin føresetnad: at senkinga var lovleg. Det har vi framleis ikkje fått avklart. La meg difor stille dei spørsmåla som enda er uavklarte: Var det lovleg å senke fregatten i utkanten av eit aktivt og sårbart fiskefelt? Og kva gjer staten dersom svaret er nei? Dette er ikkje berre eit spørsmål om skjønn, det er òg eit spørsmål om regelverk. Statsråden har vist til unntaket for vanleg forureining i forureiningslova, men det avgjerande poenget er at dette unntaket ikkje gjeld der det finst særreglar, og det gjer det her. Dumping og å etterlate skip er regulert i forureiningsforskrifta, som inneheld eit generelt forbod. Det betyr at handlingsrommet er langt snevrare enn det framstillinga frå statsråden kan gje inntrykk av. Dermed blir spørsmålet om lovlegskap heilt sentralt. Samtidig vel regjeringa å konkludere med at fregatten ikkje skal hevast. Det meiner eg er ei problematisk rekkjefølgje. Dersom det viser seg at dette er eit lovbrot, handlar det ikkje først og fremst om kostnader. Det handlar om ansvar, og det handlar om at staten må rydde opp etter seg. Det er òg eit spørsmål om tillit. Skal vi ha ein standard for fiskarar og næringsliv, og ein annan for staten? Eller skal lova gjelde likt for alle? I fredstid skal òg Forsvaret følgje forureiningslova og havressurslova, og i Nord-Noreg, kor fiskeri er sjølve livsgrunnlaget, er ikkje dette eit lite inngrep. Det er eit konkret inngrep med konsekvensar for både natur og næring. Difor meiner MDG at det er galt å avvise heving på dette tidspunktet. Vi meiner at omsynet til natur og fiskeri ikkje er tilstrekkeleg varetatt, og vi meiner at staten ikkje kan etterlate eit mogleg ulovleg inngrep på havbotnen og samtidig seie at opprydding ikkje er aktuelt. MDG vil difor stemme for forslaget om å heve fregatten KNM Bergen – ikkje fordi det er enkelt, men fordi det er riktig, og fordi vi ikkje kan ha ein situasjon der staten legg lista lågare for seg sjølv enn det han gjer for andre.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat