Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen (Innst. 354 S (2025–2026), jf. Dokument 8:239 S (2025–2026))
Innlegget
Vi er alle einige om at realfaga er viktige – for å lykkast med det grøne skiftet, for å byggje ny industri og for å gje unge menneske fleire moglegheiter. Men spørsmålet vi behandlar i dag, er ikkje om realfag er viktig. Det er korleis vi får fleire til å meistre dei og velje dem. Der skil MDG lag med fleire av forslaga her. Eg har sjølv stått i klasserommet i 15 år og veit kva det er som skjer når elevane mister motivasjonen, men eg veit også kva det er som skjer når han blir tent. Det som avgjer, er sjeldan kor mange testar vi gjennomfører, eller kor tidleg vi startar med å sortere elevane. Det som avgjer er om elevar opplever meining, meistring og relevans. Det gjeld realfag, men også norsk, praktiske fag, kunstfag og yrkesfag. Motivasjon blir ikkje skapt med meir press, men med betre undervisning og større rom for å lære på ulike måtar. Difor er vi kritiske til ei rekkje forslag som går i retning av meir standardisering, meir nivådeling og meir testing. Det løyser ikkje kjernen i problemet. Samtidig vil eg anerkjenne intensjonen bak fleire av forslaga, som løftar fram konkrete tiltak: Newton-rom, talentsatsingar og ulike program. Utfordringa er at vi risikerer å tenkje for smått. Vi kan ikkje løyse ei systemutfordring ved å gje punktvis støtte til stadig nye namngjevne prosjekt som kjem og går. Det vi treng, er ei meir systematisk og heilskapleg omlegging av korleis vi underviser i realfag gjennom heile utdanningsløpet, for alle – meir praktisk læring, meir tverrfagleg undervisning, meir rom for utforsking og sterkare tillit til det profesjonelle skjønet til lærarane. Viss vi verkeleg meiner alvor, må det prege heile skulen, ikkje berre enkeltsatsingar på sida av han. Det er eit tankekors at noko av den mest offensive realfagssatsinga i Noreg i dag skjer utanfor skulen. Gjennom eigne program og tiltak tek selskap som Equinor ansvar for å rekruttere og utvikle nokre av dei skarpaste realfagshovuda. Det viser to ting: For det første at behovet er stort, men også at skular ikkje fyller den rolla sjølv på ein tilstrekkeleg måte. Det ansvaret kan vi ikkje outsource til næringslivet. Difor stemmer MDG slik vi gjer i dag. Vi støttar det som bygg motivasjon, relevans og brei deltaking, og vi seier nei til tiltak som aukar presset, sorterer meir og som overlèt for mykje til kortsiktige løysingar. Skal vi lykkast i realfaga, må vi ikkje berre løfte dei få, då må vi løfte dei mange.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat