Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Bengt Fasteraune og Bent-Joacim Bentzen om et gratis og likeverdig kremasjonstilbud (Innst. 334 S (2025–2026), jf. Dokument 8:209 S (2025–2026))

Innlegget

Denne saka handlar om noko heilt grunnleggjande, korleis vi møter menneske i livets siste fase. Det handlar om verdigheit, om likskap og om tillit til fellesskapet. Vi ser no at stadig fleire vel kremasjon. Likevel er systemet slik at kistegrav som hovudregel er gratis, mens kremasjon ofte medfører ein ekstra kostnad. Det betyr i praksis at økonomi kan påverke valet av gravferdsform. Det meiner vi er eit problem. MDG støttar difor intensjonen bak forslaget om eit meir likeverdig tilbod. Samtidig er dette kompliserte spørsmål – kapasitet, beredskap, organisering og finansiering heng tett saman. Dette er ikkje tilstrekkeleg greidd ut til at vi kan støtte dei konkrete forslaga, slik dei ligg føre i dag. Men utfordringane forsvinn ikkje av den grunn. Difor har vi, saman med SV, fremma forslag som rettar seg mot det vi veit ikkje fungerer godt nok i dag. Det gjeld bl.a. at stønad til båretransport ikkje er føreseieleg, store variasjonar i prisar og for lite openheit i ein marknad der folk er i ein svært sårbar situasjon. Vi meiner også det er behov for tydelegare krav til kvalitet og kompetanse i bransjen. Gravferdsforvaltinga er ikkje ein vanleg marknadsarena. Dette handlar om verdigheit, fellesskap og samfunnsansvar. Difor meiner MDG det er feil veg å gå å opne for private krematorium. Løysinga er ikkje meir marknad, men betre løysingar. Samtidig erkjenner vi at det er eit behov for betre kapasitet og beredskap i åra som kjem, men dette må løysast gjennom langsiktig planlegging og gode, heilskaplege vurderingar. Fleirtalet vel i dag å avvise representantforslaget. Det tek vi til etterretning. Men saka er ikkje over. MDG forventar at regjeringa følgjer opp med grundige utgreiingar og kjem tilbake til Stortinget med forslag som gjev meir likebehandling, meir openheit og at det blir meir føreseieleg. Til sjuande og sit handlar dette om noko som er ganske enkelt – at alle menneska blir møtte med respekt også i det aller siste kapittelet. (Innlegg er under arbeid)

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat