Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i privatskolelova (vilkår for godkjenning av skoler på grunnlag av livssyn) (Innst. 372 L (2025–2026), jf. Prop. 42 L (2025–2026))
Innlegget
For å starte litt klisjéfylt er fellesskulen sjølve ryggraden i det norske samfunnet. Det er der barn og unge møtest på tvers av forskjellar og byggjer tilliten samfunnet vårt er heilt avhengig av. Med det sagt vil vi behalde høvet til å etablere ikkje-kommersielle private skular med ein annan pedagogisk eller religiøs profil. Mangfald er ein styrke når det er reelt, transparent og ikkje-kommersielt. Det er nettopp her vi meiner at fleirtalet i komiteen bommar gjennom å ønskje å forkaste forslaget og samtidig svekkje moglegheita til å stille krav til kva ein livssynsskule faktisk er. Vi er opne for eit system der det i praksis blir mindre kontroll med om ordninga blir brukt sånn som ho er meint. Det er problematisk, for utan tydelege krav til tilknyting og formål risikerer vi at livssynsgrunnlaget blir ein formalitet og ein merkelapp heller enn eit reelt fundament, og det undergrev både tilliten til ordninga og rettferda i systemet. Vi ser allereie ei utvikling der talet på elevar i privatskular aukar. Over tid kan det svekkje fellesskulen vår. Det er ikkje fordi privatskular i seg sjølv er problematisk, men fordi systemet utan gode rammer gradvis kan trekke oss i retning av eit skulesystem med meir oppdeling og større forskjellar. Fleirtalet sitt svar er å gjere det lettare å etablere og vanskelegare å stille krav, og MDG meiner at det er feil veg å gå. For oss handlar det om balanse. Ja til mangfald, ja til ideelle og livssynsbaserte alternativ, men nei til ei utholing av fellesskulen og nei til omgåing av regelverket. Difor meiner vi at det er både rimeleg og nødvendig å stille krav om ei reell tilknyting til livssynet ein søkjer på grunnlag av. La meg vere heilt tydeleg på kva MDG kjem til å gjere i denne saka. Vi kjem ikkje til å støtte komitéfleirtalet si tilråding om å forkaste lovendringa. Vi kjem til å stemme for innstrammingar som sikrar at livssynsskular faktisk har reell forankring. Samtidig vil vi halde fast ved prinsippet om at ideelle, ikkje-kommersielle alternativ med tydeleg profil skal ha ein plass. Dette handlar om å ta vare på noko av det viktigaste vi har: ein skule som bind oss saman, ikkje deler oss opp.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat