Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i opplæringslova og barnehageloven mv. (samleproposisjon) (Innst. 356 L (2025–2026), jf. Prop. 79 L (2025–2026))
Innlegget
Til mi glede så eg at eg har fem minutt til disposisjon og ikkje tre, så eg skal prøve å slå saman to innlegg til eitt her. Utdanning skal opne dører, ikkje bli stengd av geografi. For mange unge i distrikta er avstanden til skulen så stor at dei ikkje kan bu heime og samtidig gå på vidaregåande. Det må vi utvikle løysingar for, som står seg i heile landet. Gjennom å leggje til rette for fjernundervising gjer ein det mogleg at dei yngste elevane, 15- og 16-åringane, kan bu heime om dei ønskjer det. Det å flytte heimanfrå som 15-åring er ikkje eit lite val. Det påverkar tilhøyrsle, tryggleik og motivasjon for læring. Skal vi lykkast med å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring og ha trygge, gode år i vidaregåande skule, må vi ta det på alvor. Erfaringa frå Finnmark viser oss nettopp dette. Gjennom det fylkeskommunale nettskuletilbodet, som f.eks. LOSA, har ungdom fått moglegheit til å bli buande heime lengre og vere ein del av lokalsamfunnet sitt, og samtidig fullføre vidaregåande opplæring. Det har styrkt gjennomføringa, bidratt til lokal rekruttering og gitt unge ei reell moglegheit til å skape seg ei framtid der dei bur. Det er eit system som vi ikkje berre bør bevare, men vidareutvikle, og at det no kjem inn i opplæringslova, er riktig og viktig. Vi må også vere ærlege om kva fjernundervisning er og ikkje er. Det er ein grunnleggjande forskjell på eit fysisk og eit virtuelt klasserom. Sosial kontakt gjennom ein skjerm stiller heilt andre krav enn i eit fysisk rom. Relasjonar må byggjast meir bevisst, oppfølginga må vere tettare, og det krev meir både av lærarar og elevar å skape det same trygge læringsmiljøet. Det veit eg etter å jobba i mange år i den fylkeskommunale nettskulen i Finnmark. Fjernundervisning kan ikkje bli ei erstatning for fysiske skular, men det må vere eit viktig supplement. Krava til praksis, samling og fysisk tilhøyrsle er avgjerande for kvaliteten, utan det risikerer vi å gi eit svakare tilbod til dei som allereie har minst tilgang. Dette handlar om kva val vi tar for framtidas skule, om vi klarar å vidareutvikle det som fungerer. Om vi klarar å kombinere fleksibilitet med ekte fellesskap, og om vi klarar å sikre at alle unge, uansett kvar dei bur, både får gode moglegheiter og ein plass å høyre til. For i skulen held det ikkje å vere logga på, ein må også vere med. Så skal eg seie noko om det lause forslaget som mange av partia i denne salen står bak, og korleis MDG stiller seg til det. La meg først og fremst byrje med det viktigaste: Vi har stor sympati med privatistane ved Jotunheimen privatistskule. Dei har gjort det samfunnet ber dei om, dei har valt ein skuleveg, lagt ned arbeid, planlagt framtida si, og så opplever dei plutseleg ei usikkerheit om heilt grunnleggjande rettar. Det er djupt urettferdig. Det var også bakgrunnen for at MDG i januar i denne salen stemte for å be regjeringa finne ei løysing. Vi meinte, og meiner framleis, at desse ungdomane ikkje skal sitje igjen med rekninga for politiske avgjerder dei ikkje har vore del av, men forslaget vi behandlar i dag, er noko anna. Når vi blir bedne om å vedta ei midlertidig lov som gjev eit særunntak for ei lita, konkret gruppe, beveger vi oss over i ein heilt annan type avgjerd som utfordrar heilt grunnleggjande prinsipp i utdanningssystemet vårt. Likskapsprinsippet er ikkje ein formalitet. Det er sjølve berebjelken i det norske samfunnet at menneske blir behandla likt, og at rettar ikkje blir avgjorte av enkeltsaker som blir løfta politisk til Stortinget. Viss vi først byrjar med å lage særreglar for ein skule, eit kull og ein situasjon, kvar stoppar det då? Kva er neste gruppe som med rette kan krevje unntak? Det er difor eg meiner at denne saka i utgangspunktet aldri burde vore på bordet på Stortinget som ei lovsak. Ansvaret burde vore handtert av regjeringa på ein ryddig, føreseieleg og heilskapleg måte innanfor eller gjennom regelverket, ikkje gjennom ad hoc-lovgiving i etterkant. Det meiner vi er uklokt, og difor står vi i eit reelt dilemma. Vi ønskjer å hjelpe desse ungdomane, men vi må samtidig verne om prinsippet om likebehandling og eit regelverk som folk kan stole på. Difor stemmer vi imot dette forslaget, ikkje fordi vi ikkje unner desse ungdomane førstegongsvitnemål, men fordi vi må gjere det på ein måte som gjer det rettferdig for alle andre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat