Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Siren Julianne Jensen om å etablere et skulpturmuseum i Nasjonalgalleriet (Innst. 335 S (2025–2026), jf. Dokument 8:270 S (2025–2026))
Innlegget
Som fleire allereie har vore inne på: Den saka vi snakkar om no, handlar om meir enn eit bygg. Det handlar om korleis vi tek vare på vår felles kulturarv, og kva ambisjonar vi har for kunst og kultur i Noreg. Nasjonalgalleriet er ikkje ein kva som helst eigedom. Det er ein freda, monumental bygning med stor kunsthistorisk og symbolsk betyding. Likevel har vi i lang tid mangla ein tydeleg plan for kva bygget faktisk skal brukast til. MDG meiner at det er eit problem i seg sjølv, for når vi lèt slike bygg stå utan avklart framtid, svekkjer vi både kulturarven og publikum sin tilgang til det. Difor blei dette representantforslaget fremja nettopp for å få i gang ein forpliktande prosess for å sikre varig publikumsretta bruk av Nasjonalgalleriet. La meg vere tydeleg: Dette forslaget handlar ikkje om å førehandsbestemme ei løysing. Det handlar om å starte ein skikkeleg utgreiingsprosess med fleire alternativ på bordet, deriblant eit skulpturmuseum. Eit glyptotek er ikkje eit tilfeldig forslag. Det er tett knytt til bygget sitt opprinnelege føremål og historiske bruk. Det er fagleg begrunna, og det gjev ein tydeleg kunstfagleg profil. Fleirtalet avviser forslaget med at det er å førehandskonkludere. Eg meiner at det er ei misforståing. MDG føreslår nettopp det motsette: ein open, heilskapleg prosess, der fleire løysingar blir vurderte, men der vi samtidig ikkje lèt som at alle alternativ er like gode. Vi veit allereie at bygget er laga for kunst. Vi veit at det må brukast aktivt for å ha relevans, og vi veit at vi treng fleire gode, tilgjengelege kunstarenaer. Det verkeleg problematiske er ikkje at ein føreslår ei retning, men at fleirtalet vel å ikkje ta ei retning i det heile teke. Dei viser til at regjeringa skal starte ein prosess i nær framtid. Men vi har høyrt det før, og imens står bygget framleis utan ei klar framtid. MDG meiner at det er behov for politisk leiarskap i denne saka. Vi treng ei konkret utgreiing. Vi treng ein tydeleg framdriftsplan og ein ambisjon om at Nasjonalgalleriet igjen skal bli eit levande bygg for kunst. Dette handlar ikkje berre om fortida, det handlar om korleis vi gjev kulturarven vår ei framtid. Difor fremjar MDG eit alternativ: ein open utgreiingsprosess for Nasjonalgalleriet, der etablering av eit skulpturmuseum inngår som ei av løysingane – ikkje fordi vi vil låse oss fast til ein idé, men fordi vi vil sikre at noko faktisk skjer. Eg tek med dette opp forslaga våre i denne saka og varslar at vi vil stemme for våre eigne forslag og samtidig for forslag nr. 5, frå Venstre. Vi meiner at Nasjonalgalleriet fortener meir enn usikkerheit og utsetjingar. Det fortener ei tydeleg retning, ein levande funksjon og ei framtid som er verdig historia til bygget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat