Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius, Jørgen H. Kristiansen og Harry Valderhaug om å innføre 13-årsgrense på kjøp av smarttelefon (Innst. 330 S (2025–2026), jf. Dokument 8:236 S (2025–2026))
Innlegget
Vi veit at mange barn blir eksponerte for innhald som dei ikkje er mogne for. Vi veit at sosiale medium kan påverke psykisk helse, søvn og sjølvbilete, og vi veit at foreldre opplever eit sterkt press fordi alle andre får smarttelefon tidleg. Det er reelle utfordringar. MDG deler bekymringane. Vi treng ein politikk som gir barn trygge digitale rammer, men vi må også treffe riktig. Difor støttar ikkje MDG forslaget om ei aldersgrense på 13 år for kjøp av smarttelefon. Ikkje fordi problemet ikkje er alvorleg, men fordi forslaget ikkje treffer godt nok. Problemet er ikkje sjølve telefonen, men i hovudsak det barnet møter der: algoritmar som held dei lenge på skjermen, innhald dei ikkje er rusta til å handtere, og kommersielle krefter som konkurrerer om merksemda deira. Eit kjøpsforbod vil i liten grad hindre dette. Dei fleste barn får telefonen sin frå foreldra. Då risikerer vi å vedta eit tiltak som ser handlekraftig ut, men som i praksis ikkje gjev barn det vernet dei treng. MDG meiner vi må gå laus på det som faktisk skapar utfordringane. Vi må stille strengare krav til teknologiselskapa, vi må regulere avhengigheitsskapande design retta mot barn, og vi må sikre betre vern mot skadeleg innhald. Samtidig må vi gje foreldra betre verktøy. Løysingar for aldersgrense og avgrensingar av innhald finst i dag, men det må bli enklare å bruke dei, tydelegare og meir tilgjengeleg som standard. Vi må også erkjenne at smarttelefonen er ein del av kvardagen til barna, den brukast til kollektivtransport, organisering av fritid og kontakt med venner og familie. Eit generelt forbod kan difor få konsekvensar for barns deltaking og sjølvstende. Dette betyr ikkje at vi skal gjere mindre, men at vi må gjere meir, men på riktig stad. Vi må flytte ansvaret dit det høyrer heime, til dei som designar plattformene og tener pengar på merksemda til barna. Til slutt: Dette handlar ikkje berre om teknologi, det handlar om oppvekst og om kva rammer vi vil gje barn i ei digital verd. MDG vil ha sterkare vern av barn, men vi vil også ha tiltak som faktisk verkar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat