Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))
Innlegget
Vi behandlar i dag ei sak som går til kjernen av kva samfunn vi ønskjer å vere; korleis vi møter barna som har det aller vanskelegast. Barn på institusjon er blant dei mest sårbare i Noreg. Mange ber med seg omsorgssvikt, utryggleik og alvorlege belastingar. Når staten tek over ansvaret, tek vi også over ansvaret for tryggleiken og framtida deira. Utviklinga er bekymringsfull. Nokre barn utøver meir alvorleg kriminalitet, og fleire enn det er utsette for negativ påverknad. Difor må barnevernet ha verktøy for å gripe inn og setje grenser når det er nødvendig. MDG støttar hovudretninga i lovforslaget, men vi må også vere tydelege: Meir tvang er aldri ei løysing i seg sjølv. Gjev vi meir makt, må vi også gje betre føresetnader, med nok tilsette, høg kompetanse, tilgang til helsehjelp og tid til relasjonar. Det er ikkje tvang som skapar endring, det er tillit, stabile vaksne og relasjonar som toler motstand. Utan dette risikerer vi meir konflikt, ikkje betre hjelp. Vi støttar også at enkelte barn kan trenge lenger og meir stabile opphald. For nokon er tolv månader for kort. Då må også opphaldet vere behandling, ikkje oppbevaring. Barn skal utvikle seg, oppleve meistring og få nye moglegheiter. Difor er rettstryggleiken avgjerande. Hyppigare kontroll, god dokumentasjon og barnet sin rett til å bli høyrd er ikkje formalitetar, det er sjølve grunnmuren. Mange av desse barna har opplevd maktmisbruk frå vaksne før. Då må vi vere ekstra varsame når vi sjølve utøver makt. Målet er ikkje kontroll, målet er betre liv. Dette forslaget er eit viktig skritt, men det løyser ikkje alt. Vi treng ei heilskapleg satsing, betre samarbeid mellom barnevern, skule og helse, og investering i det som faktisk verkar: menneske, kompetanse og relasjonar. Av same grunn støttar vi også forslaget frå Venstre, om ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for bruk av tvang før lovendringa trer i kraft. Når vi utvidar åtgangen til inngripande tiltak, må vi vere heilt sikre på at regelverket er godt avvege, nødvendig og i tråd med rettane til barn og våre menneskerettslege forpliktingar. Det handlar ikkje om å stoppe nødvendige tiltak, men om å sikre at vi gjer dette riktig. Dette handlar ikkje berre om korleis vi skal handtere ein vanskeleg situasjon no, det handlar om kva liv desse barna får vidare. Det ansvaret skal vi ikkje ta lett på. Eg tek opp forslaget MDG er ein del av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat