Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tone Wilhelmsen Trøen, Haagen Poppe, Tage Pettersen og Mathias Willassen Hanssen om å løse fosterhjemskrisen (Innst. 331 S (2025–2026), jf. Dokument 8:242 S (2025–2026))

Innlegget

Eg vil starte med å takke forslagsstillarane for eit viktig initiativ. Noreg står i ei fosterheimskrise. Fleire hundre barn ventar på ein trygg heim. For mange ventar for lenge, og altfor mange opplever brot, uro og manglande stabilitet. Dette er barn som allereie har opplevd meir enn dei fleste, som treng tryggleik og tilhøyrsle, og som treng ein heim. Det er positivt at Stortinget no samlar seg om fleire viktige tiltak, betre rettssikkerheit, vurdering av barn si moglegheit til å stanse samvær når det ikkje er til deira beste, styrking av partsrettar og betre oppfølging i overgangen til vaksenlivet. Dette er viktige steg i riktig retning. Ei av dei største utfordringane i dag er at barn ikkje får riktig plass til riktig tid. For mange blir gåande og vente, for mange hamnar i institusjon, ikkje fordi det er det beste, men fordi det manglar heim. Difor fremjar MDG eit konkret forslag. Stortinget ber regjeringa styrkje samarbeidet mellom Bufetat og kommunane for å sikre raskare tilgang på eigna fosterheimsplasseringar, særleg for barn med omfattande behov. Dette handlar ikkje berre om kapasitet, det handlar om at systema må fungere betre saman, sånn at barn raskare får det dei treng mest av alt: ein heim. Vi må også styrkje grunnlaget for at fleire ønskjer å bli fosterforeldre og ønskjer å fortsetje å vere fosterforeldre. Det betyr tryggare rammer, betre oppfølging og større føreseielegheit i kvardagen deira. Det er heilt nødvendig for å løyse krisa. Men vi må også vere varsame når vi diskuterer arbeidstakarrettar, for det å vere ein fosterheim er noko meir enn eit arbeid. Det er ikkje ei rolle ein kan gå til og frå. Ein fosterheim er ikkje ein arbeidsplass. Det er ein heim. Det er der kvardagen blir levd. Det er der tryggleik blir bygd. Det er der relasjonar får tid til å vekse. Difor må vi sikre gode rettar og trygge rammer utan å gjere fosterheimsrolla til noko ho ikkje er. Vi må styrkje tryggleiken rundt heimen utan å gjere heimen til jobb. MDG er samtidig tydelege på at løysinga ikkje er meir kommersialisering. Omsynet til stabilitet, kvalitet og tillit må gå førre marknadstenking. Det offentlege må ha hovudansvaret. Til slutt: For barna dette gjeld, er ikkje dette ein strukturdebatt, det er kvardagen. Det handlar om kvar dei skal bu, kven som er der for dei, og om dei får det som dei treng mest av alt: ein trygg heim. Det ansvaret må vi ta på alvor. Med det tek eg opp forslaga MDG er ein del av.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat