Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Frank Edvard Sve, Bengt Rune Strifeldt, Dagfinn Henrik Olsen og Hilde Grande om verdensarv og næringsutvikling (Innst. 316 S (2025–2026), jf. Dokument 8:164 S (2025–2026))
Innlegget
Siren Julianne Jensen (MDG) [13:56:49] (ordførar for saka): La meg først starte med å takke komiteen for godt samarbeid i denne saka også. Vi har behandla representantforslaget om rammevilkår for kommunar med verdsarvstatus. Forslaget tek opp ei viktig problemstilling: Korleis skal vi sikre god forvaltning av verdsarv, samtidig som vi legg til rette for levande lokalsamfunn i distrikta? Det er brei einigheit i komiteen om at verdsarvområda representerer verdiar av eineståande betydning, og at kommunane som forvaltar desse områda, har eit stort ansvar på vegner av fellesskapet. Det er også einigheit om at dette ansvaret føreset gode og føreseielege rammevilkår. Samtidig er det ulike syn i komiteen på korleis dette best bør gjerast. Nokre ønskjer sterkare verkemiddel for næringsutvikling og nye kompensasjonsordningar, mens andre legg større vekt på dagens rammer og dei internasjonale forpliktingane Noreg har gjennom verdsarvkonvensjonen. Det som likevel er felles, er at saka handlar om balansen mellom vern og utvikling. La meg gå over til å snakke på vegner av MDG. Vi meiner verdsarv ikkje først og fremst er eit problem som må løysast. Det er eit ansvar vi har teke på oss, og eit fortrinn som vi må forvalte klokt. Difor meiner vi at ein går feil veg dersom løysinga blir å svekkje vernet, avgrense statlege verkemiddel eller opne for auka press på sårbare område. Verdsarvstatusen er gjeven nettopp fordi desse områda har ein verdi som går langt utover lokale og kortsiktige omsyn. Men samtidig er ikkje dagens situasjon god nok. Utfordringa er ikkje at vernet er for strengt. Utfordringa er at staten i for stor grad overlèt ansvaret til små kommunar utan tilstrekkeleg støtte og føreseielegheit. For oss handlar dette om noko anna – om betre rammevilkår, om sterkare fagleg og økonomisk oppfølging og om ei meir heilskapleg forvaltning som faktisk gjer det mogleg å kombinere vern med levande lokalsamfunn. Sterke lokalsamfunn er ikkje ein trussel mot verdsarven. Det er ein føresetnad for å ta vare på han. Det føreset at utviklinga skjer innanfor naturen sine tolegrenser og med respekt for dei verdiane som ligg til grunn. Verdsarv skal ikkje vere statisk, men det skal heller ikkje tøyast så langt at det mistar innhaldet sitt. Dette er den balansen vi i MDG meiner at vi må stå fast på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat