Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 1. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siren Julianne Jensen, Marius Langballe Dalin, Ingrid Liland, Margit Bye og Julie E. Stuestøl om å beskytte folk mot gjeldsfeller (Innst. 332 S (2025–2026), jf. Dokument 8:254 S (2025–2026))
Innlegget
Å hamne i gjeldsfella er ein ond spiral som stadig fleire er i, og som det er vanskeleg å kome ut av. Det som driv denne utviklinga, er godt kjent – aggressiv marknadsføring, enkel tilgang på lån og kjøp-no-og-betal-seinare-løysingar og eit system som i for stor grad lèt risikoen falle på dei som har minst å gå på. Det er menneske som allereie står i ein sårbar situasjon, og som blir pressa endå hardare. Difor trengst det politiske grep. Dette representantforslaget handlar om å gjere det vanskelegare å hamne i ei gjeldsfelle, men også om å gjere det mogleg å kome seg ut av ho med verdigheita i behald. Vi meiner det er nødvendig med betre oversikt over gjeld, strengare regulering av kreditt, tydelegare krav til kredittvurdering og sterkare avgrensingar på reklame. Dette er tiltak som flyttar makt – meir til forbrukaren og mindre til dei som tener på at folk slit. Fleirtalet meiner at forslaga er for omfattande og må greiast ut meir, men vi kan ikkje møte ei kjent utfordring med endå meir venting. Bak kvart einaste tal finst det eit menneske og ein familie, nokon som mister nattesøvnen fordi rekninga veks raskare enn inntekta. Vi treng handling. MDG vil difor stemme for våre eigne forslag i saka. Samtidig vil vi subsidiært støtte Arbeidarpartiets forslag om å vurdere rentetak og kostnadstak på forbruksgjeld. Det er viktige steg for å avgrense dei mest urimelege utslaga i dagens system. Eg vil også kommentere eit av forslaga som vi ikkje fremjar på nytt, forslaget om å fordele inkassokostnader mellom fordringshavaren og skyldnaren er prinsipielt viktig. Eit tilsvarande forslag blei nyleg behandla og stemt ned i forbindelse med ny inkassolov. Difor fremjar vi det ikkje igjen no – ikkje fordi problemet er løyst, men fordi Stortinget allereie har teke stilling til det, og fordi det må følgjast opp i ein anna prosess om det skal endrast. La meg avslutte med det viktigaste: Dette handlar om rettferd. I dag er det ofte dei som har minst, som betaler mest – gjennom rente, gebyr og inkasso. Det er ikkje berekraftig, det er ikkje rettferdig, og det er ikkje verdig eit samfunn som vårt. MDG meiner at staten må ta eit tydelegare ansvar for å beskytte folk mot gjeldsfeller, for dette handlar ikkje berre om økonomi, det handlar om tryggleik, det handlar om verdigheit og om moglegheita til å få leve eit godt liv utan å bli låst fast i gjeld.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat