Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2026 (Innst. 379 S (2025–2026), jf. Meld. St. 9 (2025–2026))
Innlegget
I finansmarknadsmeldinga beskriv regjeringa kapitaltilgangen for norske bedrifter som god. Det er ein påstand mange gründerar i Noreg ikkje vil kjenne seg igjen i. For etablert industri er det kanskje ikkje eit problem, men for vekst- og oppstartsbedrifter, som Noreg skal leve av i framtida, er mangelen på risikokapital eit stort hinder for at dei skal lykkast. Dei siste åra har det oftare og oftare blitt retta kritikk mot at staten bidrar til å avlaste risiko for norske gründerar. Kritikken kjem som regel i etterkant av at nokon ikkje har lykkast, og det er som kjent lett å vere etterpåklok. Parti både til høgre og venstre i norsk politikk har bestemt seg for å kalle det for sløsing når risikoen blir teken av staten. Det er eit mykje større problem for norsk økonomi å vere låst til råvarebasert eksport enn at offentlege midlar blir brukte til å betre kapitaltilgangen for oppstarts- og vekstbedrifter. Staten bør ha ei rolle i å leggje til rette for framtidas næringsliv, ikkje gjennom direkte subsidiar, men gjennom verkemiddel som bidrar til å utløyse privat kapital. I MDG sitt alternative budsjett for 2026 la vi fram ei løysing der delar av statens inntekter frå klima- og miljøavgifter som blir betalte av næringslivet, blir sette av til eit omstillingsfond. No føreslår vi at dette fondet kunne vore brukt til å støtte norske gründerar. Vi meiner det er både klokt og rettferdig at dei forureinande næringane som betaler klima- og miljøavgifter, også bidrar til å gjere norsk næringsliv meir mangfaldig. Samtidig unngår vi at dei midlertidige inntektene frå miljøavgifter går til å finansiere varige utgifter på statsbudsjettet. Det er innovativ og ansvarleg økonomisk politikk. Med det tek eg opp forslaga nr. 23–25.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat