Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Grunde Almeland, Guri Melby og Abid Raja om en ny likestillingsmelding for frihet og feminisme (Innst. 288 S (2025–2026), jf. Dokument 8:154 S (2025–2026))
Innlegget
Det er over ti år sidan Stortinget sist behandla ei ny, heilskapleg likestillingsmelding. Sidan den gong har Noreg og verda endra seg betydeleg. Nye utfordringar har vakse fram, samtidig som gamle ulikskapar består. Likestilling er ikkje noko vi blir ferdige med, det er noko vi må utvikle, forsvare og styrkje heile tida. Vi ser eit arbeidsliv som framleis er kjønnsdelt, vi ser store hòl i kunnskapen om kvinnehelse, vi ser gutar som fell frå i skulen og menn som slit med psykisk helse, og vi ser menneske som møter samansett diskriminering, fordi dei er både minoritet, skeiv, trans, funkis eller lever i utsette livssituasjonar. Samtidig ser vi, også i land nær oss, at rettar som vi lenge har teke for gjevne, no blir utfordra. Det gjer det desto viktigare at vi ikkje blir for sjølvtilfredse her heime. Regjeringa viser til strategiar, handlingsplanar og enkeltståande meldingar. Det er viktig arbeid, men det er ikkje nok. Utan ei heilskapleg stortingsmelding risikerer vi at likestillingspolitikken blir fragmentert, at vi jobbar på mange frontar, men utan tydeleg felles retning og politisk forankring. Ei stortingsmelding gjev Stortinget moglegheit til nettopp å ta eit steg tilbake, sjå heilskapen og stake ut kursen vidare. For MDG handlar likestilling om fridom – fridom til å leve sitt eige liv, fridom frå vald og diskriminering, fridom til å delta på like vilkår i samfunnet. Men fridom føreset rettferdige strukturar, og det føreset ein politikk der ein ser samanhengen mellom kjønn, klasse, funksjonsevne, etnisitet og andre maktforhold. Difor treng vi ei ny likestillingsmelding som byggjer på eit interseksjonelt perspektiv, og som tek inn over seg både utfordringane i dag og risikoen for tilbakeslag i framtida. Dette handlar ikkje om meir utgreiing for utgreiinga si skyld. Det handlar om politisk retning, om demokratisk forankring og om å sikre at likestillingspolitikken i Noreg framleis er offensiv, relevant og rettferdig. Det er bakgrunnen for at MDG støttar forslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat