Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))
Innlegget
Institusjonsbarnevernet er eit av dei aller viktigaste sikkerheitsnetta i samfunnet. Det handlar om barn som ikkje har det trygt der dei bur, som treng hjelp, og som treng det no. Då er den viktigaste oppgåva vår å sikre at dei får eit tilbod som er trygt, stabilt og fagleg godt. Men det er nettopp her utfordringa ligg i dag, for vi ser eit system som i for stor grad er prega av kortsiktigheit, korte kontraktar, uføreseieleg drift og pressa kapasitet, noko som gjer det vanskeleg å gje barn den stabiliteten dei treng. Vi veit at for desse barna er ikkje stabilitet eit luksusgode, det er heilt avgjerande for tryggleik, behandling og utvikling. For MDG er det ikkje først og fremst ein ideologisk debatt om offentlege versus private aktørar. Det avgjerande er kva som faktisk gjev best tilbod til barna. Samtidig meiner vi at dagens organisering reiser nokre openberre spørsmål. Når institusjonar må bruke tid og ressursar på å konkurrere i anbod, og når tilsette og fagmiljø lever med usikkerheit om vidare drift, går det utover kontinuitet og kvalitet. Difor meiner vi at vi må bevege oss tydelegare i retning av meir langsiktigheit, sterkare fagmiljø og større føreseielegheit, både for barna og for dei tilsette. Dette betyr bl.a. å styrkje den offentlege og ideelle delen av tilbodet og å leggje til rette for samarbeidsformer som gjev stabilitet over tid. Samtidig må vi vere ærlege på ein ting: Kapasiteten i barnevernet er pressa. For ofte får ikkje barn den plassen dei har krav på, og det har vore alvorlege brot på bistandsplikta. Difor kan vi ikkje gjere endringar som risikerer å svekkje kapasiteten ytterlegare. For barn som treng hjelp, er det viktigaste at hjelpa faktisk er der. Det betyr at vi må kombinere ambisjon med ansvarlegheit. Vi må klare å utvikle eit system som både gjev høg kvalitet, sikrar tilstrekkeleg kapasitet og byggjer stabile tilbod over tid. MDG meiner difor at vi treng ein heilskapleg gjennomgang av organiseringa av institusjonsbarnevernet, med det beste for barnet som det heilt overordna omsynet. Målet må vere klart: eit barnevern der barn ikkje blir kasteballar i eit system, men blir møtte med tryggleik, kontinuitet og eit fagleg sterkt tilbod kvar einaste dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat