Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg skal få utfordre Raudt på noko representanten Martinussen ikkje brukte mykje tid på i sitt innlegg. Det er slik at små og mellomstore private bedrifter er ryggrada i distrikta våre, langs kysten og i innlandet, og dei sikrar sysselsetjing, aktivitet og busetjing – stor verdiskaping i heile landet vårt. Senterpartiet er veldig oppteke av rammevilkåra for desse bedriftene, nettopp av den grunn. Eg har erfart gjennom ganske mange bedriftsbesøk at partiet Raudt har eit noko frynsete rykte når ein besøkjer desse bedriftene. Difor tenkte eg eigentleg å gje Raudt ein sjanse til å rette opp dette ryktet ved rett og slett berre å spørje: Kva meiner Raudt er dei viktigaste grepa vi kan gjere for å styrkje rammevilkåra for små og mellomstore bedrifter landet over?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
